Forelderlause europearar

Ein vind blæs yvi Europa. Det er vel meir som eit dragsug — ein økonomisk tornado dreg alle innom sentrumet sitt. Tidlegare hev han ridd ut heile Aust-Europa og lagt økonomiske ruinar attom seg. Krinsa so-vidt innom Norig gjorde han au, men det var ikkje varmt nok til at han heldt det ut. Det er vel so-vidt vi gjer det med, no som vetteren er overmodin og snyen berre heng og ventar på å plaga austlendingane og bilane deira. Og jolemarsipanen er tidleg i butikkane og eg veit fan ikkje um eg kann styra sukkertrongen min.

I auga åt stormen er det stille, veit folk. Vi kjenner ikkje kreftane som riv og slit på folket i kontinentet. Men takk vera SVT og ein fransk journalist fær fleire og fleire høyra nytt. I Aust-Europa er det eit skifte. Fleire og fleire born veks upp utan foreldre. Det kjem ikkje av krig eller AIDS, soleis som i Afrika. Det er den økonomiske vindretningi — foreldri blæs liksom mot vest, mot jordber-åkrar og uvaska golv. Soleis liver upptil ein halv million (s. 28) born for tidi.

Eit foreldrelaust born går gjenom fire stadie. Fyrst sjekk sjokket — kvar er moderi, kvar er faderen, korfor er eg aldri med ho gamlemor lenger? So kjem nektingi, for mor kjem vel att ganske snart, eller segjer no det i alle fall. Sidan kjem smerta. Tornadoen driv vel vindmyllone og forsynar oss med fornybar kraft her i landet, men det kastar skrot og splintar heilt ned åt gråblokkane i aust. Hjarta toler ikkje at moderi forlet oss so tidleg. I eit individualistisk samfund likar vi å tenkja på individet som noko reint — jau, jamvel noko algebraiskt. Det er isolert, det er ei nemning vi brukar. «Velstand per innbyggjar» er vel sikkert godt for noko, og for det treng vi polakkane. Men ingi er fødde utanom inn i armane på ho mor. So, sist kjem tilpassingi — ein vert herda, um ikkje meir vond og slemare enn tidlegare.

Spursmålet er vel eigentleg: Er det vi som er dei foreldrelause? Ein skal vera ganske hard for å tola å vera med på detta. Men vi er i stormsentrumet — kjenner ikkje (til) det her, eg. Treng voksteren for greida eldrebylgja, fekk eg høyra. Som om gamlingane hev rett yvi ungdomen.

Tidsklemma fær skuldi for det heile, pinleg som det er. Båe foreldri i arbeid — hev’kje tid til husarbeid, dei. I Norig fortel feministane oss korso dei frigjorde kvinna, men det var vel heller at dei kapitaliserte ho og gjorde ho til arbeidskraft. Hyperkapitalismen krev eitkvart offer på altaret. I fyrsta vart det mogleg gjenom teknologi. Mindre tungt arbeide og dessutan vaskemaskin let kvinnfolki ganga ut or heimen. Sidan vart det barnehagar for alle mann. So kom seksual-kultur-cyber-postmodernismen. Hei, familien er ikkje viktigt, det! Liva åleine, eg! Hei, Mozart er ikkje viktigt heller! Og hei du, eg kann sitja her fyre ein glødande skjerm i fleire timar og sjå på kattebilæte. Det er fridom, fortalde dei. Men eigentleg bryggja vi berre upp stormen, som no ber seg og ikkje gjev teikn til å roa ned.

Og det er jo eigentleg svindel. Feministar som Hanna Helseth trekk fram at til dømes seksualrevolusjonen gjer kvinnfolk til eit objekt, sjølv om dei no er eit objekt med sjølvstyring. Forbrukarar kallar vi dèt. Ein slik kritikk kann vi stella upp mot andre ting au, utan at det eigentleg gjer ting betre. Men um vi set saman analysane, fær vi eit mønster. No er det framleis avmakt for kollektivet, men det er ikkje nokor makt frå kollektivet. Vi er skilde frå frå mor og far vår, vi er skilde frå eksen og vi er skilde frå konsekvensane av det heile. Vi et brød baka på giftigt korn. Og når pestbyllone spring upp som cannabisdrivhus i Oslo, so ser vi åt marknaden for løysingar. New Age er so’nn eit typiskt fenomen for herne tidi. Du vekslar pengar mot Indre Upplysing(TM). Meir pest, men det smakar av fridom. Ein sokalla fridom der vi helst lyt lysta på smaken av pliktar, so vi kann stogga stormen. Elles vil stormen berre utvida seg og riva i sund perifarene kring Aust-Europa, Den tridje verdi og kva no enn som kann utnyttast.

Arbeidsvandringi er no i ferd med å verta feminisert. Fyre var det kann henda industrien som gjekk yvi sjøen, som det heiter. No er det kvinnfolk. Nokre treng deim — vi til arbeidskraft, dei andre, til mødrer og døtrer og systrer.

Litle Anna er so’nn. Eg vann ikkje å prata stort med ho, men eg stirra inn i bylgjut, blå augo. Ho ropa på mamma, men ho er der’kje. Bestemoderi kjem inn og syt for henne. Men ho grin framleis. Kann lova ho alt du vil, men ho grin. Eg lovar ho julekalendar. Stor skal han vera. Ei gamal mine med innesperra gruvarar, og det kjem ut ein ny gruvar kvar dag! Ho roar seg, nokon er der. Stille. «Nei, vent-du, veit du kva?», segjer Anna. «Det er ingi monster under sengi. Dei ekte monstri er menneski, deim, du altso.»

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s