Livande under brennande kronor

Upp streten, upp streten, upp med livet! Livet under brennande kronor, det er bylivet — det er sjappar, cappucino og ironiske småkjeks. Skor med hælar så du fell som dumt, skotkræmt skogsvilt. Det er fridom so hakka gjenom at du ikkje lengir veit å vera fri er — det er ingi kontrast. Er du kann henda ein træll — ein krone-klirrar, ein sløvhals? Bundi av kronor og soleis. Hehe!

Slik fell tankar gjenom hovudet mitt når eg vandrar ned byen. Freistar lata som det er interessant. Freisar lata som det er seriøst. Freistar taka meg i akt når eg hiv meg inn i folkemengder og slær vilt um meg og deg og alt eg ikkje kann finna på sin plass. Men byfolk-gløymer deg, og mynsteret går att. Eg kann ikkje noko for innfalli. Eg hatar byen, men hatet kjem ikkje frå meg. Byen er vond, men vondskapen kjem ikkje frå byen — kva byen gjer og ter seg for. Det må koma frå noko byen ikkje gjer.

Det skjer alltid noko her. Samkvæme, karaoke, ljoden av nervøse japanske røstor. Coffeeshops, valdstektsdop og uppfylling av alle lyster. Lange bogar med folk undan gateseljarane — Gud, det er irriterande. Flir mot flir på fliri sveitta. Ljos og ingi skorting på detta. Knivran, eller det verste, det må vera — «desse varone er så billige at det for mest er eit ran!» Ein oljut ljod frå nokon som talar — um Messiah-en. Pund aluminiumstaket heng linor med folk og dalar. Hehe, dei ser ut som dei er hengde. Velkomin, revolusjonen! Det vart’kje for lenge.

Tuslar kring langs bybekkom, som inneheld stoffi vi treng for å tola den kunstige lufti. Blåe straumin, kryp ned gjenom bombesikker betong som makk i skrotten åt ein daud elitesoldat. Eller, for resten, ei veldig stor telju — ei eik, vil eg tru. Eg tek til å kvæda:

sjå ni i djupet
kryper marken
sit du
millom barken

ganga heiman
einaste samband
og so dan
daude alle mann.

Folket berre stirrar. Og vandrar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s