Vanvit og målsak i helgja

Eg er overvettes sveitt og stirar mest utover, alt med hovudet — gryta som hjernen ligg i — kokar over og svir hjernematen. Går folkemillom og tygg liksom snus som jorten gjer med bjørkerisen. Eg segjer åt meg sjølv: «I minsto fem hundre russarar her!» — frå kampen Norig-Russland. «Og jaggu jamt like mange frå landsmøtet åt SV.» Eitt um eitt ser eg dei kjende fjesa, soleis dei kryp fram ikkje ulikt spøkjelsa i heimsøkte tjørn. Ho rinn fram og trekk meg inn. Det er eit kjent tryne frå Sunnmøre.

— «Kver hadde du tenkt deg?»

Det gjeld ikkje meg lell. Eg fer vidare inn og kampar mot svartekunstane åt kaffipusharane på kvart hyrna. Men no går vel historia feil veg. Lat oss ta til frå fyrstninga.

Det er sterke krefter attom når ein trønder gjev upp alkoholen og sum tid for ei hanga ei helg med det som jo er mest vestlendingar. Når han stend upp klokka 05:00 på ein fredagsmorgon for å fara med flyget. Når han legg burt dativen for å gjera seg forstandi åt sikkerheitsvaktom(!) på Gardermoen. Men det er som med dei kristne og Jesus åt deim. Alt for Aasen. Vi reiser åt framandt land for å spreie det gode ordet.

For resten mun venskapen vår med Aasen vera personleg. Personleg nynorsk, personleg Frelsar. Og som sume nynorskingar kom til å tala um: «Det gjaldt å få det fyrste skotet (rusen) med nynorsken» Vere det ei uppmoding åt dei med sans for lovlege rusmiddel. Nynorsken er vel ikkje reint forboden enno, utan i dei store riksavisene på www og prent.

Men d’er ikkje reint so usjølviskt som eg læst, må du endeleg vita. Trøndervêret er skræmande i umskifte og dét tidt. «Vi må nok smøre oss med tolmod, framfor solkrem, vi som ventar på våren» tala einkvan um. Det er gjævt å koma seg undan. Og mindre gjæv blir ikkje flygturen nedom. Eg blir å tala med ei frå Finnmark og ein masterstudent frå Kina um det meste som fell under ytringsfridomen. Endåtil eit godt stykke um straumkrisa, atomkreftene og den norsk fjøllheimen. Det blir ikkje likare enn slikt.

Framreisa Oslo. Utedassane åleine er større enn leilegheita mi — eit sjå i seg sjølv, utan at ein er nøgd med å tru det er for di Oslofolket er store rasshòl. For resten vart det ein gong atti helga prat og skrytord um kva for stad som hadde dei største kebabane. Bergen vann med to armslengder. Trønderen i meg ymta detta måtte vera av di bergensarane er so store i kjeften. Praten fall åt stillheit. Men nok med det! Skrivarstugu byd på den framifrå kaffien sin og kakeskive (brød) med smør. Sidan fer det åt landsmøte. Eller åt hundom, um du vil.

Kaffien gjer sitt og kveikjer trønderen frå sinnskvila mi.

Eg kjem i hug ei strofe frå Olav Nygard:

Du dreg meg gåtefullt til dine hallar
der himeldrykk i stråle-kvervlar skin,
med sfæresong og svaneånder kallar
mi jord-forkjøvde tru or dvale-lin.

Eg tek til nynning. Trøndern er vakjin, ‘n!. Med eitt slær Jamtlann-songen inn på øyreklokkone mine. Stunda blir læst til musikken og tida stoggar um litt upp, tykkjer eg. Det blir kaldsveitting, sidan slags froding med snysspyttet — det går til å lukte friskast’ frau frå Inn-Trøndelag. So stend eg plutseleg med svenskegrensa. Fantasiane um eit fritt Jemtland er for kraftige, tek over. Eg kann kje stå, eg skjelv. Men til råd finst det no endå sitjeplassar på trikken mot Ljabru. Alltids på veg mot vestkanten på austkanten.

Og snøgt er eg der. Signe kollektivtrafikken.

Fyrste forretningsdagen. Forretningsordenen blir fylgd til kuttet. Vebjørn helser inn årsmeldinga og opnar ordskiftet. Enoksen pratar so sprækt det er råd um rekneskapen — dyktigt, må vita! Sidan kjem helsingstalone.

Fyrst ut er Ungdom mot EU, dinæst Senterungdomen. Dei leider inn ein raud tråd som held fram ut landsmøtet: Målrørsla var — etter talande — meir engasjert mot EØS på 90-talet enn for reint målstrev. Det er ei metarørsle, um ein vil: Kampen mot sentralisering, vera seg språkleg eller kulturell eller politisk, og eit ynskje um å lyfte grasrota. Eller rettare: Snu verdskringla på hovudet og få ho til å taka næring frå det levande og folkelege. I dag er det vel stykkjom-til folket som hakkar på røtene åt verdstreet Yggdrasil, der rikmenner, byråkrater og riksmålsfolk sit i greinone og flirer ned på småkår.

Sidan kjem leidaren og praterar eitkvart um eitkvart, dertil um lærarutdanninga. Mange hev vel tenkt vi må møte folket der nynorsken blir ei pine, nemleg ungdomsskulen. Ein bodskap med positivt forteikn fylgjer langsmed heile vega. Jau, tala — ho er retteleg god, femfelt gonger god enn ordet mitt, men ho manglar krydder frå Telemarken. Det vantar ikkje på replikk for dét. Eg melder meg og fer upp te snakke: «Flott prat, men eg sakna Vinje i hena. So eg fær duge nok. Eit umkvæde, um eitt . . . »

«Nynorskhatarane! Det er tittelen, altso . . . » Eg les upp:

Med pennane sino dei ikring seg slær,
som einkvan, sint, gamall mann.
Og soleis dei si rose fær,
af deim, som likso litit kann.

Sidan talar andre, hjå dei leidaren for Noregs Mållag. Høvdingen snakkar åt småhøvdingane. For målrørsla er liksom ein samling høvdingar, som alle fer i kring med sitt og slær eit slag for krinsane sine. Han reiser seg, blir større enn furutoppar og kastar ut eit jotunbrøl. Og liksom jotnar talar han ikkje reint, men i likningar: Målungdomen, dei ero som den flytande stearinen i eit ljos. Dei er frie radikalar, ligg nærast flammen og gjev næring åt logen — før dei kjenner byrda på skuldrane og stivnar til med åra.

