Det uendelege blå

Source/kjelde: http://www.flickr.com/photos/marknkl/3163958684/

Du ganga ved meg. Eg las deg på vegen heim-mot. Du var søt, litt spinkel, men god og slags sommar i heile deg. «No dreg vi same veg, elles dreg du åt helvete. Det sa far min når eg vaks opp», sa du. Klårt, skimrande blå yvir synsbreiddi. Rein, rein luft — ned lungone med kraftig is-kjensle, trekkja ned, pusta ut, kjenna seg både daud og levande du! Syntetisk paradis på romkringla vi lever og går rundt på som små potensielt lukkelege, men ofte triste primatar. Kann-vera lukkelege er vi, inkje meire. Det trur eg næsten alle kann semjast om.

Du hev’kje sett Byen fyrr, trur eg. Byviddi målar og synar fram si fulle sjarm om natti. Fem mil yvir, halvannan gjenom. Du ser stræte dana kross som fell i krok kvar ein femte kilometer og vert basarar. Hovne byggverk kastar lyspartiklar i synsbreiddi og spreier propaganda. Ho er veldig, ho lever meir enn deim fleste. Neon og ljos i synskastet. Om du lukkar augo vert det ikkje mørkt; men lomeboki di mistar du.

Einfelt vokster, grådigskap segjer deim. Så eg vart leid Byen, reint røynleg og langt inni hjarte-róti. Tarv dra annan plass, om det gjev meining. Sjølvsagt gjer det ikkje det, men det gjorde visseleg ikkje byen heller. Hev høyrt vi er eit herredyr. Eg såg mange herrer, kledde i dress og det heile. Men dei verka ikkje spesielt gilde ut, deim. Skrot på gatu, men massane hefta seg ikkje med dèt — hev gjort ho nedtråkki. Ingen veit kva som gøymer seg under formstoffet og roti papir. Mon tru det finst ein del olje der.

Men det var det siste. Syn du vondskapinn? Eg hev sett han, eg. Det finst ei gatu, eit slags Golgotha for pengar. Ho er drøg: Mil til mil — med lik-handel, knark og noko annan styggdom. Nedom der sit folk og tygg på noko preglaust. Rundt deim veks høge bygningar — tek jomfrudomen åt himmelen. Gjennom gatu gjeng no minst tjuge tusend menneske. Det er ti, kann henda fleire daude i flokken, men dei dreg med straumen. Briljante neonbogar slær yvir; dei er kanskje dyktig for femti meter. Aluminium og blødande stål dekkjer alle yvirflator. Surt, elendig lys bryt gjenom tak-kvelvet no.

Slik forlét eg byen. Brjotande og stutande.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s