Himmeldrottningi

Eg ser ho koma kvar nott — Det er elles so stillt i skinet frå månen og stjernom, litt som ei vond kjensle du ikkje vil tilstå. So skjer det: Himmeldrotningi — bryt av kveldsstilla. Ho susar gjenom lufti, kastar ljoden attom seg, lyn på menneske og bygningane. Dama syng liksom på ein song, eikor slags sirenevise som kastar folket i bakken eller ned på knei. Eg føler meg heime att, det var noko med desse tårni som stødt kallar inn alle til bøn.

Ni-stirrar med kikkerten frå gøymestaden min, eg. Unge skal ikkje vera her, sa mor — men kva fær vel ho ut av soleis. Nok med å lesa um det, høyre um det lengi sidan det hev skjedd. Eg vil det ikkje slik. Augo mine trillar rundt og glanar utyvi gråa i landskapet av betong og neon-dis. Tyste streter fer snik seg langsmed og regnet fell oppå reint som snyen på vetteren. Fan åt mor, ho må då skyna eg vil sjå spelet! Noko er i gange, meir enn elles i hòlet ein kallar heim. Og det skjer — nett no, fyre raske og uppglødde augo.

Du fær ho ikkje, eg skal alltid elske ho tvers gjenom svarte kroppen. Or inste knokkelen og ut til myrkret av ei spegelflate og — inn i månebilætet. Det var tider, når ho syna seg fram på dagtid — men ho vart vel veik for det, og berre um nættene dansar ho dansen no. Og mor græt, ho må no vera sjalu. Ein dans av ljon og tore og — å Gud, skriki og daud, skaping or jordgnisten! Men eg er avhengig, kann liksom ikkje gje slepp på ho. Korleis gjekk detta til?

Eg mun — nei, er nøydd til å stirre på ho eit bel. Ei god stund går med til dét, og tankekofferten min spring opin. Jau, korleis gjekk detta til, at ho vart til? Far min fortalde at menneski synda, men det gjorde vel dei fyrr au? Demonane flaksar upp og freistar slå ned på luftspelet. Fan ta deim! Far gav ein fot, eit blodsoffer for flygarmonarken våres. Med himmelfart krinsar ho grendi no. Gud, det er vakraste eldmanøveren, og demonane bukkar under for englane. Detta er likso greidt, tykkjer eg. Ljodane renn, dei tappar mesta som regn på bylgjut jarntak.

Morgonsoli våge koma no! Ho er mi — ho himmildrottningi.

Eg, arbeidskaren du!

Bylgjone er roa no. So sit eg her på litle øyi mi, midt i sjøen og det heile. Fin, velrudd er ho — med den finaste fineren åt IKEA. PC-skjermen og dokumentmappar vernar skattane mine mot fremmende. For mange er dei, og eg ser Martin og flóta hans freistar seg gong på gong. Nei, du fær ikkje Bergmann-mappa, din hestpeis. Skulde vori skotin, karen der.

Det går gjætord på arbeidsplassen om derne mappa. For, medan kopimaskinen gjekk, hev eg ganga kring og tenkt på èin ting i det siste. Det må vera sant, fann eg ut. Eg las ut Bibelen att og såg noko var i ovlag gali. Fyrste Mosebok, kap. 5: 20 Og alle dagane hans Jared vart ni hundrad og tvo og seksti år. So døydde han. 21 Då Enok var fem og seksti år gamal, fekk han sonen Metusalah. 22 Og etter Enok hadde fenge Metusalah, gjekk han på Guds veg i tri hundrad år, og han fekk søner og døtter. 23 Og alle dagane hans Enok vart tri hundrad og fem og seksti år. 24 Enok gjekk på Guds veg, og brått vart han burte; for Gud tok han til seg. 25 Då Metusalah var hundrad og sju og åtti år gamal, fekk han sonen Lamek. 26 Og etter Metusalah hadde fenge Lamek, levde han endå sju hundrad og tvo og åtti år og fekk søner og døtter. 27 Og alle dagane hans Metusalah vart ni hundrad og ni og seksti år. So døydde han.

Det må vera noko dei puttar i vatnet for å riva sund skrottane våre. Eg trur Martin er statsagenten her innomhus. Sjølvsagt vil han ia Bergmann-mappa! Vi held ikkje lenger enn til hundre — noko er ilt ute her. Dei skal selja fleire kroppar åt oss — praktkurane, sminke og soyabønarterapien attåt. Æveleg liv skulde det vera, lova dei, selde dei med kvitteringi. Jaja. I tidsalderen åt kondomen er vel eg litt som ein sjels kondom — stengt for desse merkelege speli dei driv seg til.