Seinare i kvelden kjem eg i vite at eg saknar sovepose og liggjeunderlag. Men det fær mone godt med frakken for ein nordtrønder, det er endåtil plussgradar utanfor. Vi et mat, driv spel og pratar um revolusjonen og trøndsk grammatikk til vi blir utasa og fører mot sænga. Eller golvet, som det gjeld ein og annan uheldig trønder.

Eg fær det vondt med å sova. Ikkje berre for di golvet kann vera litt mindre mjukt enn eg helst lika, men au for di eg er uroleg for godteriskåla på talarstolen. Sume tek meir av hena enn godt råd er. Sukkeravhengigheit er no ikkje eit gode, men til lyte.

Andre forretningsdagen. D’er frukost, d’er kaffi og d’er sidan handsaming av arbeidsprogrammet, i minsto ordskiftet føreåt. Budsjettet kjem upp att og fråsegnene blir dinæst melde åt forsamlinga. Det blir mykjen pause imillom og vi blir nøydd til å gjera upp tida med song og soleis. Jamvel trønderhøvdingen Hans Rotmo er å finne i tekstbolka, kor som varmar trønderhjarto, di vestlendingane faktisk greier å herme etter tonelægjet.

Det slær meg at noko må vera i gjerdom. Eg ser syn um litt, av store trønderherar stelte ratt uppmot Storli. Skjegga deira speglar seg i myrvatn og blir slags skjold mot augo åt einstirande svenskeramp. Men det er ikkje ekte, det veit eg. Trønderar slæst ikkje på helgardagar. Men bilætet er sterkt nok til at det held ved, og eg går stammande resten av landsmøtet. Kann hende var det søvnløysa eller kaffien som gjekk til å slå hena i hel.

Det kjem til endå nokre talor, dei au vituge og kloke. Hege Myklebust snakkar um ein nynorsk utan idealer: Kva kann nynorsken gje dei som snakkar likare og likare bokmål, um nynorsken berre var for talemålsnærleiken? Ho fær replikk mest frå austlendingane, som er samde og ausar kjensgjerningar utor alt dei hev røynt. Jaggu hev nynorsken noko for alle: Ein meir munnleg stil, utan substansjuka og perverse passivkonstruksjonar. Og trivelege dikt. Kaffien er ikkje heilt dårleg, han helder.

Det blir middag og minikonsert. Nemndsarbeid fylgjer og går likare til enn ein skulde tru. Eg slær um døgnet og sit uppe åt klokka fem med sælt folk. So kjem endeleg søvnsvivet i fire timar.

Tridje forretningsdagen.. Alt går so radt no, må eg segja. Her er det ingen ruskomsnusk eller usemje. Framlegg inn, fråsegn ut. Det blir rudd og vi fer inn mot Grønland att. Æventyret er ved ende for herne gongen.

Kall pao fjell — Rit tvo

Nokre vismenner sa eingong: Fær du to målfolk på sama staden, fær du med tri syn på kva nynorsken skal vera. Og du kann ta deg gift på at ordskiftet alltid kjem, lell um du trur det berre er vanlege folk du sit attåt. Personleg skal venskapen vår med Aasen vera, just som det er hjå dei moderne kristne og venskapen deira med honom Jesus. Snøgt fer vel nynorsken inn i blasfemivernet andre religiøse so lenge hev noti godt tå.

Men gripi tå det veldige fjellutsynet er det lett å koma på hine banar. Eit anarkistiskt utsyn over nynorsklandskapet. Rosa Luxemburg sa det vel best: «Eg vil ikkje ha revolusjonen din fær eg ikkje dansa» Og likefullt: Eg vil ikkje ha språket ditt, um eg ikkje fær ha det gøy au. Det ligg ikkje til med skort på moralistar elles i samfunnet. Statsfetisjen åt vestlandske målfolket — tvangslina — dreiv ut den fredelege lina åt trønderane, der det galdt å spreie det gode ordet. Evangeliseringslina kan ein kalle det. Ei kraft med positiv forteikn lyt det i alle fall vera, ikkje ei som støyter folk undan.

Det fær gå med praten og fort over på noko mindre keidsamt. Eg føler meg litt zen. «Høyrt um ‘n munken?», segjer eg. Mundalen stirar litt rart: «Nei, koss med han?» — «Nei, altso stod han der i butikken og trekte fram ein pistol. Seljarinna vart reint forskræmd. Og ho spurde: «Kva var det med den indre freden din? Trudde du var god, eg». Og kva trur du munken svara med?» — «Det sku eg’kje vita noko um, dessverre. Kva då?» — Det blir kjeftstilt ei lita stund, og so fer eg fram med praten att: «Nei, he-he, han munken sa: «Våpnet er min indre fred», sa han. Jaggu!»

Bælstygt å sjå til, detta. Ein prat på siste krampetaket — men Mundalen veit råd og slær upp stemninga med prat um traktorar. Traktorar er ålvorlegt emne for bygdafolket. Viken heng stødt litt attom og let det fara um moderne, framifrå dassteknologi: «Toilet som handsamar fleire tonn avføring i minuttet. Her kann berre politikarane koma med skiten sin og rive laus som i ein valkamp.»

Gudbrandsdalen — science fiction. Hyperdassar på dei øvste fjelltoppane, det må vera eit sjå for forfedrane å gle seg over. D’er forresten litt artigt, for når du fer upp langs turiststigen, ligg det små kamuflerte lappar på bakken. Dei set seg faste på skorne dine og segjer eit og anna um handelsvegen i umrådet: «Tannkrem for troll» . . . «ATV-er til leie for alle turister» . . . «Kosher-vin på Polet framåt sundag!» — «Jippi, vin! Jau, eg lika jødane å eg», læt det frå Viken. «Jau, sanneleg lika eg dei, men best som levandes, ikkje sprøsteikte».

Vi kjem um ein fram. Her skal det bli! Her skulde det heile byggjast. Utedassen, altso.

