Blomstran yvi himmel-kvelvet

Alle må hava ein jobb. Draums jobb, ein forbanna møkka-jobb, ein skitin og kriminell jobb. Du tek det du fær og sit og nøgjer deg med so’nn. Det er haustbris med solfald, kvitrar her og fell ljos-stripor burti krinsen. Elg gango sodan burtyvi, gango sakte, mest kongelegt — og jortar på bæri og plantevokster. Vêret hev grini siste tåri si og breidd marki med næringsmiddel og tungmetall.

Blekksvart og glinsanse væske skrensar ned krattom. Ein skugge langs landskapet kvelvar um ljoset og lagar ein blafrande sirene. Som eit gamallt kjøleskap, den tidi vi hadde råd til slikt. Jortedyri og harane og vild-saudir spring kjapt burt, burt frå monsterskrålet. Det var no ly i fjelli, visste dei.

I 2085 kriga dei, missilar millom kontinentet og andre riki. Taktiske atomvåpen, økologi-sabotasje og alt det vonde som kjem med s’likt. Bordeaux og Stockholm låg i ruinar. No vaks ei ny jord fram — ei jord gjødsla med blodet åt patriotane. Jobben min, det er forfina det — ikkje gjenom propaganda, men onnorleis. Knappen lyser sprækt og glensar på og tå.

Eg trykkjer. Med eitt fell ein pakke ned. Ekspanderer, smell.

Blomstran yvi himmel-kvelvet, det brenn i alle fargor og vakre ting. Dei fell sakte mot landskapet, på lik-haugane. Landar elegant, blomstrane finn feste og kviler. Det går nokre vekor. Blomstrane et upp den tragiske statistikken; trekkjer næring frå dei daude. So kjem det ny vokster, ein ny klote som vi kann liva på. Sakte svinn tungmetallane og kjøtet frå jordflata — let det vera rum for noko meir sunt.

Paradis å nyo.

Advertisements

One thought on “Blomstran yvi himmel-kvelvet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s