Noko prikkut, hemmeleg om sommaren

No og då kjem sommaren. Han kjem aldri når vi vil og fér heller ikkje bort når vi vil. Sprjotande vokster, kattungar, det er så vakkert med alt i levande. Det er enkelt, så enkelt, å finna gleda i livet — set deg ned, slutt å vandra, du. Her er litt te. Soli skein, ho keik liksom på oss med eit blikk vi ikkje kunde gjengjelda. Varmare vart det. Fuglane kvitra derne og herne, og vi vart nøgde med å høyra på songen ein stund. Dei sku vel ordna til loppemarknad dei au, tenkte du vel. Du var alltid så søt, noko prikkut og hemmeleg eg heldt for meg sjølv. Som ei god molte-myr eller eit fiskevatn med mykje aure.

Eg fann deg og blåsløyfa di i Bergen, hugser du. Du stod på kaien og såg så hjølpeslaust på sløgd fisk. Det var ikkje råd, med kvit-raud polkakjole og dei raude krøllone og alt det derne. Eg var nett komin frå fjells, var sprækt med kvitmose på knei, kjem du i veg dètta? Bjoda på is, det kunde eg — og du kunde svara ja takk. Sidan tykkjer eg vi hev havt det retteleg fint, vi tvo stykke. Hugser du Tyskland? Gudbrandsdalen? Jo, enn Serbia? Det var fine timar, alle under soli, alle om sommaren — soli var provsvitnet på trulovingi vår.

Hehe, ser du bjørki der? Du, augneblink, sjå litt lenger opp, derja. Eg laga eit skoro til deg der. Ganga og sjå. Det tok litt tid å gjera det heile, ikkje så lengi men, kniven er god for mangt han. Det er runar, Henriette, trulova til Sebastian. Å, det smilet. Vent, kva du går for?

Heidu, heidu. Helvetes skog, inkje klare tråkk, men ser nok kvar du hev gått. Enno godt du gjekk undan ormebolet ved vedskjulet. Men; men; men; i alle, korfor går du denna vegen? Spring du i ville? Vent, Henriette!

Du slepp å ganga heilt ned hit åt strand-steinane. Du kan glippa og slå deg stygt, dumme gjent-unge. Kva er galt med deg? Kom att, du. Men, kvifor ikkje? Gjorde eg noko galt? Åja, du veit sommaren tek slutt. Ja, men han kjem att — gjer vi det?

Så kjem ei bylgje . . .

Advertisements

7 thoughts on “Noko prikkut, hemmeleg om sommaren

  1. sv: Ja, det er flott musikk, altså King Crimson, ikke trance, nei huff. Ville vært grusomt om alle trodde vi i Trondheim hører på sånt, det gjør jeg virkelig likke.

  2. Sv; Eg elska Ikea:D
    Eg spela Valthorn og skal til Bergen for å få fiksa på instrumentet (+ikea) sann at eg ikkje får senebetennelse når eg spelar.. (:

  3. det var særs vent skrive, dette! lika særleg godt det med å vera «som ei god molte-myr eller eit fiskevatn med mykje aure.» ikkje alle veit kor hemmeleg og fint det er. (litt som når gardsjenter samanliknar deg med ein kalv, fordi det er den finaste dyreungen.)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s