Kall pao fjella — Rit éin

Stundom kjem ein imot følk som sit der og svinn burt atom for atom — sit soleis midt til millom alt som skjer at eine krafta utliknar ho andre. Resten gjeld kvantefysikken og dei uransakelege vegene han fører til. Reint poetisk er det heile midt i Dovre, eit fjell stødigare enn politikarane som sver truskap til det. Her hev krokute snikane vettershyttune sine, med TV og WC og PS3 og kva anna som slit på elektrona — stakkars trælane. Men utan skakinga som elles er, kom det aldri til at det gamle fall ned og vart knust. Det vart ståande uppå øvste bokhylla, med lag attåt Bibelen, Fantomet og Snorresoga. Folket her er merkelegt, uverkelegt mesta — som frå eit æventyr eg aldri fekk høyre som barn. Og likso vekkjer det barnet i meg att, he! gutestrekar — kor eg fær lyst til å føre fanskap å nyo. Men eg svik inkje embedet mitt som skrivar og fraktsmann.

Midt i ei brenne ligg hytta og kviler reint lætt. Kaffistugu. Du luktar det i lang veg, og detta er vel godt nok, di du hev lengta for kaffi minst dobbelt so langt. «Læt upp døra», læst eg som døl frå kjeften. Og ho fer upp og synar meg ei gjente fager og med augo sortare enn brunsteinen. Det er som å sjå Valdres i full livsvokster, med Bambi vandrande i krinsen og ingi fæle jægarar på lur. Attåt stend Anne Viken. «Kor e dasslåkke?» Ho fer ikkje med frekkheit; ho er fjell-landsgründer utan reservasjonar. Nokoleis.

Det segjast um dei som slær seg ned på fjellet, at dei er meir galne enn folk flest — endåtil so-mykje-meir enn dei på Gaustad og Løvebakken — og på viddune. Og nokre er so langt utpå viddune at ingi reinsdyrcowboy kann hente dei inn att. Ikkje soleis, eigentleg — med meg i minsto. Eg likar berre kaffien min utan eksoslukta attmed. Noko skal vera sakralt, endå det ligg mykjy skit attom. Kaffibønene mine hev sikkert rulla kring i geitemøkk, just som dei kristne og muslimane drap i veg for sitt. Men ingi vituge folk vil klage på at kyrkja skal haldast rein, og eg går god for uskjemd kaffi. Det fær no vera fred um det!

21 hipsters er der ved eit bord. Tjukke brillur, tunge er dei vel au, utan at dei dug meir enn eit vanlegt vindaugsglas. Espresso hjå dei, sjølvsagt. Ufiltrera økologisk øl som smakar meir av frau og lêr enn furu og bringeber. Business. «Dei sit no der og læst seg so smarte», segjer Viken. Ho er ramsalt, men au salt gjer seg godt til maten. Vi sippar svart kaffi, slik bygdefølk stødt stend so herdugt inne for. «Kaffiskål!» Det fer ein runde langsmed bordet vårt, hipsterane kjem med sidan.

Lausprat riv ein stødt til med. Det fær gå, vi er smågalne — knapt smålåtne — og brukar dei eldste og mest esoteriske orda vi fær frå dialektane våre. Det går fort daudt med mitt: «Stuppurn hi ittj vætt, løtt ittj farra nåless pao isa om’n ittj e så ferrbistrandis frossi såmti.» Rett nok hentar vi upp dei orda vi kann semjast um og utviklar spontant ein slags salat av svensk og trøndzk. Og gjev upp og går att til norskt. «Ein million åt luksus-utedass, jaggu!» — «Ja, veit. Men koss sku eg nekta?» — «Det vart med moralen, ja, dobbeltmoralen. . .» Eg trekkjer pusten sakte, liksom for å gje litt stemning over det eg segjer: — « . . . det er lell dobbelt so bra som vanleg moral, dét.» Greipmannen, ‘n Mundalen, riv inn eit ord: «Just dét!»

Og fort vart vi ute. Ordspela haglar jamt: «Skyskiting! Ekstremdriting!» Det gjer seg betre um dialekten din ikkje hev berre eit halvt tonefall liksom min. For dei under fjellsola er det ikkje meir ly enn skuggen åt andre. Ho stend høgt, smell på seg sjølv og kastar ljos på dei vonde sogodt som dei gode. Vi er alle menneske no, eller i alle fall lukkelege hyklarar, under ein open himmel læstsom farga raud av helveteseldane. Eg tygg stødt, bannar med (eller mot?) meg sjølv og sender snusråke frå kjeften mot vegsida. Nokre fer hos-sæte og freistar halde takta åt min, just som vi fer lengi og lengre upp vandrarstigen. Ein vindhenning stend og blæs i vinden. Midlandsmennane græt yvi poesien i di. Det er ei stund . . .

Det fer med straumin

Eller kann hende mot. Det glapp eitkvart utor kjeften åt ein —. Draumane om eit fritt Jamtland fekk liksom fara fritt, og rommet stod til applaus. Ein gnist var tend. Fyrst kom låtten, og med han — så kom ropi sidan. Ei flamme breidde seg over frå eine hysteriske gliset åt det andre, brann ned i ryggbeinet og sette sjeli i kraftig loge. Og smellet brekte opp storkjeftane, så dei let laus veldige glosor om svenskeåket og EU. Og vasskrafti som var der! Hydroverki deira som flørta med kalde trønderarheimar over grensa, med vi sende straumen mest åt kontinentet. Det hang ikkje på grip i det heile, detta.

Eg såg meg i kring eit rom eg ikkje hadde kjent att tidlegare på kveldssætet. Det var som å sjå til nytt folk, men ein vart liksom vonbroti, for detta var eigentleg folk ein meinte å kjenne godt. Eg skjøna då at eg berre kjende ein haug med steinar — ikkje rettelege folk, såleis. Trykket i rommet tok til og sprengde vindauga sunder som når ei torebyge slær ned rett ved. Steinskrottane stivna til, heiv tå lag på lag med granitt og strøydde kringom med kvarts. Det vart litt som om helvete flytte seg eit steg opp og koka dei i hel. Vanvitet! Og utor dei sprukne kroppane steig det kjempar, liksom jotunen, spræke og høge som alle dei ambisjonane eg hev sett gå under for tidi og finanskrisa. Dei kauka, jau, mest brauta eitkvart slags kjempemål — som om ingen av dei andre eigentleg skjøna kva dei andre sa.

Det vart om eitt stillt. Men berre med det, og hoingi tok til att, likare enn før og kraftigare. Troll spelte opp med fela og heia opp Gamal-Sjur*. Noko bryggja, utan at det eigentleg var så lett å fatte det med det gjekk til. Golvet brast — ein jotun reiv det opp. Dei grov og grov, som arbeidsmenner med dei hyla og skreik som berre galningar gjer. Så tok dei til ro og kravla ned til avgrunnen. Invasjon av Jemtland med underjordisk tunnel vart det. Visst var det norskt. Jamtland ævi vera fri. Fuck Svearike.

