Utdrag: Kom og taka meg, engelsken!

Dette spottet er eit utdrag frå skissa åt skriftsamlingi Spynorsk eller fint i dikt — kva skal nynorsken vera?. Ho vert posta når ho er ferdug.


Samnorsk er eit hyggeleg scenario, det som ikkje er hyggeleg, er om engelsk tek over for norsk skriftspråk. — Sylfest Lomheim, i Klassekampen 28.08.10, s. 30

Stundom kjem engelsken. Vi spring som galne høns milla veggene og kastar framandordi ut på gato for å svelta. Apple-sjappar vert sette fyr på. For det er herne med engelsken, han skal so-visst vera fårleg og gjerug på norskt mål. Vondare enn noko hulder vi finn i skogen. Eit språk i vampyrform — og lell fer vi og ser desse engelske vampyrfilmane.

Eg segjer: Kom og taka meg, engelsken. Når eg ser desse klokare språk-kunnige nerdane gå og klaga yver SALE SALE SALE på Cubus, tenkjer eg: Jamvel, om du strauk e-en, vart det nynorsk. Gjeva meg so mange engelske ord som mogleg. Grass, song, so, given, to live, to take! Det heile er so likt språket mitt at ein skulde tru eg var britisk statsagent. Men det er eg altso ikkje. Eg er døl.

Folket held fram med å sautra og gnåla. Men eg ser ei vane her — dei er stort sett bokmålsfolk. No driv engelsken or dei dansk-danske formene. Detta er mykje betre underhaldning enn filmar på engelsk, spør du meg. Det er berre eit problem. Engelsken ligg til å verta den nye norsken, og då kann det jo ikkje heite nynorsk lenger. Ja, det må vera ei sak for Språkrådet her i landet, detta.

Flokken nemnt ovanfor hev ikkje noko problem med latinske eller lågtyske ord. Endåtil elskar dei desse ordi og vil laga store stablar med deim. Til slutt sit du med noko som ikkje lenger kann gjelda for språk, av di eit språk skal kommunisera — ikkje smæshe saman ordledd. Eksistensberettigelse I forhold til anseelsen av betingelsene for fornyelse av tilværelsen — blant øvrigheten. My ass.

Filosofen Hegel — Helge kallar eg honom — var ein lur kar, dét. Kisen prata ofte om eit herre-træl-spel. Herren kallar seg sjølv for herre og trælen for træl. For å vinna fullt må han få trælen til å kalla seg sjølv for træl. Dette spelet tek slutt berre om dei godtek kvarandre som likeverduge — elles vert berre spelet snudd. Nynorsken og bokmålet er i eit slikt spel. Som ein stor trønder ein gong sa:

Ei tid kappast både riksmål og landsmål um å kjæle dialektane, og kyte upp dialektlitteratur. Det var det einaste levande, som kom fram frå dialektane. Og det frå skriftspråka fekk noko daudt litterært over seg. Riksmålet brukte dialektane mot landsmålet. Og landsmålet kanskje mot riksmålet. Båe med tanke på å sprengja kvarandre. Og det har lukkast so burt imot. Riksmålet i uppløysing. Landsmålet like so. — [Kristofer Uppdal: Høgnorsk, 1924]

No er det ein tridje part — vampyrspråket. Og då skal liksom nynorsk-folket leggja upp og skriva bokmål for å styrkja norsken. Det kann ikkje vera so’nn. No fær bokmålet på eigin pung, med same utarmingi det dreiv fram i nynorsken. Vi skal jo alltid skriva dialektnært, medan bokmålet byter ut fleire og fleire av dialektane her i landet. Etter 1938 fekk ikkje landsmålet lov til å byggja på eigen skriftleg tradisjon. Neidu — landsmålet skulde byggja på bokmålssamsvar og dei dialektane som staten likte. Venta, eit døme frå 1936:

[Om vi/me] Når én av disse formene skal oppgis, kan det ikke være tvilsomt at det er me som bør vike. Og dersom det først er klart at det er vi som vil komme til å vinne i det lange løp, er det lite gagn i å holde oppe en klammeform enda et tiår eller to. Her òg vil det da bli fullt samsvar mellom nno. og bm. i et vanlig og viktig ord.

Makan. Her hev Sylfest Lomheim snakka lengi om ei sokalla naturleg utvikling mot samnorsk, men engelsk — det kann vi’kje hava. Her vart det fritt for svinn, du. Nei, draga meg med sokkleistane gjenom svarte blodskårhelvete. Kom og taka meg, du gode engelsken. Einaste fåre er at du gjev meg att språket mitt.

Advertisements

One thought on “Utdrag: Kom og taka meg, engelsken!

  1. Godt! Og eg elskar det tvetydige i det siste sitatet: «Og dersom det først er klart at det er vi som vil komme til å vinne i det lange løp» – berre nydeleg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s