Blåster

Det var no i deim kalde næter, langs aksa åt tidi og fljotande gjenom rumet. Oi, det tok til å regna, du. Regndryss på meg og skuldri mi skuggar for deg. Fin blåster blæs gjenom oss og kryp upp kjolen din. Haust-notti er noko rart, dét. Høyrte stemmar eg hadde gløymt og lét renna ut for lengi sidan. Brann liksom inni meg, og eldflugane kom åt meg. Gnisle, gnisle, hei på deg. Korsen det går? Eg heilsa på eit nordnorsk myrke nok ein gong.

Det vart sleimt vêr, retteleg sleimt og barskt. Vonde greinor reiv mot kvarandre og brakk. Eg såg karar rasla burtyvi for å sikra båtane, for tanken um at dei dreiv ut på sjøen — «sjon», det var nok verre enn styggvêret. Staute karar i gult og med hast på seg. Støvilpløygd gjørme batt fleire og fleire menner fast i spori sine. Men det fekk vel gå, dei trøska på og trakk stigar nyo. Regnpiska var no liti som porselen som vert knust, eller kann henda ein pønk-konsert. Eg såg han Martin.

«Gud ker det var førr skitveir», kauka eg. «Du munj» nå borga dæg sjølv, karen. K’a du og kjerringe gjer ute? Held dykker for fan då inné, de.» Og traska utetter stigen. Kristine var nok ikkje ueinig, sku eg tolka ho i augoskimret. Det byrja dunkla, tok til å reinsa landskapet med saltvatn-slag og måneskin. Flauma yvi. Riktig sirkus, du kann vel kalla det økologisk på vis.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s