* Djevelen, eldre trøndersk.

Junkyens merkjelege stund

Vi sit på ei liti flis — jordi heiter ho — med eit likande glis. Og stutt — ser vi ut, ser vi ut? I verdsromi der stjernane heng — deim fell millom einannan og lyser oss heim. Og heimen er flisi vi kalla i stad, og nett herne gåta — ho gjer meg glad.

Eksosen svid liksom litt bak i halsen.

Det er ein junkys svivande og æventyrlege draum, mot det som elles er marerittet han flyktar frå. Den regnboga av fargor som let ljoset bryte gjenom det hóle skjelletet hans. Ein fell til ordspel i ein herleg rus. «Babylon? Eg fer held’ åt Badelond.» Hovudet veks hundrade gonger sin eigentlege storleik — vaks kann hende meir enn det au —, opnar seg, smell upp! — vert ei krypt du kann utforske. Og frå grottetakjet heng veldige dryppesteinar, stalagmittar tå eit ego som smeltar og sidan stivnar til. Det glinsar med krafti åt eit heilt univers — eller nøyaktig éin junky. Han stendt midt i det, er ein nøgd med å tru, men vi kann berre gjeta sovori. Og med eitt er rusen forsvunnin, men junkyen stend fast i augneblinken. Blikket hans surfar dei ævelege tidom (tidene), ned tidsbylgjone med pyramidane og flygande romskip og apokalypsen og forvonleg frelsa.

Smerta finst ikkje. Nei, likeso gleda — inkje finst. Alt er berre alt ein vil ha, det gode og det vonde med. Mennesket veit ikkje kva dei vil ha og dei kann heller ikkje vilje det dei vil. Soleis er til å gruna langt og herdugt um.

Himmelkvelvingi lukkar seg. Sprøyta vinn ikkje å bli kald eingong. Det fær verta eit skot å nyo.

Or vegji, jævlar!

D’er såleis det er. Du veit korleis ein kastar seg ut i tidi og rid på ungdomsbylgja og vonar alt fer godt? Ein surfar gjenom detta med eit milebreidt dritsekk-glis og let gamlingane gå under for tsunamien. Rått er dét, å sjå når livet spring åt liv og veks over seg sjølv. Sidan fell bylgja til ro og trekk seg attende. Og du er nøgd med å tenkje yvi kva i alle dagar du hev vori med på no.

Såleis blir det eksistensialisme tå. Alle snakkar om at Jeppe drikk, men ikkje om kvifor Jeppe drikk. Eg drikk, derfor er eg til – eller drikk eg fordi eg er til? Moshpits, festar åt ni på morgonen og lange vandrartrekk åt eit eller anna nachspiel. Ungdomen vandrar visst ikkje mot der dei nye løysingane ligg, men kvar det finst alkohol. Men av alkohol blir det spel, og av spel blir det oftast ei eller onnor løysing lell.

Kann hende samfunnet berre er ein spøk som gjekk liti langt?

Det var no i minsto tid for å skrive brev åt honom far. Sjølingen likar å få brev, må vita. Det står til nokoleis, eg gjer på såleis — bla, bla! Pennen ligg fatt i handi og blekket kaukar på å få renne fritt — fritt som reinflokken, fritt som ei elv. «Hei, far, arbeidslivsnyltar! Eg ventar framleis på at du skal pensjonere deg, såleis at eg fær meg jobb.» Men jæja.

Det er noko eitkvart grått over det heile. Bakrusen heng att frå ei tid du knapt var der. Det vil seia, du var der, så vart du plutseleg endra — og gjort til noko nytt. Så stod eit nytt du der og maula på snus og banneord, slik ungdomar gjer.

Kvelpar er søte, men dei er ikkje like søte når dei stend utanføre døri di — attåt fem væpna politimenner. I hjarta alles ligg spira åt det gode. Og tek du ho bort, veks du til ein hól kjøttskrott — ein empati-bulldosar.

Eg sku ynskt eg kunne snakke i fargone — mange dei! Men menneski, vi er nøgde for svart på kvitt. To fargor berre og reint åleine, som to kvister der det skulle vori ein heil skog. Ein buddhist spurde meg: «Om eit tre fell i skogja, og ingen er der, lagar det då ein ljod?».

«Men, du — lagar ein revolusjon ein ljod om ingen høyrer han?»

Noko i likninga fell bort, må skje. Eg er ungdom. Høyr mitt nonsens.

Or vegji, jævlar!

Å leva med å eta (omkvæd for skulen)

Tidi då korsettet var mote er mesta gløymd – ei daud, støvlagd tid, liksom gøymt inst inni skapi åt Riksantikvaren. Kan hende vil vi ikkje hugse ho, sidan ho var stygg og full av brekte ribbein og rein liding for fagerdomen alle vil ha. No er det sikkert annleis. I dag er folki frigjorte – ordnar med pengane våre sjølve, utan innblanding frå overmakti. Alt er friviljug, og han som går mot fridomen, han går mot verdet åt individet.

Men så er vi der att. Værslet dirrar liksom, som om det er eksamen og svetta renn ned studentskolten. Ho tek seg varsamt over bringa. Skritt fram og så attende. Det kan ikkje vera så. Jenta slær ut eit gisp og stirar daudt inn i eit nervøst, stille rom. Ho har funni noko vondt — noko tyngjande som gror på ho. Det er verre enn ein kreftsvulst. Det er ein klump feitt.

Modernismen vår går god for silikonbryst, feittsuging og injeksjonar med Botox – like godt for menner som for kvinnor. Så langt har i alle fall likestillingi komi. No ber alle korsettet under huden, som Solveig Aareskjold skriv så sprækt i «Amalie Skrams tvangstrøye». Det finst ikkje råd for at ting går att. Fagerdomsidealet er ein gjengangar, eit slags spøkjelse som rid gjennom verdi og herjar for ungfolk like godt som for dei gamle.

I minsto er det no likestilling. Det er ikkje berre kvinnfolki som lir for idealet i dag. Unge menner skal bera sekspakning på magen og ha skuldrar breie som låvedører. Kreatintilskot er eit must om ein skal bli ripped, og ikkje heilt få treningsprogram lovar 200 % muskelauke og 80 % feitt-tap etter fire vekor. Sånn sett er det ikkje merkeleg at vi høyrer fleire og fleire rapportar i media om anoreksi mellom unge gutar. Det er eit teikn i tidi.

