Det vart fem

Ned gatu seks på morgon og langt frå edru. Nei, du — det er det siste du er. Fyrr på kvelden fekk eg høyra du var ein framifrå sjåfør — det hadde so-visst Kongen i statsråd sagt, meinte du. Godt var det du tok til vitet då du gjekk inn på feil side av bilen og berre — «e orsjkt ikja fy fan». Presten din skulla høyrt dei glosone du lira av deg, min ven! «Brød og vatn og femti Vaderfår og so burt igjen», hadde han heva haka si og gjort deg frisk med. For du kunde trengja ein aspirin eller noko no. Bakrus er kjipt.

Du segjer du skal slutta drikka? Vel og vænt det. Skal byrja med saft, altso? Jaha. Byta ut leverskade med diabetes? Du ser no tvilande no, min ven. Du er ein patriot, ein berar av norsk drankartradisjon. Det var no langt betre enn desse moderne sofa-nordmennene. Fleirkulturelle grandisfolket, og med kulturen er det som med grandisen: Vi plukkar av paprikaen. Skal aldri vera ei fullendt uppleving her i det livande sosialdemokratiet. Maken til uliv, um du bed om meiningi mi. Det gjer du for resten ikkje, men hei, du sit no berre og mumlar der burte.

Det vart fem, saddu og datt i stugu. Du tenkte aldri på golvet mitt. Det hev ei historie, vettu. Må vita, dette er viktigt. Lange år-ringar og timberhogst og mølla og sende yvir Atlanteren og alt derne. Min ven — må seriøst vera det verste menneske, ja—so tarveleg å ikkje skyna det herne. Ja, det må du vera. Neida, neida. Eg berre skjemtær med hovudet ditt.

Advertisements

2 thoughts on “Det vart fem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s