Vene utsyn

Hardangermasti skal opp. Anna råd er det ikkje, segjer Arbeiderpartiet. Vel og godt, spør du meg! Dei er arbeidarpartiet og såleis må eg gå ut i frå at dei arbeidar for ei god sak. Til dømes kann det vera av omsyn til sjømonster som lever på havbotnen. Nei, nett dei vil ikkje vera serleg tente med ein sjøkabel — og dei hev heller ingen interesseorganisasjon, forutan Arbeiderpartiet, som talar for seg. Ingen frå Arbeiderpartiet hev derimot nemnt koss straumleidningar går ut yvir andre vesen frå folketrui, som hekser, fefolket og vestlendingar. Men det var no det.

Personleg vel eg å tru at det heile kjem av omsyn til norsk folketeologi.

Vi nordmenner er slik: Eg er glad i kaffi. Han skal vera litt bitter og kald, for å minna oss om kor kjipt vêret er 80 % av året. Vi skal hava Vårherres skjønaste natur, men makan — der skal vera høgspentmaster au. Du skal ikkje gløyma bjelken i ditt eige auga, som det står i Bibelen. Litt stygt må det vera for å sjå det som er sant i verdi. Vi skal bera det her såret på ryggen i lang tid, folket. Stolte nordmenner.

Dertil! Rikfolk hev lovt dei skal lekkja seg fast åt mastene. Detta kann det verta underhaldning av. Kan henda nok til å finansiera Hardangerbrui alle ynskjer seg. På Røros reiv dei ned all skogen for ei god stund attende. No er det heile verdensarv for FN og skire turistfella. Eg tykkjer folk er retteleg negative her, tykkjer eg, ja.

Venleg helsing
steinrausi

PS: Det er ei kjensgjerning at heksar feirar sabbath ihop, og då må dei flyga dit festen er. Om vi ikkje vil dei skal nytta fly og sleppa ut livsfarleg klimagassar, lyt vi la dei nytta kostane sine. Det er ganske klåre teikn på at sabbathen vert halden på Åsane i Bergen, ein sers djevelsk by — stundom med giftig drikkevatn. Folk burde skjøna at spøken med drikkevatnet er eit varsel. Hardangerviddi-saki kan føra til langt meir sleime heksekunstar frå desse heksene.

Advertisements

One thought on “Vene utsyn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s