På hi sida skal kvinnfolki vera spinkle og tunne. I reklamebransjen er retusjering utbreidd, kvar dei tek bort det som det er for mykje av på modellen. Meir enn 3 % kroppsfeitt? Bort med det! Musklar på armane? Huff då, bort med det! Stundom går dei det litt for langt, eller gjer det reint klønut, slik at hovudet åt modellen ser urimeleg stort ut. Det er også eit teikn i tidi: Vi ser mindre og mindre ut som menneske, meir og meir ut som Bratz Dolls.

Endå går utviklingi i veg. Det skjer i ei rivande fart, og det er heller uklårt kvar målet eigentleg ligg. Lady GaGa steller seg i nyaste rekkja av merkelege framvokstrar. Motebiletet er absurd, oftast provoserande og alltid veldig, veldig naki (nakent). Ein er mesta nøydd til å kalla det for ein slags fetisjisme, med klår vekt på isme. Det er eit salspoeng. Ho vil vera så ser som mogleg for å selje meir, og med sit fansen hennar og tek til seg det heile. GaGa er vår Marilyn Monroe, og i likskap med Monroe, så fremjer ho eit kroppsideal som er umogleg å nå. Det er rett og slett for tunt. Berre at det no er litt meir absurd enn føre, litt som om moderniteten er rusa på noko – eller seg sjølv.

Det går sjølvsagt å gje somme skuldi for herne utviklingi. Somme meiner ho høyrer til dei homofile. Dei lagar visst nok mote for syltunne og lite feminine kvinnfolk, såleis at dei ser ut som unge mannfolk. Andre meiner det er reklamebransjen. Einkvan meiner nok au det kjem av pornografi, eller kan hende «den jødiske sodomiundervisingi» åt Arbeidarpartiet (Geirr Tveitt om seksualundervisingi, parafrasert). Lell er det vanskeleg å sjå kva godt som skal koma ut av ei slik heksejakt. Såleis er berre teikn i tidi, dei med.

For det var altså dette med teikni i tidi. Kva tyder dei? Står vi no ovanfor ein revolusjon imot feminismen? Då må vi fyrst lure: Vann eigentleg feminismen over samfunnet? Nett i Noreg er ein nøgd med å tru at kvinnerørsla fekk gjennom kravi sine. Dei stod med parolane og krav jamstelling, fridom for kvinnfolki og dekonstruksjon av patriarkatet. Det vart ein stor kamp som gjekk over mange tiår. Men sigra dei i strevet om samfunnet?

Det siste hundreåret har vori merkt av ei rivande teknologiutvikling. Ein kan faktisk hevde at det var vaskemaskinar, ikkje opprop, som fekk kvinnone or heimen. Meir effektiv transport gav oss daglegvarebutikkar, som att søkkte småbrukarsamfunnet. Det vart ei stor omvelting av samfunnet, og sidan fekk vi barnehagar og barne-TV. No sit dei – kvinnfolki – i arbeid, med borni er i barnehagen og mannen sit føre TV-skjermen. Det kan altså vera at feminismen ikkje vann lell, men marknadsøkonomien – i lag med ein feministisk retorikk.

I så fall lyt vi spørje: Kva var då frigjeringi godt for, eigentleg? No er kvinnfolki mesta frie, så fort dei fær likeløni si, og mennene har alltid vori sjølvrådande. Og såleis vart alle frie – men i hovudsak frie forbrukarar, og framleis under krefter større enn oss sjølv. Og marknadsøkonomien krev nok eitkvart offer på altaret: Vi outsource-ar sjølvverdet åt næringslivet. Det er ikkje lenger støpte former vi kan gå beint inn i. Det er derimot eit veldig rimeleg tilbod om 50 % feitt-tap, og vi lyt ikkje seia nei til såleis.

Hittil har eg kan hende vori litt sleim og sikkert urettferdig mot somme. Vi mun aldri gløyme at ei samfunnsutvikling skjer med mange partar. Her finst det au polar som går tidi imot. Fleire motemagasin, til dømes Vogue, tek i bruk fagre (kraftige) kvinnfolk for å syne fram nye klede. Dei fyller kleda ut, er argumentet deira. Det ligg kan hende noko der. Raud Ungdom vil ha obligatorisk merking av retusjerte bilete, just som ein finn på tobakksprodukt. Eit dårleg sjølvbilete kan vera minst dårleg for helsa, meiner dei. Nokon kallar det eit inngrep frå det offentlige. Men på hi sida blir det eit heller eit lite inngrep i høve til reklamemengdi som elles skyller innover oss frå dag til dag. Slike ordskifte må nok til i vår tid.

Det er også slik at marknadssamfunnet har opna nye høve for mange. I Kina stig milliardar or fattigdomen, og i lisle Noreg skryt vi sprækt av klassemobiliteten. Ting går ikkje alltid mot det verre. Amalie Skram skreiv om dei usynlege kreftene som styrer oss. I det gamle bondesamfunnet var ein nøydd til å stå der ein vart plassert, i eit klassesamfunn likeså. Og nett klassemobiliteten har opna kan hende aller mest for kvinnfolki, som no ikkje lenger er bundne åt gardsstell, men kan gå karrierevegen. På herne måten er dei langt friare.

Den ævelege problemstillingi vi eigentleg stend ovanfor, er kven vi skal vera som einskildmenneske. Marknadsøkonomien har si løysing: individualismen og draumen om sjølvrealiseringi. Bondesamfunnet hadde ei anna, der ein var som støypt i stein. Båe løysingane verkar på måte uturvande (udugelege). Marknadsøkonomien er ikkje for dei fattige, og bondesamfunnet er ikkje for dei dynamiske. Er det mogleg å bli verkeleg fri?

Såleis finn vi det eigentlege spørsmålet: Blir ein – eller kan ein bli — fri som einskildmenneske? (enkeltmenneske) Vi er jo ikkje berre individ, men vi er no nettopp det au. Vi er fødd inn i fellesskapen, men fellesskapen kjem også frå oss. På ein måte vil vi leva i fred, men samstundes ikkje i korso som helst fred. Menneski er samansette som fy, dei.

