Det var eingong

Pønk-konsert, seine juni. Eg veit ikkje om du hev vore der. Ein gong i tida var det ein barnehage. No er det ein yngleplass for sigarett-stumpar og glas-skår. Femti ungdomar med naglar, buttons, rulletobakk, billig pils og dyre draumar. Femti, ja, kanskje var det førti — galne voldspsykopatar med nok fanskap i skrotten i seg til å riva ned heile tryggleikskjensla du hev bygt opp gjenom skulen og TV-sofaen.

Ingen av dei et kjøt heller. Det er brutalt.

På scenen står tre gutar og syng om politivald. Trommane slær og slær og du står der og slær tilbake. Så opnar pølen seg og du vert kasta midt uti. Dette hev du ikkje gjort før. Ein kar med langt hår hoppar inn i deg, men missar. Du trur du gjer det rett og held deg i omkrinsen. Men folket vil hava deg uti igjen — og slik går det. Du fell åt golvet, men du kjem deg snart opp igjen. Ein hjelpande hand. Mosh-pølen tek vare på sine eigne. Snart er du del av ein slags dans, du og pønkar-gjenta til vinstre for vokalisten. Ho med dreads. Du er liksom eit stykke kjøt som vert kasta rundt og rundt. Svette. Sement frå golvet — det må vera ein slags blanding av spytt og øl og jord frå når folk går ut for å pissa på hjørna. I moshen smeltar alt saman og vert ein knyttneve som fell inn mot seg sjølv. Ungdomen slær og slær og slær mot (av)makta.

Som sagt veit eg ikkje om du hev vore der. Men det var fint.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s