Fanskap og vanvitet på Inderøya i helgi

Steinrausi hev legi seg ein lang kvil og stått upp frå ein brunn fyllt med piss. For eg må beklaga det hev vorti lite skrivnad og ordklæsjing i det siste. So’nn går det fort. Her er eit referat frå ei styggsjuk helg.

Langs ralla renn toget mitt og som ei kule rett inn i udyret — Nord-Trøndelag. Fint vêr er det au. Snusen fuktar seg på topp-lippa og Le Monde spreider meg med vinstervend propaganda. Trønder hev komi seg langt sidan tapet mot små lilla menner frå Follo. Vi er glade, jau — kann henda unormalt glade til å vera trønder, men det fær no gå. Ein kann ikkje vera klein med det heile og alt heile tidi.

Eg luktar brunnin asfalt og frau (gjødsil) frå jordet. Velkomne åt Inderøya, motherfuckers.

Kring tretti galne ungdomar som steller upp tesene sine mot EU-kyrkja. Detta er raddis-møte, trønder, søringar, korporatistar og det verste frå nynorsk-folket. Det heile starta med leik seinare på fredagen og munnar ut i eit hildrande helvete eg no vil skildra.

Fyrste fyrelesaren prata om arbeidarane og EU. Korso EU blokkerar solidariske streikar mot sosial dumping. Eg trur fåe veit av herne sida til EU, so slikt er godt å høyra. Det vert ikkje dystopiskt og ondsinna utan at det hatar arbeidarane med. EU kann stundom vera noko rett frå eit æventyr, med ei ond baronesse uppi det heile. Sidan fær kisen litt lokal mat frå Inderøya. Det er god mat, so han kann ikkje klaga. Millom alle førelesingar er det elles nok av kaffi og braud med noko attåt.

Tidi går i spiralar og eg kann kjenna eitkvart spark frå vanvitet som bryggjer seg upp. Det er varmt, det vert songi country vegg-i-millom. Eg sloknar sovidt og finn ein ny dag hangande kring 10:12 (eller noko so’nn). Det var kann henda ein draum, jau, berre detta.

Vi delar frukost med ei god dansk dame. Ein slags ungleg eld hev ho, ho er ung men klok med! Det kjem til fyrelesingi. Ho pratar. Eg sit lojalt på fremre rad og høyrer grådugt. Mat-tryggleik gjeld det. Jordlapp er mykji verd, det. Sjølv Norig er inne i Mosambik og byter ut matjord med industri-vokster — vi plantar tre vi, men dei kann ikkje eta det! Dessutan fær vi vita um tankane bak imperialismen. Målet var at Afrika for all del ikkje vart industrialisert. Negrane skulde eksportera alt og styra med marknadssyssel, so fekk dei ikkje nyss på alt det andre som gjekk fyre.

Deindustrialisering som våpen er godt kjend. Etter andre verdskrig vart Tyskland sette under Morgenthau-planen. Her skulde Tyskland verta dela i tri betar og mista all industri. Det var meiningi at jordbruket vilde binda tyskarane til låg økonomisk status, ikkje ulikt bøndene i Aust-Europa. So vart det aldri fleire vonde blikk i Europa. Planen vart faktisk gjenomførd, men so kom den kalde krigen. Han krav ei god frontlinje, og då trong vi plutseleg tysken um att. Merkeleg, detta.

Det var eit sidesprang. Dansken pratar framleis, men det er noko i lufti. Millom alt heng det liksom grå strenger. «Dei fire fasane åt marknadstyranniet . . .» Brått slær himmelen seg opin og det renn eld yvi rommet. Tusend afrikanarar jamrar i kor um sorghum-korn. Alt — alt! — vert slukt av flammane. Vonde andsikt stirrar gjenom meg. Avlingane er vaska burt av global uppvarming. Ned ein aude horisont rinder dei fire riddarane åt frimarknadskapitalismen.

Vanvitet hev starta.

Eg kann ikkje hugsa mykje i klår tid frå detta punktet tå. Eg skortar nok so yvi eit fyredrag eller tvo. Rann ned gangane ein gong utpå kvelden; høyrde stemmer i hovudet, det kunde ikkje vera noko anna. Eg sat uppe som nattevakt frå tri til halv seks. For å speida etter tjuvar og lømlar frå Verdal fekk eg høyra, men eg gjorde det for å sjå etter skuggane. Det myrke som trakk seg langs krokane og gøymde seg bak læste dører. Vassblemmone i kjeften frå all den varme kaffien — svir, gjer dei. Meir knakar som sprengd grus i kne-skåline — eg vert gal, for å gå rundt er som å høyra på minedrift. Og jo meir eg høyrer, jo meir går eg kring, dess meir høyrer eg. Ad infinitum. Ut i ei æve.

Eg fær nokre timar søvn. Står upp og fær med meg eit fyredrag om innvandring, trur eg. EU hev so mange hinder for asylsøkarar at du næsten vera kriminell for å koma inn. Eller berre kriminelt heldig. Nykkelordet er Schengen-samarbeidet. Det er bygt ein fantastisk ironi inn i detta systemet. Korso? Jau! Schengen skal sikra grensone i Europa til viss grad — altso, yttergrensone mot Afrika og Asia. Elles er det fri ferdsel. Det finst ei meining um at det er folk frå tridje verdi som er kriminelle, men fleirtalet av dei kriminelle tilhøyrer bandar frå Romania og Polen. Land som — hau! — fær fri tilgjenge åt Norig gjenom Schengen-avtalen. Takk skal du hava, EU. Du gjer meg til ein betre kåseri-skrivar.

No! Hev komi meg sidan i går, meiner eg. Fått frukost. Kaffi, utan å skjelva toskut i handi med koppen. Torstein Dahle skal tala no. Ein høg mann er han, pratar høfleg og godt for seg. Vi fær høyra meir om EU, korso EØS berre utgjer «10» % av EU-byråkratiet. Visste du at mykji av EØS-avtalen er dynamisk, so vi kann risikera å gå med på ting vi aldri hev gjengi med på? Det er’kje lett med slikt. Og so, bang! Torstein reisar seg og kastar drakti og synar seg i alle verdis fargor. Fem-hundre-tusend (eller tjuge) folkerørslor slær i kor og svanane stig ned frå himmelen. Du ser himmelspeglingar frå Paris og Berlin, Europa er i flammar, hiv sine udugelege kongar og finansfyrstar.

So sit eg no her på toget.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s