Det ser nok heller ikkje ut til at vi fær svaret med det fyrste. Det er ikkje råd for anna, di det må skje ei utvikling før vi veit utfallet. Det er lettare å vera klok på ettertidi enn framtidi, for tankar om framtidi tykkjest oftast vera litt for gjæve. Vi vart lova fridom, men vann han ikkje likevel. Kan hende er det ikkje råd for å vita kven vi er, når vi aller mest er?

Jord og jarn — jol å jann

Nidaros 14/01/11 — Frå Trondheim renn vassdropone, tårone eller kva du skal kalla dei. Det er litt som å sjå til ein bekk, eller ei demning med kulehól i seg. Blir om stund til større flaumar, renn meir, vaskar landskapet fritt for skit og minni frå manneslekti. Så støyter vellingane inn i jarnporten — og blir der og rustar i lag.

Nett blodet og jarnet snakka ein sprækt om for somtid attende i Tyskland — den tidi dei hadde barske uniformar og det heile. Blodet fall sidan frå. Nasjonalstaten vart til borgarstaten og definera om til eit monopol på valdsbruk i eit avgrensa geografisk område. Og jordi og jarnet stend såleis att. No blir Maria Amalie kasta ut or landet. Vi, borgarfolket, finn oss ikkje i detta.

Det er overvettes kaldt, barsk vêr liksom ein vind av menthol. Eg reiser kollektivt og faldar tankane mine med eg sit. Einaste varmen du fær er frå bussen, femtan minutt forsinka — men lell med godsyn når han endeleg kjem. Eg hev levt berre sånn halvvegs den siste tidi. Tjuvsøvni tek opp dagane mine og slepp meg ikkje før nottetimane kryp på. Eg blir rett og slett rana for dagstimar.

Have you seen pastures groovy? Green Pastures was just a Technicolor movie.

Eg kjem åt Torgålmenningen 17:01. Her er det mykji folk — her er det minst tri-hundre, eit retteleg godt tal for Trondheim å vera. Eg tenkjer kor rart det er å kaste ut ein person som snakkar trøndersk. D’er mange som elles skulle fori — hovudstups — ut porten åt Ladejarlane. Og så byrjar dei å kaste ut ord på ord frå tribunen. Ei slags stump klapping tek til, rik på bass frå vottone som slær mot einannan. Ungdomen frå Amnesty gjev eit godt og rungande ord, likeså ho frå Norsk Folkehjølp og Guri Melby frå partiet Vinstre. Og så . . .

Pang.

Skjer det reint store! SOS Rasisme fer opp den lange tribunen og talar. Den reine stilla herskar ei stund, men så smell det ei djup, sosialt medviti folkerøyst. — Stat-leg ras-is-me, stat-leg ras-is-me! Trampingi frå publikum tek til — detta blir vilt! — Meld deg inn i SOS Rasisme. Vi med gode holdninger skal ta makta nå! Så vart det til støveldans, og bodi opp med lut og til fans. Ein kar frå Studenterforbundet åt Høgre freistar tale, men fånyttes. Vilja er borte; egoet mitt var tapt i klimaks og eg smeltar liksom inn i fakkeltoget. Folkepakken renn ned frå Torget, langsmed Vår Frue Kjirke og vidare åt Studentersamfundet via Bakklandet. Der tenner vi eit stort bål! Galskapen veks meir, dansande som hekser kring bålet, dansande kring frifondmidli åt SOS Rasisme. Vi ordskiftest høgt, pratar om det nye mennesket og kva som skal koma med vår nye tid.

Hylande som nokre stammefolk utan asylhøve.

Såleis gjekk det til at Marie Amalia fór ut or landet vårt. Vi vart alle galne.

Det vart med vinen

Og eg kom til å tenkje yvi verdi på høg- og lågsida. Det var så mykji å sjå no til dags — alle desse syni som låg rett føre oss. Eg lista opp: utsyn for utgifter i staten, statleg innsyn, statleg fjernsyn, bjartsyn for økonomien, frisyn og kva det ikkje no sku vera! Og det var mesta så eg skjemta åt honom Martin om detta — eit teit ordspel, du veit, «fri—syre». Men det vart ikkje med meir enn tanken, for vinen stend i vegen for kjeftbruken lell.

Beini hans bar alkoholen nokså bra — Martin gjekk frametter og attetter, togg på eitkvart som sorts til filosof. Noko klokt skulle renne frå den kjeften der, tykte eg — vona eg i alle fall, for Martin var skræmande til stille kar for tidi. Han måtte i alle fall bli snakkande snart, elles vart eg det.

Ikkje noko prat . . . Klokskapen må berre våge koma no.

Men han kjem ikkje held.

Må vel opne kjeften då, og nemne eitkvart. Du veit, desse ideane du fær.

Dei vakre ideane some tek liv . . .

— eller dei stygge ideane som ikkje tek liv, held deg i livet og pinar deg ut som eit dyr. Det er dei som driv verdi no om dagjen. Såleis liver eg her i byen — dregi mot der, dregi mot detta og herne og langt bort. Var eg muslim, ville eg ynskt meg til paradis no; som kristen, åt himmela med honom Jesus. Det er bylgjor med sal og tal rennande nedyvi heile byplanet. Du ser dei griske augo, rusa på gryn og stirrande daudt som ein heroinist inn i deg. «Detta er ein tom skrott, eigaren hev forlati honom for lengi sidan», tenkjer du. Og Nietzsche kastar ut eit kvelande rop frå botn av bylgjeskvulpi til sjelslivi: «Når du stirar inn i tomromet, stirar tomromet au inn i deg!»

Kva du tykkjer om detta, Martin? Er eg heilt gælin, hæhaha?

I denna augneblinken slær det meg — Martin er daud. Det vil seia, han hev aldri vori levande. Han er ein kleshengar. Eg drikk åleine, eller om du vil — til lags med eit stykke kopartråd. Eg veit ikkje kven av oss som kjem mest til skams — han eller eg. Tenkje seg å lure meg heile tidi til å tru han var vandrande menneske i kjøtskrott og hadde nett dei sama interessene som meg.

Fy fan, eg er lettlurt.

Tri småsogor i eitt

Omkvæd av tvo gømle, sidan det er høgtidir og det heile. Heppi jol og nyttår!


Karma? Det må vel ha noko med dørkarmar å gjera, vel? — Far min.


