Trøndsk fasisme

FRÅ TRONDHEIM, 19. SEPT 2011 — Haustregnet smell på øyro. Fanden byd til dans på bakrusen frå gårsdagen. Skriblar nervøst i skrivarblokki for å kverka minutt på minutt. Det luktar Sentrum av meg. Klokka er 13:25 og eg stirrar inn i eit uendeleg myrke av eit møterum. Og det stirrar attende — noko skimrar inni der, og upp veggene kravlar polkadottar. So fell gardinene og ljoset slær mot folket. Det treff og kastar gnistar i brillone åt Martin Teveldal. Ein spinkel kis med tennissokk og bylgjebart. Han ser ut som ein gamalvorin togførar, men leidar no Trøndsk Førrbund. Ei radikal knippe er det, herne flokken går det mange ord um. «Trønderan ha heva seg mange gongir førr, dæm», segjer ein.

Det er ikkje noko nytt med denna oppvoksteren av trøndsk patriotisme. Lengi hev det syra og knaka på gjenom breide æ-ar. Ymse oppstander og protestar mot sentralmakti. Nekta å lata seg kristne au, hev trøndene. Dei gjer lell krav på presens-sætet i Den norske kyrkja, rike Nidaros-tradisjonen atti seg. Her er det nok å ausa tå. Det er ikkje uventa at Freia fell under Kraft og Nidar no stend som einaste norske godteriprodusent. Nye trønderjarlane, millom deim Rema-Reitan, gjer Austlandet til trøndsk handelsgods. Møtefolket nølar ikkje med å vedgå korso stoda er: «Ein tur på hjørne for ein mann er ein pessgrav for annan. Søringan veit no k’a som kjem».

Ikkje godt er det å segja kva som driv desse trøndene. Kann henda er det forbodet mot skinnvest — som sneik seg inn med burka-lovgivingi. Ein sku tru det galdt straumprisane. Dessmeir vert trøndene tidt sett på som liti dumme. Dei politiske partii vel medviti ut intelligensskortande trønderemne. Gjev du landet Trond Giske og Bjarne? Røynleg detta — det beste Trøndelag kann bjoda på, er festløvar og PR-folk! Spør meg rundt, vert fanga i djupet av kostute trønderbartar. Kaffien brenn gjenom pappkruset. Det skal visst nok vera so’nn.

Det kjem noko uventa. Ei røyst med nasal slagkraft, som ein kanon. Pang! Fir-noll åt søringfolke i Evropa (red. anm. Tyskland), kontinentale muggost-gaflande fanskap, shø. Endeleg, ein som pratar.

Femtan minutt går til å forklara at eg ikkje er frå Møre. Næst går samtala frametter. Ra-ta-ta. Det er for mest han som snakkar, medan eg skyt inn stikk-ord. Rata-ta-ta. Praten fell kring alle dei store ordskifti, dei små med — stutt, men snøgt, snøgt tempo. Det er røynleg Twitter. — Enn med bispesætet? Trøndene er visst ikkje serleg ukristne, men det er dei kristne som er svære i kjeften. Kann henda sku kristenfolket læra av Jesos’en sjølv: «Det er ikkje det som kjem inn i munnen, som gjer mennesket ureint, men det som gjeng ut or munnen, det er det som gjer mennesket ureint!» (Matt 15:11). Fyre meg står trønderen og talar beint so’nn: «Eg meine» godt det kann vera ein Gud, men han sku fan ikkj» tru han e» no».» Trøndelag er Høgsterett for janteloven.

Drivet i ein trøndersamtale er som kvantefysikk. Anten talar du, eller so veit du kva du preikar um. Aldri båe. Men trønderpartikkelen hev alltid eit sentrum å falla tilbake på. Baillspæl. Du kann ta deg gift på det. Trønderland er fotball-land, meir enn Bayern og Argentina. Det er uppfriskande å høyra lidskapen, for det finst ikkje maken her elles i landet. Men so er vi fort yvi på dessa søringane att.

Ikkje er det mogleg å få replikkar her. Journalisten må handla, fort og kort. Spennar i ribbeina og ut fér eit «jaso ja, Bergen hev fått bybane». Ørkenstille trøndergruvling. Det skal då fan ikkje vera so, Bergen må ikkje vinna. Trønder vert danna um til gapanda måkar med «æ, æ, æ!», vindaugo slær og kaffi flyt ned veggene. Ser ei raud sol grina inn i rumet, fargar meg med blodskir. Måkar elskar gørr, må vita! Tripp, trapp — ut av møtelokalet. Spring stødt og snøgt ned mot jarnbanen, trønderflokkar atti meg. Betong susar under føtene — som å sveva på motorvegen. Kaffikopp-missilar vikar eg elegant på sida, men skal tilstå spruten framleis sit i skjorta mi medan eg skriv detta.

