Eg er ung

Eg hev alltid vori ein vill gut. Knuste vindaugo, ledder, hjarto. Lever med farti, eg køyrer ned vegen. Streitingar vil ikkje forstå det. Far min skjønte det aldri. Han tilråda abstrakt kunst for å roa meg ned. Då eg såg deim skimrande Picasso-augo blinka i trappi, skjønte eg at det her ikkje vilde gå. Dessverre. Kunde like så greidt teki LSD og måla råme på røyndi, enn å sjå alt falla saman til eit lereft bert for mål og meining. Sånn er eg berre.

Tikk takk tikk takk segjer stemmen i hovudet. Kvart sekund er ei pine, fy fan eg skal døy om femti år. Berri tjuge om eg held fram med røykjingi. Når eksistensenkrisa grip deg kring ballane, finst det heller få val. Det er valet mellom å gjera noko eller å ikkje vera noko.

Så eg kjøpte ein motorsykkel. Ein feit, feit kubikksjarmør. Skyldfolki mine likte han ikkje, men han likte ikkje deim heller. Desse elendige, treige Golf-ane som sperrar føret på motorvegen. Finst ikkje verre enn gamal hatte-mann som køyrer fyri deg i heile 50 kilometer timen. Høgare fart og du kann døy, segjer deim. Vel, ja, men du kann då hoppa ned frå fjellet om du klatrar opp au. Det er ikkje god nok grunn til å ikkje klatra det. Vi skal alle til ein plass. Du, gamlingen, dra åt helvete, du, snilkøyrar.

Ei stripe, miler lang og nedyvir fartsbanen lange. Både vegstripa og smilet mitt. Tykkjer liksom detta er nirvana, dette er å vera eitt med det hine. Karma er turteljaren på fartøyet åt ein æventyrar. Koss gjekk no det kjende buddhist-ordtaket? «Om du ser ein Buddha, slepp hanom forbi deg på motorvegen». Ja, slik var det.

Og fartsgrensa — ingen sa om ho sku vera øvre eller nedre grense. Om eg vert stoppa, kann eg jo spyrja kor kjapt dei køyrde, sidan dei tok meg igjen. 200. 300. Uendeleg mange kilometer timen. Kjelda åt all ungdom — blikket mot horisontenen vi ikkje kjenner enden av.

Advertisements

Om den her nye normeringi

Hei og ho, no skal nynorsken få ny norm! Og alle er vi glade og går på fylla nedyvir det norske landet. Vi skal retta tidlegare feil (eller må vi skriva feilar?). 60 år med samnorsk – pff, no problem! Vi brigder normi på nytt. Ny tid, ny måte å skriva mogeleg på.

Men no som ordskiftet hev stogga litt og folk kjem ut av den elles så likande reform-rusen — må det koma nokre ålvors-ord. Ja, du visste nok dei kom, eg skriv jo bestefar-nynorsk. Så her er ein bundel formaningar åt dykk helvetes ungdomane.

Mål-folkjet. Det er litt av eit folk, det. Eg meiner få trur så mykje på staten som dei. Mindre enn 25 % nynorsk på NRK? Buuu! Ikkje nok nynorsk på kino? Buuu! Og derfor meiner eg nynorsk-folk på mange måtar er betre nordmenn enn andre, sjølv våre svartarbeidande nye landsmenner. Betre enn nordtrønderar er dei ikkje, for det er få nordtrønderar i målrørsla — og utan oss er det ikkje liv laga. Men det var no det.

Att til målfolkjet. Trehundreogåtti-tusend er dei, trur eg. Det er ei slags ungdomsrørsle, ho vert liksom aldri gamal og byrjar lukta rart. I sin ævelege sommar stør ho endring på endring. Modning, dei kallar. Fremja normeringi, ho er ei vakker sak. Valfridomen er demokratisk. Berre fascistar vil tvinga folk åt skriva brunn i staden for brønn.

