Lukke til, sa ho.

Lukke til, sa mor — og heiv meg ut i ei verdi. På hybelen ligg det haugar med klæde, utsliti pornoblad, kondom, tomatsaus på boks og med det heile. Eg, klokka er tvo på ettermiddagen. Angsten for studentlivet er litt som ein vond draum, så du helst vil svevna gjenom og sleppa heilt. Han mobbar deg liksom litt, du er så helsikes nervøs. Når du sjekkar pensumlisti til matematikk, sjekkar ho deg au.

Nei, det var ikkje von for å gjera vitskap av det her. Eg kunde stirra så mykje på folk eg vilde, sjå åtsiktane deira. Men det gav meg ikkje noko. Kvi eg elskar Henriette? Veit’kje, ingen sa eg sku gjera det. Eg vart kasta inn i verdi her, ingen spurde meg. Korso ballast hev ein? Lange Sudlandsturar i ein gamal Askeladden motorbåt, hau, men samstundes hev eg det ikkje. Det var , ei onnor tid. Sit eg og femnar om synapsar i hjernen, kanskje? Kanskje eg er galinn. Nei, du. Ja, eg.

Kva skulde eg med kondomi, for resten? Eg er skitskræmt, skvetten som ein spurv millom jervar. Einaste måten du bjoda meg på litt kos var om du nytta vald, og då vilde eg berre overgjeva meg for å få det undan. Dette var elendigt, altså, sjølv til meg å vera. Korfor er eg slik? Kann henda — ja, kann henda. Skal eg la meg valdta av universitetet og berre få det undan? Laga litt rutine på det liksom. Høyrt om folk som liver fleire ti-år i fangenskap, eg. Dei hev vel råd, om ein spør pent.

Eg freista ganga litt på gatu. Berre spasera litt, typisk gentleman, roleg — passa inn. Detta var ikkje så lett, det. Så mykje folk står i vegen stødt om, var det jo. Godt høve for å råka på nokon og måtta mulla fram eit svakt «orsak». Kann allereie venja meg til å vera smålåten. Haha, eller som ein gentleman: «Fin bluse du hev, unge dame.» Nei, eg kann ikkje segja det — då kjem det jo fram at eg så på brysti hennar. Huff. Kanskje flytja åt Kongo. Der går kvinnfolki utan klæde på toppen. Då slapp eg einfelt å segja noko som helst. Dei kann jo ikkje norsk.

«Takk, og lukke til», sa kjerringi med blomstrut bluse. Takk, du.

Advertisements

2 thoughts on “Lukke til, sa ho.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s