Morginnstund

Du hev teki deg stor byrd no. Eg stend opp eg seddu. Kjempa mot den pisskalde morgonstemningi som alle, serleg Grieg, meiner er så fin til å sjå til. Putta ting på bordet hev du. Vekt dei hersens sovarungane og sendt deim på skulen, så dei kann studera til veterinær når dei vert vaksne. Detta hev du au, gode forelder. Kaffien og egget er grådugt eti opp, jogurt dertil — derav gjærar no ei syrleg suppe. Ei du helst ikkje vil servera til nokon. Undanteki katten som sit og drit på stugu-golvet. Eg er’kje glad i deg lenger, pus.

Kva sa du, kjære?

Orsak, eg prata til Marianne. Jæja. Du legg planen — katta skal abdisera, ikkje du. Ungane kann få Disney Channel i staden for kjæledyr, tykkjer du er heilt rimeleg i detta.

Skrur på TV-en. Kvitstøy på morgontrynet er noko av det verste du kann møta i samfunnet vårt. Inkje morgon-nyhende? Ingen God morgen Norrje på meg? Heller ikkje Disney Channel? Det var då som svarte fan, er Twitter nede au? Fornuften din er i ferd med å rivju; du er ilter forbanna og gjer eit spark i lause lufti. Trur du. Katta er daud no, velkomin skal du vera.

Longo hev det vori mykji preik om detta fjerrsjået. Den kjende brødkassa, på ein måte ganske poetisk — som i «brød og sirkus» og det heile. Gjer oss til idiotar, må vita. Som regel held ordskiftet fram ved at nokon sit på TV og pratar om koss det er å prata på TV. Det synest eg er reint nærsynt om fjerrsjået. Det kjem då mykji godt ut av det. Disney Channel til dømes, gjer ungane stillare enn femti år med diktatorisk vald og arbeidslæger.

Eigentleg skal jo ungane vera ute og finna på bøs. Stirra inn i vinteren og sjå det snjo’r og sånn. Hiva snyballar på han rare nabo-guten med stort hovud. Men nei, nei, nei. Aldri fyrr hev vi visst kor farleg det er å leva. Dei kann verta kidnappa. Dei kann få bronkitt eller salmonella, Vårherre forby. Dei kann kome i kontakt med andre born og læra fårlege ting som ritualistisk satanisme, hanga på bilar, eta jord — og snakka nynorsk.

TV-kulturen gav på vis opp å skapa noko koseleg og røynleg godt. No er plutseleg verdi så skummel for oss, og kva gjer vi? Jo, ser på ein voldspsykopat som riv opp gate-gjentor med sag. Najs. Fær vi meir vituge og gode von for menneskjet då? Nei, helvete heller. Gud er ein lånehai som hev forlati leigebuarane, segjer nihilisten. Takka meg til å høyra vidare på derne gilde songen: Morpheus Descends — «Corpse Under Glass».

Venleg helsing
steinrausi

Advertisements

One thought on “Morginnstund

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s