Ruta går soleis: Gjenom Munkegata, forbi lidande tiggarar — sigøynarar og Omega 3-seljarane. På hi sida av Fjordgata, rett ved bryggja. Nokre trønder står klåre til å fella meg og eg må leggja um åt Raddison. Yvi storbrui og inn i parkeringshuset. Smell upp vindauga på ein Prius og ligg der vel eit kvarter — so beint ut og yvi mot Solsida. Der står flokken min au, dessverre. Trøndene freistar flanka meg yvi gangbrui. Ikkje so — dei tryner inn i Omega 3-folket, so det må vera godt for noko. Eg skal opna ei tinging når eg kjem heim. Ned, ned langs båtane og yvi brui til jarnbanen. Inn på ein buss, so hoppa av just når trøndene går på. Ha det bra, og eg rekkjer å kaupa togturen på stasjonen. Tjuge kronor er spara. Kjenner det gråduge møring-instinktet vakna til, men nordtrønderen i meg vil ha pøls. Sak avgjord. Reportasje avslutta.

Fyrr publikasjonen FLAUM, er eg steinrausi. Liva vel!

Advertisements

Språksaker

Det går godt med norsk språk, skal vi tru Språkrådet. Nynorsken skal bli ny, heiter det — og nyleg kom folket med sakspapiri åt næste nemndmøte. Der er det mykje interessant.

I alle fall visar papiri at samnorsk-prosjektet vart ein suksess lell. Alle som skal inn er i bokmålsretning — og alt som skal burt er, huff då, ganske nynorsk. No kann vi skriva opent, gir og tatt — men ikkje honom, gjenge (seg ein tur) eller (huset er) bygt. Det er no bra at språket mitt vert moderne, jau. Skal ikkje vera vridi — skal spela på lag, eg.

Derimot vil eg hevda Språkrådet sjølv ikkje er uppdaterte nok. Eit tvidelt råd er detta — med seksjonar for nynorsk og bokmål. Men eg ser ikkje at bokmålsfolket let meg skriva bilane eller brøra mine. Her skortar det på demokrati, visst so. Eg skynar godt det var meiningi at berre nynorskdelen skal ta vilkårlege umsyn til talemålet — ogso hos dei som friviljugt pratar bokmål. Men det er arkaisk, gamalvori — og eit byråkrati vi ikkje treng.

So’nn lyt vi slå saman seksjonane til ein. Nynorsken skal lell gnaga på fruktene åt bokmålet. Ikkje meir toillprat om at det er sirkelargumentasjon!, når nemndi vil hava kjende former som kjende former. Vel enkelt og greidt bokmålsformene. Berre eit lite tips frå meg til rådet.

Det eg likar aller best med sakspapiri, er korso dei friskar upp nynorsken. Eg gjev ein kvil i ord som blåster og kjukling — det er berre ord! Det eg derimot er glad i, er reglar. Som at det skal vera ein -t i ferdig notid (perfektum) av linne verb — har brukt. Nei, vent, eit ord endar på -g — då må det verta -d (bygd) i fortid. Eg segjer for resten tadd — det må vel væra lov? Infinitivsformi sluttar jo på vokal! Då vert det vel som blø — har blødd. Nei, det vart tatt. Gjeld for resten ikkje alle ord på vokal — der heiter framleis sagt.

Det er slike spreidde og artige tiltak som gjev nynorsken ein so’nn sjarm. Jau, en litin svip vil eg kalla, det gjer språket rikare og meir høveleg. Det gjer ikkje noko at eg ikkje finn nynorsk i media, soleis eg aldri fær sett desse merkelege formene. For eg hev jo ei ordbok.

Lukke til, nynorsken.

Blåster

Det var no i deim kalde næter, langs aksa åt tidi og fljotande gjenom rumet. Oi, det tok til å regna, du. Regndryss på meg og skuldri mi skuggar for deg. Fin blåster blæs gjenom oss og kryp upp kjolen din. Haust-notti er noko rart, dét. Høyrte stemmar eg hadde gløymt og lét renna ut for lengi sidan. Brann liksom inni meg, og eldflugane kom åt meg. Gnisle, gnisle, hei på deg. Korsen det går? Eg heilsa på eit nordnorsk myrke nok ein gong.

Det vart sleimt vêr, retteleg sleimt og barskt. Vonde greinor reiv mot kvarandre og brakk. Eg såg karar rasla burtyvi for å sikra båtane, for tanken um at dei dreiv ut på sjøen — «sjon», det var nok verre enn styggvêret. Staute karar i gult og med hast på seg. Støvilpløygd gjørme batt fleire og fleire menner fast i spori sine. Men det fekk vel gå, dei trøska på og trakk stigar nyo. Regnpiska var no liti som porselen som vert knust, eller kann henda ein pønk-konsert. Eg såg han Martin.