Vokkostad var plassen for meg. Inst inni ein fjord låg femtan småhus og kvilde, løynt frå skjebnane til dei andre på kloten. Og kann hende like rett — i motsett retning. Vêret i grenda var rettelig slemt for folk flest, om ikkje folka her var verre sjølv. Harde som mursteinen og omlag like fast stod dei der og slikka saltvatn. Skogjen femna seg livrædd til skrentom langs vegen dit, og som oss var han nok liti urolig for fallet. Tidt rann vegen ifrå, og ein vart nøgd med å ta til båts for å gjera føringane med mat og nyfolk.

Her budde eg, far, mor, litlesyster mi og fleire dertil. Millom dei femtan husa fantist det eit felleshus, sjølv om ideén vart sett på som liti rar i starten. «Vi går då berre inn åt kvarandre reint elles», meinte Peder — som forresten var fiskar. Men fellesstugu vart det til, for vi trong såleis for turistane og for nottverden. Altarvatn var kaffivatn, og omvendt — det heile avrenn frå fjellet som kverver krinsen. Med tida vart det også eit slags skulebygg og ein bygdekino. Ålmanshuset var godt for det meste ein gjorde i lag, endåtil bygdefestar — og formaningane om synd som kom etter.

Livet i grenda gjekk føre som dei fleste andre småstader. Allemann læst liksom som dei kjende einannan, og det gjorde vi vel på vis. Attom prateringa stod vi stundom og skula på dei hine. Ein gong fór eg langs fjøringa og såg etter eitkvart eg hadde mista. Der råma eg på honom Andersen, og brått kom kaffibodet: “Kom, så praterar vi og drikk liti kaffi, så du fær vita meir om” — eg kjem ikkje i hug kva — “hos Martinsens”. Det var ikkje råd for at det vart liti kjekling imillom naboar frå ei tid til ei anna, om ikkje noko så ilt som svartsjuke.

Du veit kann hende ikkje korleis naturen er. Det er mest kaldt! Somme år derimot, men eg veit av undantak, slær somrane til. Då blir det livut, friskt vêr og breidt med folk og pengar langsmed heile krinsen. Søringane kjem for å sjå Iskongjen, isbreden som herskar over alt livande og døydt i Vokkostad. Det strødde ikkje mykji kronasje på oss for dét — di vi aldri tora oss opp åt honom. Men brækbyggine kom og stelte til med klatrarar, som tok til å trave dei gamle stigane opp til bredalteret. Vi kunne på hi sida by på mat — i grunn det meste under himmila (slik vi såg det), men i hovudsak flatbraud og det vi fekk ut av geitine våre.

Det heile var ei lukke for bygda. Vi kriga lengi etter fridomen, å bryte opp dei nedervte kåra for oss i Vokkostad. Ein såg åt byfolket og vart fort var dei hadde noko meir. «Det skal bli inderlig godt å koma or fjorden liti» tykte eg ho mor sa tidt. Det var vel noko i det, sjølv om eg aldri visste av anna. Eg gjekk heilt åt geografi i andreklasse og visste heller fatigt om kva det sku vera utanom Vokko’. Derimot visste eg av mange løynde fjellstigar og kvar ein fann mest molt. Det gjekk sport på såleis.

Iskongjen var veldig, eit mektigt utsyn som lét til å batta søringane like fast som oss. Breden var sprækare enn kvantekreftine og kunne kvervle vatnet i fjorden som om det var eit liti glas vatn. Stundom vart ein og annan så tekin av utsikta at dei såg seg nøgd til å flytje hit. Alle — serlig grannane Martin og Marie — vart sjølvsagt glade for såleis. «No vart det då retteli’ dugande folksliv her!» Men ikkje honom far — han vart aldri nøgd når detta skjedde, endå han var den med minst svartsinn i grenda. «Dæm må ikkje koma hit og tru . . . », sa han stødt, stirra mot Iskongjen og gav opp ordskiftet. Eg skjøna aldri heilt honom far — før seinare. Det gjorde ingen andre heller, og presten Olav kampest hardt med far om å få han til å tru på forandringa. «No kvædar vi ein ny livssong millom desse dalom» tykte Olav. «Då lyt de ikkj’ syngj’ ei så toskut ei vis’» fekk presten til svar.

Far kom i rein unåde for låg-gnålinga si. Men det fær vera til eit anna rit.

Med åra tyktest nok presten få rett. Det kom og gjekk med livet i grenda — likeså det gjer elles i verda. Men triårssomrane kom og rann bort, og folkeflaumen bringte med seg kronor åt ny TV i fellesstugu. Nyfolket kom, vart grannar med tida og tok til seg dialekten. Stundom såg Gud over krinsen og unna oss eit livsmirakel, og borna og andre livsvokstrar forma livsutsynet hos dei fleste. Det gjekk likare no enn det hadde gjort på fleire tiår, og vi smilte breidt åt Iskongjen. Han var feitare no, monaligare enn elles og fanga turistane som flugupapir. Far kunne framleis ikkje semjast med utviklinga som vart, men heldt fram med føringane sine over fjorden.

Så skjedde det noko. Mor bar fram litlebror min til verda, ein fødsel i grunn utan lyte. Ein dag vart ungen plutselig sjuk, rettelig klein og mesta tykt svikta tå livet. Stilt vart det i heimen, for alle for ikring og tenkte på det sama, og barnet laga ikkje til éin einaste lyd sjølv. Grannefolket gjekk i forbøn åt forfedrane — til stor fortviling åt presten, men sjølv der sprang protestantvitet bort. Heile stedslyden var reint desperate. Men brått ein dag kom det ein mann, ein nysgjerrig kar som heitte Eirik. Mannen var lækjar på fastlandet og fekk skipa medisinar åt Vokkostad. Med vikone vart barnet friskt att, sprudla liksom med liv og grein som ein frisk unge gjer. Far endra seg liksom, og såg plutselig meir og meir godt på omskiftet i grenda. Lækjaren vart forresten tilflytjar, og for fyrste gongjen sidan gamaltida fekk vi eigin lækjar.

Stødt vaks Iskongjen, og livet i grenda tok til å brøle meir enn før. I høgsesongen kom fleire og fleire frå grendom kring Vokkostad og søkte arbeid, millom dei brækbyggir og beindølir og breistadingar. Dei drakk og slost, og ein gong gjorde dei (i dugnad) frå seg på altaret åt presten. Presten vart likeså uroligare for kvar dag og krone som kom, og tok til å sette grannane opp mot kvarandre. No var det ikkje vokster lengir — det var kje noko livsdyktigt, men eitkvart i overvettes sjukt. Det gjald frelsa og helvetes-pina. Sjølv Martin tykte ikkje om utviklinga lengre, for Maria var nok for mykji med lækjardokteren. Eirik var ein kjekk kar, stadsmann og skipla om på ting i grenda meir godt var. Far meinte lell det var godt, «for her var det stilt vatn — det giftigaste som finst».

