Halloween og forbrukarsatanismen

Det er Halloween, den einaste dagen det er greidt å ta imot godteri frå fremmende menner! No gnistrar det i kristne sinn kring Norigs vide land. Manar til kamp dei, det fær vera nok. Vi må halda stand — mot djevelsk fanskap, amerikansk au! Ungane klær seg som dei daude og vandrar og plagar folk.[*] Godteri krev ungdomane ogso, diabetesen dermed. Ja-ja. Men kritikarane er ikkje heilt på gjordet.

Frå før hev vi allehelgensaftanen. Det er ein god, hedensk skikk — brakt vidare av katolisismen. Sjølv til 1800-talet tende folk her til til lands ljos på kyrkjegarden. Det heile handla om kontakt med dei dåne (daude). Skeptikarane vilde i dag ropa varsku! for fornuften,. Märtha Louise hadde skrivi ei bok om dialogar på dyregravplassen. Vi tolkar tradisjonar, og derfor endrar dei seg. Nemningi halloween vinn fram. Ho kom hit med den nye religionen: TV.

Halloween inneber at ungdomane går rundt, klædde som monster. Dei kakkar på dørene og spør om snop. Ikkje ulikt jolebokk er det. Vidare: Fær dei ikkje sukkerburden, kann dei yta vondgjerningar — kasta egg på døri, tenna på gardinane og so’nn der. Antisosial oppførsel og dårleg integrering vert det oftast kalla, men ikkje her. Kva det kjem ta?

Vanlegvis lever vi i ein kultur. Det kann godt gjera han mindre spennande og eksotisk, men vi forstår kva som skjer — endå om det sku vera ein smule forenkla. Vi skjønar at vi ikkje et Jesu på nettverden. Dessmeir at grøn mann ikkje er eit krav om å hiva på seg grøn dress, men å gå yvi vegen. I forbrukarkulturen derimot, spør du situasjonistane, er kultur berre ein illusjon. La oss sjå nærmare på det.

Som forbrukar skal du ikkje ha sjølvtillit. Det er ikkje eit krav, men det er ein konsekvens: Sjølvtillit er noko som skal seljast åt deg. iPod, bilar og falske augnebryn. Korso gjekk det til før forbrukarsamfunnet? Jo, ein fór ut på sjøen, i krig eller hardt arbeid. Du grov deg ned i helvete og kravla opp att — og vart med det herda. Desse tingi er no sett på som uting. Du kann ikkje selja helvete sjølv for ein tikroning. Plutseleg vert alt som er godt, som det heiter, kutta av frå opphavet. Pornografi er lett, alternativet meir keidsamt.

Men folk var då egoistar føre, ropar du. Jodå, men ting låg ikkje akkurat på sylvfat. Du måtte plyndra nokre kloster for å koma dit. Slik vart mange stor-rike til. Medan er sjølvrealiseringi i dag eit reint personleg emne. Vi lagar ikkje lenger noko i lag, knapt nok born.

Men med livet skal vi helst byggja opp noko. Marknaden ser helst at du svid bort pengane, skapar arbeidsplassar og det der. So sit vi her med ingi ting og startar opp att. Liksom rus treng vi meir og meir. Den moderne kulturen vert då hardare, fordi vi ser på resultat og ikkje opphav. Soleis kann vi leve godt med bukse frå barnearbeidarar og kjøt frå so’nn her. Den gradvise herdingæ av media viser vegen. Du fær nakenbilæte, 2girls1cup og med happy slapping attåt.

Vi vil vera dritungar, og forbrukarsamfunnet segjer — ver so god. Halloween. Kostnadsfri nedbetalingsplan, shø!

[*] Altso vart vi aldri ferduge med 50-talet, kor tid flest alle klædde seg som om dei var daude.

Advertisements

2 thoughts on “Halloween og forbrukarsatanismen

  1. Huhu, veldig bra!

    Var på besøk hos besteforeldrene mine i kveld, og der satt bestefar i godstolen med godteposen i hendene, klar for småunger. Helt normalt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s