Eit utdrag

Du veit når du liksom er so turr i spyttet og hovudet kokar og alt det derne? Varmt jarn ligg og tyngjer på psyken. Du vil gjera noko, men sit att i varmen. Og so går du ut i regnvêret. Det kalde vatnet slær deg i trynet og det er so friskt, so friskt og godt som fan. Glede sprutar ut av alle tankane dine og du ser deg endeleg fatt for å få til noko. Skyner du?

So’nn var det å koma på streten her i Berlin att. Fy fan, det er livande — det er sprækt med ting som skjer. Og ikkje alt bør skje, men det er best det skjer lell, so alle andre kann læra frå det. Frie økonomiske sonar (FØS) er noko for seg sjølve. Med ein gong du kjem vert navlestrengen åt moderi kutta av, du fær læra deg å gå og gjera sjølv. Det er ikkje for alle, men for meg — eg vart æventyrklein tidleg, so eg måtte ut av familien. Eller familien ut av meg, skynar du — litt av poenget med ein FØS er at du slepp byråkratiet. Stell deg upp ein bod, sel noko. Kjøp ei pylse og et ho utan å bry deg serleg um mengdi med salt.

Det heile kann verka frekt fyrste gongen du møter det. Horn som tutar og folk som slær seg um deg for å koma kjapt fram. Du kann tru folk ikkje meiner du finst til, men det er ikkje sant. Det er berre at pengane finst ein annan plass. Vi snakkar berre business, du. Korkje vonde eller dumme er vi, og hev du gryn, fær du nok sjå at folk veit du er til. Eller i alle fall pengane dine, so ekte som dei kann vera. Kann henda like ekte som smilet på pylsemannen på tolvtimarsskiftet. Det fær so vera. Ikkje alle vert til lags, kis.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s