Det store ordskiftet kom aldri. Til mi overrasking slo grenda seg til ro, slik det oftast er der det er fåe folk. Vi gjekk reint med på vilkåra kravt av nytida. Far skula framleis på presten, og far fekk heller ikkje koma på nottverden. No var det rett ikkje mange kristne att på staden. Vi gjekk inn i ein livsens sommar, triårsomrane vart årlige og turistane mest brusa inn sjøvegen. Gode tidir var det au for far min, og han såg seg pent nøydd til å skaffe båtmotor. Søringane ville no sjå meir og meir tå Iskongjen. Dei fekk nyss om isaltarane på sørsida, der knapt eingong bræbyggir ferdest — og vart nyfikne som fy. Grannefolket bygde ein god og solid stige opp dit, rettelig pen om eg skal seia det sjølv. Vi var mesta heilt frie no. Det var ikkje det at vi vart rike, for turismen var framleis ei attåtnæring. Men vi vart modigare, og tora endelig klyve dei gamle stigane sjølv. Det var sannelig ei god tid.

Men det var ikkje nøgd med anna — enn at livet skrumpa inn sidan. Og med tida vaks Iskongjen seg større, la under seg veldige massar og kvelte beitet så geitine do (døydde) alle med ein. Vi høyrde han lo om notta, kasta ispilir mot vandrarstigane og breidde seg som ein Napoleon. «No tær han sund fjorden», skratta ho mor. Det var mykji ålvor i låtten hennar, og i ei kveldingsri fór ålmannshuset med flaumen. — «I minsto vart vi kvitt presten», tenkte far min for høgt. Grenda kom liksom under kuldegripet åt Iskongjen, dei fleste folka med.

Såleis kom det til at eg fòr frå Vokkostad. Det vart ei ny tid for meg.

Utan ho mor

Lukke til, sa mor — og heiv meg ut i ei merkelig verd. På hybelen ligg det haugar med klæde, utsliti pornoblad, kondom, tomatsaus på boks og med det heile. Eg, klokka er tvo på ettermiddagen. Angsten for studentlivet er litt som ein vond draum, så du helst vil svevne gjenom og sleppa heilt. Han mobbar deg liksom liti, du er så helsikes nervøs. Når du sjekkar pensumlista til matematikk, sjekkar ho deg au.

Nei, det var ikkje von for å gjera vitskap av det her. Eg kunne stirra så mykji på folk eg ville, sjå åtsiktane deira. Men det gav meg ikkje noko. Kvi eg elskar Henriette? Veit kje, ingen sa eg sku gjera det. Eg vart kasta inn i verda her, ingen spurde meg. Korso ballast hev ein? Lange gåturar på fjellet, hau!, men samstundes hev eg det ikkje. Det var då, ei anna tid. Sit eg og femnar om synapsar i hjernen, kanskje? Kanskje eg er galin. Nei, du. Ja, eg.

Kva skulle eg med kondoma, for resten? Eg er skitskræmt, skvetten som ein vængskotin spurv millom jervar. Einaste måten du byde meg på litt kos var om du nytta vald, og då ville eg berre overgjeva meg for å få det undan. Dette var elendigt, altså, sjølv til meg å vera. Korfor er eg slik? Kann hende — ja, kann hende. Skal eg late meg valdta av universitetet og berre få det undan? Laga litt rutine på det, på rein læst. Høyrt om folk som liver fleire ti-år i fangenskap, eg. Dei hev vel råd, om ein spør pent.

Eg freista ganga liti på gatu. Berre spasere litt, typisk gentleman, rolig — passa inn. Detta var ikkje så lett, det. Så mykji folk står i vegen stødt om, var det jo. Godt høve for å råka på nokon og måtta mulle fram eit svakt «orsak». Kann allereie venje meg til å vera smålåtin. Haha, eller som ein gentleman: «Fin bluse du hev, unge dame.» Nei, eg kann ikkje seia det — då kjem det jo fram at eg såg på brysta hennar. Huff. Kanskje flytja åt Kongo. Der går kvinnfolka utan klæde på toppen. Då slapp eg einfelt å seia noko som helst. Dei kann jo ikkje norsk.

«Takk, og lukke til», sa kjerringa med blomstrut bluse. Takk, du. Og brått står eg midt i stilla — står vi. Høyrer ikkje støyen og folka kring oss no. Noko merkeligt skjer, og nye lekkjor blir smidde i bakgrunnen.

Ei ny tid kjem åt Vokkon

Fjorden grin med folka sine under den ævelige dagsnotta. Smogen sløkkjer ildsjelane i den gamle grendæ, rett og slett sev dei. Sjølv dugnaden er gåin, vegine og skulebygget med. Eg søker sola på himmelen, men finn ho aldri. Borti der er framleis Vokkostad, meir vond og nøgd enn elles — i vetterkongjens vald. Jøkleelva hans vaskar ned skiten frå omskapinga av sommarbeitet. Og eg blir liksom sitjande der, kikande på fjellveggjen. Han er for brå — dei som kjem opp fer sjeldant ned att. Dei hev freista sjå sola og — funni ho. Skrottane finn vi dyra tyggjande på i sommarsprengjinga.

Det fantastiske skjer.

Ljoden braut med telen. Eit heilt land – sette i rørsle. Det gjekk brått frå eit døkt isblodlandskap til flammute kvelvingar i jorda. Ned med honom, ned med kong Vetter! Eg såg skiret, sette bommane føre, men let meg rive med. Ned med honom, no – ned med Iskongjen! Trompetar, bogar av ljom – sirene av brann! Flammekastarane og det verre reiv gjenom isen og inn i den heilage stilla åt kuldeslottet. Helvete fraus visst over no. Jo, — det saug gjenom i lufta i takt med slagorda. Det var liksom så alt surstoffet forsvann når folkedjupet tok til seg pusten att og kauka: Ned med honom, ned med Iskongjen! Riddarane fór, greip lansone og punktera ismaska. Det var endelig over, brått som dagen vetterstid.