Mannen som lærte rauvi si å prata

Låst på innsida

Kjelde: FlickrJunkie @ Flickr. Creative Commons Attribution-NonCommercial-ShareAlike 2.0 Generic.

Omsetjing av William Burroughs — Eit utdrag frå «Naked Lunch».

Fortalte eg deg nokon gong om mannen som lærte rauvi si å prata? Heile buken vilde reisa seg opp og ned, skjøner du, medan ho feis from ordi. Eg hev ikkje høyrt maken i heile mitt liv.


Rassholet prata med sånn magekjensle. Det traff deg der nede just som du måtte gå. Du veit når den kalde tarmen slær deg i sida og det kjennest på ein måte kaldt inni — og du veit einaste råd er å sleppa laus? Vel all denna praten traff deg der nede, ein blærut, tjukk daud ljod, som du kunde lukta.

Karen jobba for karneval, skjøner du, og i byrjingi var det ei kjend buktalar-førestelling. Skikkeleg morosam, i starten i alle fall. Han hadde eit spel han kalla The Better «Ole, det var hysterisk, segjer deg. Eg hev gløymt mesteparten, men gud kor vitugt. Liksom, å du, er du framleis der nede, gammærn?

Næh eg måtte gjera eit ærend.

Etter ei stund byrja rassholet snakka på eigi hand. Han gjekk på scenen utan noko materiell og rauvi vilde improvisera og hiva vitsane attende mot hanom — kvar gong.

Så utvikla rauvi sånne tann-liknande små kurva krokar og byrja eta mat. Han syntest det var søtt i starten og laga eit spel rundt det. Men rauvi åt seg gjenom buksane og sette til med å prata på gata, skreik om at ho ynskja seg likestilling. Ho gjekk på fylla au, og hadde sippe-sesjonar kor ho jamra om at ingen elska ho og at ho berre vilde verta kyst på som alle andre kjeftar. Til slutt tala ho heile dagen og natti, du høyrte han bad ho halda kjeft yvir lange strekningar. Slo ho med knyttnevane, og putta stearin-lys der oppi, men det hjalp ikkje det spott og rauvi sa: Det er du som vil halda kjeft i sluttingi, di vi treng ikkje deg her meire. Eg kann snakka og eta og drita.

Frå der av pla han vakna med slags gjenomsiktigt kliss liksom rumpetroll yvir heile kjeften. Klisset var kva lækjane kallar u-AV — Uavgrensa Vev, som kann gro til koss som helst vev på kroppen. Han reiv det av og små betar hang fast på hendene som brennande vaselin. Grodde der, grodde kor som helst ei klyse av det fall. Så i endingi vart munnen forsegla, og heile hovudet vilde falli av — (visste du at det er ein sjukdom i Afrika og berre blant svarte, kvar litle-tåi berre fell av?) — om det ikkje var for augo, skjøner du. Det eine rassholet ikkje kunde var å sjå. Augo trong ho. Men nervekoplingane var sperra og infiltrerte og bortsvunni — så hjernen kunde ikkje gje ordre meire. Han var fanga i skallen, innelåst. I ei stund var det mogleg å sjå den stille, hjelpeslause piningi åt hjernen atti augo. Så må hjernen til slutt ha døydd, fordi augo mista liv — og det var’kje meir liv i deim enn krabbeaugo på tuppen av ein pinne.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s