Trøndsk fasisme

FRÅ TRONDHEIM, 19. SEPT 2011 — Haustregnet smell på øyro. Fanden byd til dans på bakrusen frå gårsdagen. Skriblar nervøst i skrivarblokki for å kverka minutt på minutt. Det luktar Sentrum av meg. Klokka er 13:25 og eg stirrar inn i eit uendeleg myrke av eit møterum. Og det stirrar attende — noko skimrar inni der, og upp veggene kravlar polkadottar. So fell gardinene og ljoset slær mot folket. Det treff og kastar gnistar i brillone åt Martin Teveldal. Ein spinkel kis med tennissokk og bylgjebart. Han ser ut som ein gamalvorin togførar, men leidar no Trøndsk Førrbund. Ei radikal knippe er det, herne flokken går det mange ord um. «Trønderan ha heva seg mange gongir førr, dæm», segjer ein.

Det er ikkje noko nytt med denna oppvoksteren av trøndsk patriotisme. Lengi hev det syra og knaka på gjenom breide æ-ar. Ymse oppstander og protestar mot sentralmakti. Nekta å lata seg kristne au, hev trøndene. Dei gjer lell krav på presens-sætet i Den norske kyrkja, rike Nidaros-tradisjonen atti seg. Her er det nok å ausa tå. Det er ikkje uventa at Freia fell under Kraft og Nidar no stend som einaste norske godteriprodusent. Nye trønderjarlane, millom deim Rema-Reitan, gjer Austlandet til trøndsk handelsgods. Møtefolket nølar ikkje med å vedgå korso stoda er: «Ein tur på hjørne for ein mann er ein pessgrav for annan. Søringan veit no k’a som kjem».

Ikkje godt er det å segja kva som driv desse trøndene. Kann henda er det forbodet mot skinnvest — som sneik seg inn med burka-lovgivingi. Ein sku tru det galdt straumprisane. Dessmeir vert trøndene tidt sett på som liti dumme. Dei politiske partii vel medviti ut intelligensskortande trønderemne. Gjev du landet Trond Giske og Bjarne? Røynleg detta — det beste Trøndelag kann bjoda på, er festløvar og PR-folk! Spør meg rundt, vert fanga i djupet av kostute trønderbartar. Kaffien brenn gjenom pappkruset. Det skal visst nok vera so’nn.

Det kjem noko uventa. Ei røyst med nasal slagkraft, som ein kanon. Pang! Fir-noll åt søringfolke i Evropa (red. anm. Tyskland), kontinentale muggost-gaflande fanskap, shø. Endeleg, ein som pratar.

Femtan minutt går til å forklara at eg ikkje er frå Møre. Næst går samtala frametter. Ra-ta-ta. Det er for mest han som snakkar, medan eg skyt inn stikk-ord. Rata-ta-ta. Praten fell kring alle dei store ordskifti, dei små med — stutt, men snøgt, snøgt tempo. Det er røynleg Twitter. — Enn med bispesætet? Trøndene er visst ikkje serleg ukristne, men det er dei kristne som er svære i kjeften. Kann henda sku kristenfolket læra av Jesos’en sjølv: «Det er ikkje det som kjem inn i munnen, som gjer mennesket ureint, men det som gjeng ut or munnen, det er det som gjer mennesket ureint!» (Matt 15:11). Fyre meg står trønderen og talar beint so’nn: «Eg meine» godt det kann vera ein Gud, men han sku fan ikkj» tru han e» no».» Trøndelag er Høgsterett for janteloven.

Drivet i ein trøndersamtale er som kvantefysikk. Anten talar du, eller so veit du kva du preikar um. Aldri båe. Men trønderpartikkelen hev alltid eit sentrum å falla tilbake på. Baillspæl. Du kann ta deg gift på det. Trønderland er fotball-land, meir enn Bayern og Argentina. Det er uppfriskande å høyra lidskapen, for det finst ikkje maken her elles i landet. Men so er vi fort yvi på dessa søringane att.

Ikkje er det mogleg å få replikkar her. Journalisten må handla, fort og kort. Spennar i ribbeina og ut fér eit «jaso ja, Bergen hev fått bybane». Ørkenstille trøndergruvling. Det skal då fan ikkje vera so, Bergen må ikkje vinna. Trønder vert danna um til gapanda måkar med «æ, æ, æ!», vindaugo slær og kaffi flyt ned veggene. Ser ei raud sol grina inn i rumet, fargar meg med blodskir. Måkar elskar gørr, må vita! Tripp, trapp — ut av møtelokalet. Spring stødt og snøgt ned mot jarnbanen, trønderflokkar atti meg. Betong susar under føtene — som å sveva på motorvegen. Kaffikopp-missilar vikar eg elegant på sida, men skal tilstå spruten framleis sit i skjorta mi medan eg skriv detta.

Ruta går soleis: Gjenom Munkegata, forbi lidande tiggarar — sigøynarar og Omega 3-seljarane. På hi sida av Fjordgata, rett ved bryggja. Nokre trønder står klåre til å fella meg og eg må leggja um åt Raddison. Yvi storbrui og inn i parkeringshuset. Smell upp vindauga på ein Prius og ligg der vel eit kvarter — so beint ut og yvi mot Solsida. Der står flokken min au, dessverre. Trøndene freistar flanka meg yvi gangbrui. Ikkje so — dei tryner inn i Omega 3-folket, so det må vera godt for noko. Eg skal opna ei tinging når eg kjem heim. Ned, ned langs båtane og yvi brui til jarnbanen. Inn på ein buss, so hoppa av just når trøndene går på. Ha det bra, og eg rekkjer å kaupa togturen på stasjonen. Tjuge kronor er spara. Kjenner det gråduge møring-instinktet vakna til, men nordtrønderen i meg vil ha pøls. Sak avgjord. Reportasje avslutta.

Fyrr publikasjonen FLAUM, er eg steinrausi. Liva vel!

Advertisements

3 thoughts on “Trøndsk fasisme

  1. «Søringan veit no ka som kjæm» Det er artig med sånn derre nordlendinger som sier «E DU SØRING!?!?!?!».

    SV: Haha, takk for tipset!:D

  2. HAHA! Nei eg trur ikkje han var redd for det! Men når eg tenkjar meg om så fekk eg ikkje lov til å rufsa han i håret, det tyder vel kanskje litt på jentelus-frykt..?

    Eg merkar at eg skal dykka djupare med i denne bloggen når eg er meir vaken, for det var mykje morosamt lesestoff her. Og ikkje minst kjekt språk då;)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s