«Gud ker det var førr skitveir», kauka eg. «Du munj» nå borga dæg sjølv, karen. K’a du og kjerringe gjer ute? Held dykker for fan då inné, de.» Og traska utetter stigen. Kristine var nok ikkje ueinig, sku eg tolka ho i augoskimret. Det byrja dunkla, tok til å reinsa landskapet med saltvatn-slag og måneskin. Flauma yvi. Riktig sirkus, du kann vel kalla det økologisk på vis.

Tør du svara ei hagle med ein blomster

Eg vandrar i hugen og kjem på eit par. Ho er tjuge, eller, veit’kje kor gamall. Ikkje heilt fager, ikkje heilt macho helder. Karen — ja, det var vel ein kar, i tette buksar og det heile. Brillor. Skarp nase og brillor, som ein slags hipster eller bokmann. So ivruge var dei, sinte i tala!

Ho: «Din gjenomgnaga tøffelhelt. Prata om det og dat — store tankar, små menneske er vi som ikkje når upp til dei. Kann’kje det ein gong, når du tek umsyn til meg sist, eigentleg — du? Vil hava ein krig du ikkje kjempar sjølv. Du er ikkje modig, om du sjølv vil kjempa i han. For di! Tør du svara ei hagle med ein blomster, din liksom-Jesus? Fan.»

Ja, der var detta med ungdomin. Taktlause, deim — dei er det. Ute av takt med storsamfundet. Herregud du, lengi sidan, det der. For resten hev-eg-kje-råd til å vera ung lenger. Fører ein sivilisasjons-viktig jobb å gjera. Det vinn ikkje slikt dikkeri no som eg er postbud.

Ingi hev læst upp augneloki enno, og godt sò. Det verste som hender er når eg står um-med posthylla og eigaren kjem og vil hava posten rett i handi. Eg veit ikkje kven du er. Heilt sant, namnet ditt — eh, Kristian? Marknadsfolki som gjorde Posten til symbolet på å vera eit medmenneske — det er som å marknadsføra NAV og ventekaffi som Norigs svar på Starbucks.

Ikkje for å hevda at vi på postkontoret er nokre turrpinnor. Eingong fekk ei prominent by-dame noko pakka i slags sylvarpapir. Berre at papiret var so-vidt falle av — vi såg det var eit låttleg, mesta dekadent sexleketøy. Næst, framom å senda gjengse «kom og henta pakken», kom vi til skade for å skriva det siste ordet feil og med ei heilt usømeleg tyding. Gøy var det, gøy var det med slikt. Good times, som det heiter på nynorsk.

Eg narrar ikkje nokon her. Det er ei lite spennande tilvære. Dødskjipt.

So. Om kvelden riv eg asfalten og ser etter liv på rullebrett og milla bakgatone. Der ligg folk i desperat svolt og riv or musklane sine. Gjengar då og dar, på utkikk etter strevet — slagsmåli. Regn og inkje ly for det. Det er liksom om himmelen fell ned. Ein katastrofe for dama i nye, dyre klædi. Ein vassflekk. Men for deim i bakgatone er det ikkje noko katastrofe. Det er eit stillt, verdigt ritual — som minnar dei korso storsamfundet gjev ein piss i folk som deim. Hallo, mann. Um å liva på kokain og spinat.

Sigøynarstress

Det knirkar i tannhjula åt EU. Noko er i emning! Sigøynarane gjeld det, og Sarkozy leidar fram. Roma-folket er usosiale, dårleg integrerte heiter det. Berre i 2009 vart 12,000 romafolk hivne ut or Frankrike. Jamvel finst det betaling for dei som stikk friviljugt heim åt Romania.

«Rasisme!», ropar venstrefascistane. Eg er skuffa — ingen tør å ha litt ballar i saka her. Det er heilt klårt ein flokk parasittar i Europa, dei kvin og plagar fleirtalet. Eit trugsmål mot den europeiske fellesskapen. Vi treng ei dugande, brautande løysing.

Men det skal ikkje vera lett med detta romfolket. Evangelisk kristendom breider seg hos sigøynarane, og fleire og fleire fær ein protestantisk arbeidsetikk. Ein etikk vi for longo forlot, mest fordi vi er sofafolket. Segjer avisa um flokken: «Dei er seriøse, respektable; dei røystar, dei brenn ikkje upp bilar, dei vil liva i harmoni. Det er det motsette av stereotypen . . .» Ikkje nok at sigøynarar er slynglar — dei vil til og med arbeida og delta i demokratiet. Nei, dette vart no reint forfæld, spør du meg.