Eigentleg . . . Ja, men eigentleg skal det vera portfolio, detta. Skal vera eit framlegg ni mappa, planen for asset-diversifikasjon gjenom strategiske oppkjøp i Singapore. Men eg gjekk tom for skrivepapir, og skrifti liksom spreidde seg og vann yvi saksarki gong på gong på gong. So eg veit ikkje kva dei fær tå ho mappa der. Eg hev gjevi opp — eg bryr meg ikkje om noko lenger. Vel, so er det alt utanom øya mi — ho ekspanderer mot Vest no. Maria står for fall, austflanken hennar er svak fordi mappane er stabla heilt feil. Og alt eg kann tenkje på er dét — og eit rasande folkedjup når dei finn ut at dei fortener minst fire hundrad år til.

Dagbladet under øl-augo

Dagbladet melder om demonstrasjonen på Oslo City mot Israel. Her står klårspråket att i høgsætet:

— Vi har innbrakt én person, som blir forelagt en forelegg for ordensforstyrrelse . . .

Eg må tru Dagbladet eigentleg meiner at han fekk ein fårelegg. Elles er det alltids godt — eller vondt — å sjå til kommentarfelti. Eg hev freista å tru på både Jesus og demokratiet, men det blir ikkje so lett når du fær sjå so’n. Det er no enno godt vi hev Frp her i landet, so fær vi noko å krangla om — so praten vår ikkje renn ut.

Fyllerit om problemi åt skrivarane

Bokstavrenn blir det! Mykje tekst grin nedyvi skjermen for tidi. Du fær blåster om honom Knausgård. Jamen meg om det ikkje blir prat om personvernet med. Det er eit moderne problem. Føri sat skrivarane og kauka på brødskalk. No spyr dei opp ordflokar. Problemet ligg att i grøfta etter fyllekalaset. Det spør: Korleis byggjer vi bro millom skrivaren og lesaren?

For å svare på spursmålet, må vi fyrst vita kva som er agendaen i dag. Og svaret kling reint — vi er postmodernistar, alle som ein. Dei som segjer dei ikkje er det, dei berre læst som. Provokatørar er dei og soleis — postmodernistar med. Meiningi er fri og Gud er daud. Marx er daud, Trotsky er daud, Kongen er daud og du fær rett vera nøydd med at mor di er daud au. Vaskestamp.

Kommunismen er ogso (mesta) daud. Der han finst, er han i beste fall ein so rar akademisk teori at han ingen skade kann gjera. Det er ikkje lenger nokon som vil laga til eit «nytt» menneske, slik tyrannar som Hitler og Stalin freista. Ifylgje Francis Fukiyama nærmar vi oss ei fullendt utvikling — nyliberalismen. Ideali om fred, frie økonomiar og individ, parliamentarisme og so’nn vinn fram. Målet no er få varor og tenester ut til folket. Detta er det beste systemet av dei som er til nett no, og det stivnar til — det kann ikkje bli betre. Det er dét flestalle vil ha. Gud er som røynleg daud. Fanane heng høgt yvi Wall Street: Cash is king.

So, kva skjer eigentleg når Gud er daud? Fell himmelen ned på oss? Nietzsche såg for seg tvo alternativ: I det eine fær du eit apatisk menneske utan kreativ motivasjon. Det søker seg åleine til komfort og alt som er trygt. Mod- og mållaust — og ingi nye æventyr står føri. Detta siste mennesket er rett nok slutten på historia. Kva vilde so Nietzsche? Sjølvsagt det hine alternativet — yvimennesket, som er fandenivoldskt og vil hemna seg på verdi fordi ho er skapt meiningslaus. På ein måte er det ein kunstnar som gjenskipar all meining med eigne ord og krefter. Kloten og slagmarka blir eit lerret for honom.

Alt detta gjeld ogso språket. Språket åt Nietzsche er rikt, ein slags gullgruve av aforismar og språkleik ikkje ulik poesi-brunnen åt Olav Hauge. Det var i minsto livande. Det står i kontrast åt den typiske tyske akademiske stilen hos Karl Marx og Hegel. I Noreg finn vi ein parallell i Hamsun og bokmålet, dessutan Aasmund Vinje og det eldre landsmålet.

I Noreg let vi marknadsprinsippi — valfridomen — avgjera språkstrevet. Og folket hev fått det som dei vil: Bokmålet hev på vis vunni målstrevet. Og no er det i ferd med å stivna til. Snart gjer ogso nynorsken dét — i-målet skal ut, og du må lova å ikkje skriva «stend» eller «fær». Telemarksdialekt er fårlegt dop for ungdomen. Språket blir fastare og meir vanestyrt.

Praktisk er jo soleis, men det er meir enn dét. Formalismane breider om seg, og du må tvila på om folk alltid veit kva dei pratar om. Tidt høyrer eg om noko i forhold til noko anna. Ein er nøydd med å tru Hamsun vilde kalla det å kysse et språklig lik. Medan blir litteraturen funksjonell: Forfattarar som Anne Ragde prentar bok på bok, om enn so fatige dei er. Bastardiseringi av litteraturen går hand i hand med dei marknadsliberalistiske kravi om sal. Blir no ordi berre til pynt, eller ber dei på tankar?