Vi hev ein fiende. Bokgnålet, det heiter. Somme forrædarar hev hevda vi skal leggja ned våre våpen mot dei danske grammatikk-fascistane. Av di engelsken visst nok er ein større trugsel. Her hev vi mykje å læra frå harmoniserande leidarar som Stalin og Kim Jong-Il. Makan til krangel i rørsla skal det vera, du.

Men slik er det no: Få hatar bokmålet. Men vi vil ha målet vårt reint og godt, utan tunge vendingar som det er en umulighet eller i forhold til. Desse ordi må aldri få sleppa til, dei fær folk til å låta som byråkratiske idiotar. Læraren min segjer slikt heile tidi. Ein dårleg trønder. «I forhold til saka — i forhold til tinga — i forhold til kaffen». Sløvt, sjølv for ein lærar. Det er detta som drep norsken. Når språket ikkje lenger heng saman eller ordi tyder noko som helst — og alle vendingar kjem frå pensumbøker. Då er det fritt for engelsk påverknad.

Men vi må halda fram med samtala. Nynorsk-folkjet er om lag det motsette av ein pønkar. Ikkje noko gjer det sjølv. Vi er glade i staten — la hanom gjera det. Vi hev eit paradoks: Folkeleg talemål, byråkratisk gjenomføring. Snakk dialekt, skriv nynorsk! Men frå Aust kjem vandrande flokkar med folk som både snakkar og skriv bokmål. Standard austnorsk var eit våpen ingen komitè kunde spådd. Dei kukar til heile planen vår. No segjer alle virkelighet. Kva for råd er det? Jo du, nemndi skal byggja på tekst-statistikk. Ei sterk norm or dei mest nytta formene. Bra, tenkjer du. Mindre kaos! Men så les du Språkstatus 2010:

«I dei studiane eg har lese, er dei generelle tendensane at bokmålstekstar har ei klar hovudvekt av avvik som kjem frå påverknad frå talemålet, medan nynorsktekstane har relativt høg frekvens av bokmålssamsvar» (Johnsen 2009) (s. 45) «Presset mot nynorsk aukar i språkblanda kommunar og på språkblanda skular.» (s. 46).

Nynorsken vert såleis bokmål-lapskaus. Kanskje vil Språkrådet det, så slepp dei å tilsetja så mange spesialistar på nynorsk. Allereie skjer det ting. Dei fjernar i-målet, symbolet på tradisjonell nynorsk. Og å nemna eit offisielt nynorsk talemål som vernetiltak — det er vondskapen sjølv. På gravstytta mi skal det stå: «Nynorsk, 1848–2012. A strange language. Illegal to speak in public. Archaic writing […] punished by flaying whilst alive and then quartering and cooking into samnorsk stew.»

Men om bokmålet vil det, så — eitt feitt. Reindyrka riksmål er vakkert! segjer far min.

Så, kva skal vi gjera? De må’kje spyrja meg, folket! Vera modige! Ikkje slik at dei set eld på lokalet åt riksmålsfolkjet, men slik at de tør å ta fatt i normeringi sjølve. Vera som dei friske pønkarane og skipa til livnad. Språk er ikkje ei nemnd. Språk er levande og ikkje så lett å temja, som ein vill-helst uti ørkenen. Og alle må vi ut på ørkenvandring, om vi sku finna ut kva nynorsken eigentleg skal vera.

Elles: Same koss den nye normi vert, så må det koma eit normaltalespråk. Det må au vera statsbetalt, i god nynorsk-spirit. Nynorsken treng ei klårare markering mot bokmålet. Tek gjerne inn gamle former som idrott og hev, om det gjev meir svip eller stil.

God helsing
steinrausi.

PS: Eg vonar du las teksten her med røysti åt karen på Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Han er eit godt utgangspunkt for normaltalespråk.

Rust: Tridje post

Sit på ein Ruger 10/22. Integrert støydempar. Subsonisk ammunisjon, så svini aldri høyrer kvar skuddi kjem frå. Kjøpt av ein jæger i Bulgaria. Berre idiotar treng store våpen. Dei mektuge, idiotiske landi som United States of America og England tarv store kaliber, di dei vinn på massiv, mediarunkande, pornografisk skala — ikkje vitet sitt, som dei har selt åt kvitstøyen.

