Om den her nye normeringi

Hei og ho, no skal nynorsken få ny norm! Og alle er vi glade og går på fylla nedyvir det norske landet. Vi skal retta tidlegare feil (eller må vi skriva feilar?). 60 år med samnorsk – pff, no problem! Vi brigder normi på nytt. Ny tid, ny måte å skriva mogeleg på.

Men no som ordskiftet hev stogga litt og folk kjem ut av den elles så likande reform-rusen — må det koma nokre ålvors-ord. Ja, du visste nok dei kom, eg skriv jo bestefar-nynorsk. Så her er ein bundel formaningar åt dykk helvetes ungdomane.

Mål-folkjet. Det er litt av eit folk, det. Eg meiner få trur så mykje på staten som dei. Mindre enn 25 % nynorsk på NRK? Buuu! Ikkje nok nynorsk på kino? Buuu! Og derfor meiner eg nynorsk-folk på mange måtar er betre nordmenn enn andre, sjølv våre svartarbeidande nye landsmenner. Betre enn nordtrønderar er dei ikkje, for det er få nordtrønderar i målrørsla — og utan oss er det ikkje liv laga. Men det var no det.

Att til målfolkjet. Trehundreogåtti-tusend er dei, trur eg. Det er ei slags ungdomsrørsle, ho vert liksom aldri gamal og byrjar lukta rart. I sin ævelege sommar stør ho endring på endring. Modning, dei kallar. Fremja normeringi, ho er ei vakker sak. Valfridomen er demokratisk. Berre fascistar vil tvinga folk åt skriva brunn i staden for brønn.

Vi hev ein fiende. Bokgnålet, det heiter. Somme forrædarar hev hevda vi skal leggja ned våre våpen mot dei danske grammatikk-fascistane. Av di engelsken visst nok er ein større trugsel. Her hev vi mykje å læra frå harmoniserande leidarar som Stalin og Kim Jong-Il. Makan til krangel i rørsla skal det vera, du.

Men slik er det no: Få hatar bokmålet. Men vi vil ha målet vårt reint og godt, utan tunge vendingar som det er en umulighet eller i forhold til. Desse ordi må aldri få sleppa til, dei fær folk til å låta som byråkratiske idiotar. Læraren min segjer slikt heile tidi. Ein dårleg trønder. «I forhold til saka — i forhold til tinga — i forhold til kaffen». Sløvt, sjølv for ein lærar. Det er detta som drep norsken. Når språket ikkje lenger heng saman eller ordi tyder noko som helst — og alle vendingar kjem frå pensumbøker. Då er det fritt for engelsk påverknad.

Men vi må halda fram med samtala. Nynorsk-folkjet er om lag det motsette av ein pønkar. Ikkje noko gjer det sjølv. Vi er glade i staten — la hanom gjera det. Vi hev eit paradoks: Folkeleg talemål, byråkratisk gjenomføring. Snakk dialekt, skriv nynorsk! Men frå Aust kjem vandrande flokkar med folk som både snakkar og skriv bokmål. Standard austnorsk var eit våpen ingen komitè kunde spådd. Dei kukar til heile planen vår. No segjer alle virkelighet. Kva for råd er det? Jo du, nemndi skal byggja på tekst-statistikk. Ei sterk norm or dei mest nytta formene. Bra, tenkjer du. Mindre kaos! Men så les du Språkstatus 2010:

«I dei studiane eg har lese, er dei generelle tendensane at bokmålstekstar har ei klar hovudvekt av avvik som kjem frå påverknad frå talemålet, medan nynorsktekstane har relativt høg frekvens av bokmålssamsvar» (Johnsen 2009) (s. 45) «Presset mot nynorsk aukar i språkblanda kommunar og på språkblanda skular.» (s. 46).

Nynorsken vert såleis bokmål-lapskaus. Kanskje vil Språkrådet det, så slepp dei å tilsetja så mange spesialistar på nynorsk. Allereie skjer det ting. Dei fjernar i-målet, symbolet på tradisjonell nynorsk. Og å nemna eit offisielt nynorsk talemål som vernetiltak — det er vondskapen sjølv. På gravstytta mi skal det stå: «Nynorsk, 1848–2012. A strange language. Illegal to speak in public. Archaic writing […] punished by flaying whilst alive and then quartering and cooking into samnorsk stew.»

