Balder

Balder, han var kar, han. Ikkje guden Balder, sjølv om eg kunde svor bestefar min var litt som ein gud der han stod. Kraftig og blond, keika ved horisonten og lurte på — korso tre skal eg kløyva ned og riva i dag. Nei, han var ikkje som andre menner med brillor, for han bar desse brillone stødt. Utan dei kjente eg hanom ikkje att i det heile. Sjølv for stemmen. Så mykje feste eg meg ved andlitet hans. Kraftige dalar i trynet, litt som dalen vi livde i, men ikkje heilt lik. Unik var han. Alt som var vakkert kunde eg finna i hanom, berri litt betre. Du veit, styrkja hans — massiv. Han hadde mykje mod — slæst på fest i nabobygdi og slost i Finlandskrigen, hev eg høyrt sidan. Det var ikkje råd for at han hadde ein stor, krøllut bart au.

Du skulde sett det heile. Han fann alltid den finaste fjellbjørki, som er hardla gode veden du finn. Ikkje noko skrap frå grani eller furo, det fekk vera så. Desse sumrane var dei beste. Vinteren var på måte dauden min. Eg kunde leka i snyen og driva fanskap på kjøkenet åt mor, men det var liti interessant. Sumar-far, bestefar, var liksom jul inn og ut, vi auste or gåvone som berre låg der og vænta på oss.

Eg fekk læra å semja ein sumar då bestefar kasta meg i sjøen. Kaldt var det, men meir av di eg ikkje kunde tru sumar-far vilde setja meg i fåre. Men sant kom handi og tok meg opp. Næste viku svam eg yvir heile fjorden, det var en bragd, sa han. Det vart krabbar til middag den kvelden.

Smått om senn byrja eg på ungdomsskulen. Og då kom alt om andre verdskrigi. Eg såg meg tvungi av samfundslæra til å spyrja ut bestefar. Han stirra umildt på meg mens eg sat i stugu, han visste eg kom til å spyrja. «Korso krigsbrotverk nazistane gjorde?» Eg følte meg ganske stutut medan eg spurte, som om eg angra på kvar staving. Men bestefar tok til å smila. Han sat ei stund sånn, tenkte nok ut noko lurt, vil eg tru. «Sebastian. Du spør no godt om krigi, skal du tru. Krigsbrotsverk? All krig er krigsbrotsverk. Føkk demm ål, som de ungdomar preikar.» Og det var då det. Sidan følte eg meg aldri tyngd til å frega kring detta. Seinare på dagen fór vi på fisking.

Men vinteren kom att og att, endå eg bad Vårherre pent om at han ikkje måtte gjera det. Det var ikkje råd for detta. Tilvera heime, Porsgrunn med litt straum og mat, men ikkje stort meir. Det var ikkje noko koseleg, detta. Mor drog frå far til slutt, og sidan fekk eg høyra at eg stod att med berri sumar-far og ho mor — far min blei i elvi, var samandraget. Kva som låg bak fekk eg aldri høyra.

Sumar-far livde vidare og gav meg minne millom fjord og fjell. Snart vart eg vaksin nok til å vera med på jakt. Eine jakt-kameraten, onkel Willow kalla eg hanom, var merkeleg og rar å ein måte som fær deg til å hiva deg ut i spenande ting. Han lærde meg om Mozart, Geirr Tveitt og dei store kjenslone i livet. Men størst av alle kjenslone var forsoningi, for eg fann ut onkel Willow var askenas-jøde. Og vidare livde sumarfar og onkel i fred og utan kjekling, eg ved dei — no skal helvetes elgen døy, han.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s