Å liva med å eta

Hei du igjen ja. Værslet dirrar liksom, som um det er eksamen og svetta rinn ned studentskolten. Ho tek seg yvi bringa. Skritt fram og so attende. Det kan’kje vera so. Gjenta slær ut eit gisp og stirar daudt inn i eit nervøst, stille rum. Ho hev funni noko vondt — noko jævlig som gror på ho. Det er verre enn ein kreftsvulst. Det er ein klump feitt.

Ikkje veig seg for ofte, sa ho mor. Vel visste mor hennar ein del, men ikkje hokken det var å verta set på — det har ikkje moderi upplivd på ei stund ho, veit’kje korso det er med det der. Fan åt foreldrane, liv deg sjølv ut, kjøp slankepillone våre. Det slær meg ikkje som merkeleg at sjølvrealiseringi kom med forbrukarkulturen. Det måtte jo eit kraft til for å trekkja oss ut av skallet, inn i butikkane. Litt som eggeplomme, skal vi eta upp det indre og njota det — til vi liksom er hòle på innsida. Eg kik inn i slags spøkjelse med maskara og hofte som eit skjellet.

Korfor gjer du slikt? — Vel, eg må jo gjera noko, og det er liksom — skjøner, det er’kje noko anna, tenkje . . . Vel, eg står liksom svakt upp mot blikki. Og når eg skal visa dei, so flirar dei berre litt og ser burt. Ser du? Tenkje . . . — Men visst no er’kje det sunt! Reint frå deg, korfor vil du ikkje liva med å eta? — Fordi eg . . . at so’nn, di eg ikkje vil eta med å liva. Matlysten forsvann i lufti, gav ikkje spor, la faktisk frå seg eit sjølvmordsbrev. Men Jesos Kristos tek vare på han i himmelen, trur eg. — Kva snakkar du um, brev i alle fans sk . . . ja, so det var detta med . . . pillor! Kvar du fær tak i slikt? — Veit du, vil’kje segja det, orsak for meg. Men du kann få kjøpa di du vil, di du vil, kis.

Ikkje skjøna eg detta, ikkje kann eg skjøna hell». Vi freistar sjå for skuldbyrdi. Homsar som lagar klæde som gjer ukvinnelige kvinnor åt unge, spæle menner? Jau, kann henda dette — sjølv um det umogleg er sant nok. Er det foreldri? Det er det alltid noko med, dei starta heile problemet. Likevel vert rivande dumt, for vi kann fyrst klaga på Gud for detta verket han sette til. Det vert ikkje likare av den grunn.

Det er ikkje von. Du finn ikkje skuldi her — ikkje i henne. Men i kva ho hev skuvt burt! og gøymt frå Facebook-en min. Sjølvbilæti våre, dei er outsourca åt sjappane derne og herne. Det er ikkje det sosiale presset, for det handlar um å ikkje skilja seg ut — og flestalle sit vel på litt kalori-batteri kring vomen. Nei, du. Kasta — det gjorde vi — alt som elles bygde eit menneske — tru, dugnadskultur og familieliv. Og plutseleg sat vi her med varefetisjismen. Det sokalla sosiale presset er eit verktøy for å auka forbruk, og ingi vil avskaffa feitthatet so lengi det ikkje trugar sjølve forbruket. «Er du feit? Gå ned 20 kilo på tri vekor!» — «Slankepillone som tek Norig med storm! Få ein fin kropp!» Kroppen din er god, den! Han kann pusta, drita og kjøpa produkti mine — du og Mastercardet ditt er meir enn bra nok for meg.

— steinrausi rapporterer frå Midt-Norig.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s