Vi fell alle i graset

Det skal vera nokre få, gode ting. Myrk, nykoka kaffi. Fløyte dertil og ein neve fersk, råskin snus. Gjerne ei skeid tran om solik finst. Alle andre i huset skal sova. Eg skal sitja og tenkja — taka meg ei reis liksom, inn i tankane som gror og fell som om det ikkje var noko meir. Du veit den bitre smaken frå kaffien? Han sit på hjernen min no, litt uppe til vinstre.

Ah, fuglane. Dei flyg yver breiddi og synar noko godt som skal koma. Vinteren er burte, han. Du kann
sjå det drjupa frå fjellet, og på hi sida renn elvi no sprækt — vaskar vekk restar av hamburger-tallerkar hivne på eit seint nattsæte, nachspiel som ungdomin kallar. Soli, gode eld-klota som skin og skin, spør ikkje om meir. Det må vera reinaste godskapin eg hev høyrt om. Det skal vera bær og meire i fjellet om ikkje for lengi, uti august vil eg tru, og til då skal eg jobba i skoga. Ein timbermann er eg, det renn flis gjenom blodåri mine.

Eg ganga beintfram millom liom. Her var fjellbjørk — det var ikkje dumt, det. Hard som manneslag og brenn betre enn ei gamall kyrkje. For slike gamle bygg er bygde i solturka gran, som for seg er hardare enn eit bjørneslag, men lell ikkje brenn so godt sem bjørki. Det var mest for bjørk i området mitt, og eg hausta timber for ved og bark for kveikje — so’nn ved du fyrar upp omnen med. Eg kjente min eigin eim — flanellskjorte, trukki i snus-saft, arbeidsmannøl, sevju og besk sveite. Det var no, hehe — fy fan, godt eg er åleine i skoga. Lukti her må halda bjørn eit godt bel undan.

Kor eg ynskte meg eit blodig, transmakande stykkje daud kval, tenkte eg. Mon tru om kjerringa vann soleis. Eit velsmakande kjøtstykke, som smakar endå betre når du veit kor mange som hatar deg for å gjera det. Eggekvitestoff, det var noko eg trong og hungra for.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s