Pang pang, daud partisan.

Eit nytt våpen spreier meir frykt enn napalm i dusjane på Auschwitz. Det råkar huset ditt. Dei fremste vert kverna åt små strimlar med kjøt og dei attast druknar i blodet. Jarn i åri verkar og auker til femhundride gonger sin eigentlege storleik. Volds-stoggaren.

Det er ei hypermagnetisk bombe, nyttar anti-materie. Eingong såg eg ho litle gjenta som var spidda av ein boks pennar som låg bak å ho; det tok meg to timor å få dei ut av det smelta kjøtet. Metallet sku gå åt fleire patronar. Kjensla av sigi kjøt som gjev etter og med same fastleik og pinlege lukt som lutefisk; eg knusest.

Gatone tekte med koagulert menneskeleg materie. Kryp sakte saman. I fan. Dreg gatelangs, smeltar meir, trekk seg meir ihop, luktar sitron. Det er den elendige nykken som jagar meg. Luktar brunni asfalt. Gjeng nedyvir tidlegare Pottsdammer Platz. Trippar langsamt gjenom det heile glødande helvetet og bergjer meg inn på ei kneipe. Han står der bak disken. Eg stirrer inn i hanom og ser innvolar i ein gelé av blod. Han femnar kring kjeften min.

P. T. S. D — Post Traumatic Stress Disorder.

Rust: Annan post

Tzjude treff deg med venleiken åt ein streptokokk-infeksjon. Kjøtet er blått; det er eit lekam av rustfritt stål med kopparteikningar på veggine. Eg ser tal. Byen er ein kvantemekanisk lauk. Du hev dei ytre lagi med William-mandatet og fredelege småborgarheimar. Lengre inn kjem dei frilynte, økonomiske sonone. Held du fram kjem du til Sentrum eller kjerna — ein kritisk masse av kapitalisme og mannegalskap. Men ingen kan segja kvar grensa fell millom til dømes Neue Mauriana! (vert alltid skrivi med utropsteikn) eller Duitse. Av di, med ein gong du ser på nokon, endrar du reglane. Rørslor stansar opp, Sentrum ristar — vedkomande døyr og livet går vidare.

Eigentleg var Brüssel tenkt på som ein fristad for byråkratar, liksom jødane fekk Israel. Det gjekk ei tid, som dei fleste byråkrati-freistnadar — men så beint åt helvete. I dag vert plassen prega av skamlaus utviding og bio-protestantar som sel deg merkelege emulgeringar. Eg veit ikkje kva det var som trekte meg hit. Kanskje var det lukti.

Minder det var gjeldi åt nord-europeisk mafia som aldri missa eit råd for å bjoda meg på hólspiss — blyregn or laupet på ein AR-15.

Rust: Fyrste post

Eg gjekk tilsides, fekk tidi til å gå, reid på bylgjone, kjærteikna det blødande stålet, smakte jarn-ion i kjeften, tok amfetamin, tok karbogen; tok livet av førti inkarnasjonar av mitt eige eg og såg det kvite rett i auga.

Men der låg eg, mens Bolstov hang yvir og pleidde såri mine. Og han sa det går bra, og eg vart glad. Rummet var sveipt i gul-kvit fleirkarbon. Det var omtrent fire-fem meter langt, kanskje to meter høgt. Det lukta av brunne sår og forsura blodstoff. Bolstov skaut ein ampulle gjenom meg; eg var no att i rikjet åt morfinen. Kor eg sakte reiste mot dit eg måtte dra. Langsmed lange sud-amerikanske junglar ved vegen — med raude himmelen og svolli soli og blodtrukne marxistiske geriljaer ved grensa.

Eg var i Chile — berri mellombels. Etter kvart var eg attende på kontinentet. Flukten hadde ikkje vori lett, men vi sat igjen med sekvens F52. Og nyst byrja tidi å snu.