So eg snakkar ikkje um sigøyanarene, må du vita. Eller jødar, baskerar eller vestlendingar. Eg pratar eit folk utan eige land — som skulla havt eigen stat for lengi sidan. Detta er ei tid med fridom for alle nasjonar, eit Israel for jødane og kann henda eit Palestina for palestinarane. Vi treng eit ordskifte no.

Eg snakkar sjølvsagt um folket i Brüssel. Byråkratar, diplomatar, sosialøkonomar og so burtetter. Sume vil hevda dei alt styrer mesteparten av samfunnet — det same vart og vert sagt um jødane, utan det kom noko godt ut av dét. Det er på tida vi godtek dette folket og gjev dei rum til å utvikla seg.

Byråkratisk kultur er pressa i heile Europa. Fleire og fleire bannar upp imot EU-direktiva. I Norig krev Språkrådet at byråkratane må kasta kulturen sin i dass og byrja skriva forståeleg norsk. Klårspråk er dekkordet deira. Det heile er kultur-rasisme, utarming og tvangsintegrering — alt på ein gong.

Kåra for ein byråkrat-stat er gode no. Nasjonaldikt — kva anna enn eposet som er EU-lovgivinga, sikkert ein 50-60 bind langt? Lisboa-traktaten som grunnlov for heile riket. Baronesse Catherine Ashton som statshøvding! Og jaggu må byråkratane røkta fram eige språk — bygt på eit fall av lågtysk, latin, fransk og engelsk terminologi. Lengi leva verbalsubstantiva, passiv og kommaet.

Det kann ikkje verta anna enn ein hei-dundrande suksess!

Venleg helsing
steinrausi.

Opin prat åt Språkrådet — um «hacker» og «datasnok»

For ei tid sidan la Språkrådet fram nye avløysarord. Milla desse finn vi ordet «datasnok», som skal skuva burt «hacker» åt engelsken. Det var no so — nyordet er klønut nok, segjer for mest alle.

Vi kann ikkje liva med so’nne dårlege ord. La oss prata um det.

«Hacker» vert oftast brukt nedsetjande, som i «hackerar legg ut elefantporno på twitteren åt Stoltenberg». Dette er au tydingi som kjem fram med «datasnok» — ein sorts skurk. Datamiljøet sjølv nyttar ordet i skrytande måte, til dømes Hacker News — ein nyhende-front for IT-gründerar. UNIX-hackeren er ein skjeggut kis som ordnar alt med nokre trykk i terminalen. «Just Another Perl Hacker» er ein som skissar saman feite, oftast geniale løysingar i språket Perl. Altso er «hacker»en ein som lagar «hacks» — småe, kule triks. I nyare tid vert ordet nytta um og i alle slags krinsar — til dømes hos LifeHacker. Dei driv med tips til å spara tid på ymse ting.

So finst security experts. Dei bryt seg inn i datasystem og kjem i tri fargor:

  1. white hat — er snill/tilsette, for lidenskapen;
  2. black hat — «cracker»; er vondsinna, for profitt;
  3. og gray hat — noko i midten av dei tvo.

Altso er «hacker»-ordet breidare enn Språkrådet trur. Då treng vi eit kraftigare og godt avløysarord. Det må vera både eit verb og eit substantiv.

Mitt eige fyreslag er snittar (el. snidar), substantivet snitt og verbet å snitta (el. snida). Det vil bringa augo til at hackerar ofte bryt upp noko i stykke og drøftar det. Dessutan står snitt allereie med tydingi 7. knep, prette . . . grep, handlag. i ordboki. Då vil vi hava motpart til setningar som:

I finally got it working, but it was a bit of a hack.

— Eg fekk det endeleg til, sjølv um det var litt av eit snitt (keidsamt arbeide).

Og soleis: «Han såg sitt snitt» (utnytta noko). Dessutan hev vi ordet «grensesnitt», som er grensa milla maskinvare og programvare. Snittaren bryt altso denne grensa. Og ordet opnar for kreative ordspel: «VG.no åtaka av skurkar; fekk snitta vengone sine i kveld». Meir vert «black hat» åt «vondsnittar», «white hat» åt «godsnittar» og «gray hat» åt «gråsnittar» (i tydingi 3 skya, disig, uklår). «Security experts» må vera «tryggjingsfolk» eller «sikringsekspertar». Eller noko so klønut som «motsnittar».

Happy snitting, datafolket.

Helsing
steinrausi

PS: På nynorsk lyt Goedels «Unvollständigkeitssatz» heita «skortslæresetningane» (teoremi), av «å skorte» — å ikkje vera nok. «Vollständigkeitssatz» må verta «heilskapslæresetningane» (teoremi).