Men om bokmålet vil det, så — eitt feitt. Reindyrka riksmål er vakkert! segjer far min.

Så, kva skal vi gjera? De må’kje spyrja meg, folket! Vera modige! Ikkje slik at dei set eld på lokalet åt riksmålsfolkjet, men slik at de tør å ta fatt i normeringi sjølve. Vera som dei friske pønkarane og skipa til livnad. Språk er ikkje ei nemnd. Språk er levande og ikkje så lett å temja, som ein vill-helst uti ørkenen. Og alle må vi ut på ørkenvandring, om vi sku finna ut kva nynorsken eigentleg skal vera.

Elles: Same koss den nye normi vert, så må det koma eit normaltalespråk. Det må au vera statsbetalt, i god nynorsk-spirit. Nynorsken treng ei klårare markering mot bokmålet. Tek gjerne inn gamle former som idrott og hev, om det gjev meir svip eller stil.

God helsing
steinrausi.

PS: Eg vonar du las teksten her med røysti åt karen på Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Han er eit godt utgangspunkt for normaltalespråk.

Advertisements

8 thoughts on “Om den her nye normeringi

  1. Du får det sagt, det skal seiast. Eg tykkjer du haer mange gode poeng, og eg er enig i at ein ikkje skal leggje vekk eit problem berre fordi eit nytt får sjå dagsljos. Bra skrivi, fin lesing! : D

  2. Håper du ikke føler deg alt for voldtatt av at jeg kommenterer på bokmål, og det er jo litt pussig at jeg må ordlegge meg på en helt annen måte for å skrive noe enn å få sagt noe.

    Fra et norsklærerperspektiv må jeg si at jeg ble imponert over hvor godt du sydde sammen avsnittene til en saklig og hardtslående avslutning.

    Imponert over den konsise oppsummeringen av nynorskens ståsted og historie, uten at det ble for belærende.

    En god tale for nynorsken som sparker både mot bokåmålet og nynynorsk. Hadde vært fett om du hadde fått den publisert i «språknytt», da tenker jeg mange norsklærere setter kaffen i vranghalsen!

  3. Sjølv om eg ikkje er einig med deg i alt, så må eg innrømma at du skriv eit fantastisk flott nynorsk, som du meistrar godt. Underhaldande var det òg. Er einig med Sara Nieva om at denne teksten godt tåler å stå på trykk.

  4. Eg tolka det slik at du ba meg kommentera språket, så da gjer eg det: God språkføring og flyt, fire (moglege?) skrivefeil:
    derfor – difor
    ein trugsel – eit trugsmål
    hanom – honom
    komitè – komité

    Innhaldet er vettugt og morosamt, og det er nett det eit kåseri skal vera. Men: i tredje avsnitt heng eg ikkje heilt med deg. Er målrørsla ein bra eller dårleg gjeng? Kvifor?

  5. Huhei! Eg er eit målmenneske og har ein ting eg vil drøfte med deg!

    Eg ser du kritiserer bokmålsmåten å seie ting på. Alt skal gjerast i passiv, med substantiv og gjerne i forhold til noko heilt anna. Å skrive «jeg hadde det fint på skolen i dag» er «ut», å skrive «i forhold til inneværende døgn, opplevdes oppholdet på skolen bra» er «in».

    Nynorskbrukarar er langt flinkare til å unngå slikt makkverk enn bokmålsbrukarar, og det er eg glad for. Men det var ikkje dette eg hadde tenkt å drøfte. Det var breidda i eit språk.

    Eg kjenner eg er usikker. Eg har lenge vore innstilt på å fjerne typiske bokmålsord frå nynorsken og nynorskord frå bokmålet. Ein kan skrive hjerte på nynorsk og kjærleik på bokmål, og då forsvinn poenget med å ha to språk. Tenkte eg. Då tenkte eg samstundes på at valfridom i språket er dumt. No veit eg ikkje heilt.

