Tør du svara ei hagle med ein blomster

Eg vandrar i hugen og kjem på eit par. Ho er tjuge, eller, veit’kje kor gamall. Ikkje heilt fager, ikkje heilt macho helder. Karen — ja, det var vel ein kar, i tette buksar og det heile. Brillor. Skarp nase og brillor, som ein slags hipster eller bokmann. So ivruge var dei, sinte i tala!

Ho: «Din gjenomgnaga tøffelhelt. Prata om det og dat — store tankar, små menneske er vi som ikkje når upp til dei. Kann’kje det ein gong, når du tek umsyn til meg sist, eigentleg — du? Vil hava ein krig du ikkje kjempar sjølv. Du er ikkje modig, om du sjølv vil kjempa i han. For di! Tør du svara ei hagle med ein blomster, din liksom-Jesus? Fan.»

Ja, der var detta med ungdomin. Taktlause, deim — dei er det. Ute av takt med storsamfundet. Herregud du, lengi sidan, det der. For resten hev-eg-kje-råd til å vera ung lenger. Fører ein sivilisasjons-viktig jobb å gjera. Det vinn ikkje slikt dikkeri no som eg er postbud.

Ingi hev læst upp augneloki enno, og godt sò. Det verste som hender er når eg står um-med posthylla og eigaren kjem og vil hava posten rett i handi. Eg veit ikkje kven du er. Heilt sant, namnet ditt — eh, Kristian? Marknadsfolki som gjorde Posten til symbolet på å vera eit medmenneske — det er som å marknadsføra NAV og ventekaffi som Norigs svar på Starbucks.

Ikkje for å hevda at vi på postkontoret er nokre turrpinnor. Eingong fekk ei prominent by-dame noko pakka i slags sylvarpapir. Berre at papiret var so-vidt falle av — vi såg det var eit låttleg, mesta dekadent sexleketøy. Næst, framom å senda gjengse «kom og henta pakken», kom vi til skade for å skriva det siste ordet feil og med ei heilt usømeleg tyding. Gøy var det, gøy var det med slikt. Good times, som det heiter på nynorsk.

Eg narrar ikkje nokon her. Det er ei lite spennande tilvære. Dødskjipt.

So. Om kvelden riv eg asfalten og ser etter liv på rullebrett og milla bakgatone. Der ligg folk i desperat svolt og riv or musklane sine. Gjengar då og dar, på utkikk etter strevet — slagsmåli. Regn og inkje ly for det. Det er liksom om himmelen fell ned. Ein katastrofe for dama i nye, dyre klædi. Ein vassflekk. Men for deim i bakgatone er det ikkje noko katastrofe. Det er eit stillt, verdigt ritual — som minnar dei korso storsamfundet gjev ein piss i folk som deim. Hallo, mann. Um å liva på kokain og spinat.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s