Språksaker

Det går godt med norsk språk, skal vi tru Språkrådet. Nynorsken skal bli ny, heiter det — og nyleg kom folket med sakspapiri åt næste nemndmøte. Der er det mykje interessant.

I alle fall visar papiri at samnorsk-prosjektet vart ein suksess lell. Alle som skal inn er i bokmålsretning — og alt som skal burt er, huff då, ganske nynorsk. No kann vi skriva opent, gir og tatt — men ikkje honom, gjenge (seg ein tur) eller (huset er) bygt. Det er no bra at språket mitt vert moderne, jau. Skal ikkje vera vridi — skal spela på lag, eg.

Derimot vil eg hevda Språkrådet sjølv ikkje er uppdaterte nok. Eit tvidelt råd er detta — med seksjonar for nynorsk og bokmål. Men eg ser ikkje at bokmålsfolket let meg skriva bilane eller brøra mine. Her skortar det på demokrati, visst so. Eg skynar godt det var meiningi at berre nynorskdelen skal ta vilkårlege umsyn til talemålet — ogso hos dei som friviljugt pratar bokmål. Men det er arkaisk, gamalvori — og eit byråkrati vi ikkje treng.

So’nn lyt vi slå saman seksjonane til ein. Nynorsken skal lell gnaga på fruktene åt bokmålet. Ikkje meir toillprat om at det er sirkelargumentasjon!, når nemndi vil hava kjende former som kjende former. Vel enkelt og greidt bokmålsformene. Berre eit lite tips frå meg til rådet.

Det eg likar aller best med sakspapiri, er korso dei friskar upp nynorsken. Eg gjev ein kvil i ord som blåster og kjukling — det er berre ord! Det eg derimot er glad i, er reglar. Som at det skal vera ein -t i ferdig notid (perfektum) av linne verb — har brukt. Nei, vent, eit ord endar på -g — då må det verta -d (bygd) i fortid. Eg segjer for resten tadd — det må vel væra lov? Infinitivsformi sluttar jo på vokal! Då vert det vel som blø — har blødd. Nei, det vart tatt. Gjeld for resten ikkje alle ord på vokal — der heiter framleis sagt.

Det er slike spreidde og artige tiltak som gjev nynorsken ein so’nn sjarm. Jau, en litin svip vil eg kalla, det gjer språket rikare og meir høveleg. Det gjer ikkje noko at eg ikkje finn nynorsk i media, soleis eg aldri fær sett desse merkelege formene. For eg hev jo ei ordbok.

Lukke til, nynorsken.

Advertisements

One thought on “Språksaker

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s