    Etter at eg la om til nynorsk, byrja eg å studere bokmålet med «sidemålsblikk». Eg slo oftare opp i ordlista, sjekka bøyingar og formverk. Dette er kva eg fann:
    http://kvitter.blogg.no/1271511492_kvitters_bokmlsordlis.html
    http://kvitter.blogg.no/1259843869_korleis_skrive_nynors.html

    Bokmålet blei normert i 2005, då skulle samnorsken ut. Former som raud, grøn, frå, fann og gjekk, gjekk ut, men kvifor fekk alt dette stå? Kva verdi har det for bokmålet å ha ein haug med ord og former som aldri blir brukte? Kvifor står det «åssen» i ordlista, men aldri i Aftenposten?

    Desse tankane har kome opp att når eg no har diskutert nynorsknorma ein del. At former som «noen» og «mye» går ut, gjer meg ingenting. At dei får følgje av «hjerte» og ein del gamle, lite brukte former, gjer meg ingenting. Men noko stakk i meg då eg såg dei førebels vedtaka om å fjerne «glømme», «skole» og «gjøre»… Kvifor! Kva vondt har dei gjort nynorsken?

    Så eg lurer på kvar du meiner grensa går mellom «valfridom som skadar nynorsken» og «valfridom som er godt for nynorsken». Burde austlendingar få skrive «å gjøra» om dei vil?

    Eg har sjølv kome fram til at nynorsken kjem med eit sett kjerneord. Ord som definerer nynorsken. Desse orda kan ikkje ha valfrie bøyingar.

    No må eg sove og kan ikkje skrive meir, men eg vil gjerne diskutere dette med deg, for eg er i villråde om kva eg skal meine. Eg vil ha ei stram og enkel norm utan bokmålsord, men at ein ikkje i noka målform skal kunne skrive «glømme» blir rart. Ein kan det jo på bokmål, men då ser folk rart på deg.

  6. Eg veit ikkje heilt nøyaktig kvifor eg ikkje får i-målet til å fungera for min del i nynorsken, så eg kan ikkje gjeva deg noko fullverdig svar. Eg prøvde å nytta det då eg fyrst gjekk over til nynorsk, saman med former som «ei jenta, jenta, jentor, jentone» og denslags. Eg fekk dette rett og slett aldri til å fungera spesielt bra, og eg måtte innom ganske mange forskjellige versjonar av nynorsk – eg trur eg jamvel ein gong prøvde meg på «ei jenta, jentan, jentor, jentorna» – før eg fann ein versjon som fungerer godt for meg på alle område. Nynorsken min er framleis stadig under (små) revisjonar, men eg synest at eg har funni eit svært godt utgangspunkt som eg føler meg ganske komfortabel med. Ágætis byrjun, ef þú vilt.

    Uansett. Eg trur dette med i-mål kanskje det har noko å gjera med dette: Logikken i islandsk grammatikk er feilfri og konsekvent. Logikken i dansk grammatikk er òg feilfri og konsekvent. I-målet står ein stad midt imellom, og ender opp som feilfull og inkonsekvent. Til dømes gjev det meining at det heiter «börnin mín» på islandsk og «børnini míni» på færøysk, men «borni mine» på nynorsk er eit paradoks.

    Medan «soli/boki mi» osb gjev god meining, må ein jo nesten fullføra med å bruka anten «mannin min» eller «mannen men» i tillegg. Det fungerer rett og slett ikkje for min del. Ikkje at «borna mine» er spesielt mykje meir logisk, men dersom eg må velja mellom to slike former, må eg nesten gå for forma som ligg nærast oslo aust-dialekta mi.

    Og så ender eg jo sjølvsagt opp med å verta kritisert for å skriva altfor nært bokmålet.

    Dessutan synest eg at nynorsken til folk som skriv med i-mål ofte tek seg sjølve litt for seriøst; at språket deira ender opp med å høyrast fjernt og kunstig, og tungt å lesa. Men dette gjeld ikkje i ditt tilfelle – eg synest faktisk nynorsken din er konservativ på ein veldig folkeleg og fin måte.

    (litt af einum komplimenti, hef eg rett???)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s