Og med detta — er vi på veg mot slutten på språket?

I so fall er det på ein måte dauden åt poesien med. Poesien er den beste freistnaden på å syna fram kjensle-lerreti våre. Utan dei står vi att med oss sjølve. Ein greid utveg er då å selja oss sjølve som eit produkt. Individ-pornografien hos Knausgård er nett derne. Soleis kjem vi til å sjå eit meir forflata litteraturordskifte i åri framyvi. Det er skrivarlatskapen, liksom ein slags skreddersydd tabloidlitteratur.

Du kann klårt lura kvifor vi sku bry oss med detta. Litteraturen er vel ikkje viktig(?) Det kan vera rett, men som Olav Hauge sa: Skryt er den verste rusen, for han går rett til hovuds. Den moderne diskursen blir forflata til personar — ego søker næring! Kvar finn du då dei kritiske rørslone, dei som fortel oss det vi ikkje vil høyra? Vi blir som dei siste menneski og søker oss til det som er trygt. Det er lett å stryka på kvarandre og bræka i kor.

Med detta vinn maktspråket fram — med omgrep som rasisme og Islam, høvelege til å stogga all praten. Hersketeknikkar er ikkje akkurat noko nytt, men det er fårlegare no. Nett fordi vi er so late og ukritiske. Litteraturen mistar evna til å vera kritisk. Ein lyt aldri undervurdera makti i språket! Dei i tvil kann lesa Chomsky.

Men, men. Eg er vel oftast sta nok. Og ikkje veit eg om det finst noko boteråd. Råd? Den gode skrivaren er ein som ser meir enn menneski og kann bring oss til det vakre, oftast enkle i verkelegheita. (Det er det vanlege menneske kallar det.) Soleis sa diktargeniet Andreas Gjermstad frå Sparbu:

Å vesst æ får eit ønske skriv -
æ ønske, i mett næste liv,
når æ hi lagt bor bar å skjegg
å oppstå - i ein panelvægg - 
få stå å vårrå tre.

Liti bygde-zen gjer postmodernistane berre godt.

Attåtnotat

Attåtnotat #1: Mange hev frykta dei arkaiske ordi vil stogga språkutviklingi. Men dei gamle pressar ingi, dei. Dei som held på arkaiske former er ikkje redde for språkleg nyvinning. Dei kann faktisk vera será radikale, motkulturistar, som Uppdal og Hauge. Det er heller dei stive nykomlingane som fryktar at det gamle skal halda fram.

Attåtnotat #2: At engelsken fær innpass, er rett og slett fordi det er meir kraft og lettare å utrykkja seg. Dei fekk aldri ein læreboknormal. Gamle ord fekk stå, om enn med merkingi (archaic). Dei nyttar ei ålmen meining om kva som er god engelsk, og lét dei gamle ordene stå i ordboki — sku nokon finna dei trengst. Hos oss er det komitévelde yvi heile brettet. Likar dei ikkje ordet, er det rett ut i kulda.

Visjonar om oppstanden

Ei vidde grin med folki sine under den ævelege dagsnotti. Smogen sløkkjer ildsjelane i den gamle grendi. Sjølv dugnaden er gåen, vegene og skulebygget med. Eg søker soli på himmelen, men finn ho aldri. Borti der er isbreden vi kallar Brestet, heimen åt vetterkongen. Jøkleelvi hans vaskar ned skiten frå omskapingi av sommarbeitet. Og eg blir liksom sitjande der, kikande på fjellveggen. Han er for brå — dei som kjem opp fer sjeldant ned att. Dei hev freista sjå soli og — funni ho. Skrottane finn vi dyri tyggjande på i sommarsprengjingi.

Ljoden braut med telen. Eit heilt land – sette i rørsle. Det gjekk brått frå eit døkt isblodlandskap til flammute kvelvingar i jorda. Ned med honom, ned med kong Vetter! Eg såg skiret, sette bommane føre, men let meg rive med. Ned med honom, no – ned med kong Vetter! Trompetar, bogar av ljom – sirene av brann! Flammekastarane og det verre reiv gjenom isen og inn i den heilage stilla åt kuldeslottet. Helvete fraus visst yvi no. Jo, — det saug gjenom i lufti i takt med slagordi. Det var liksom so alt surstoffet forsvann når folkedjupet att tok til seg pusten og kauka: Ned med honom, ned med kong Vetter! Riddarane fór, greip lansone og punkterte ismaska. Det var yvi, brått som dagen vetterstid.

Frå hand til munn

Soli glyttar opp ein morgon og helsar god dag! åt Beltet for Økonomiske Studiar. Stålet er enno kaldt, ein føler liksom ikkje livet her før om nokre timar. Og det er ikkje godt å vita om det er er verst — kor stilt og dåi det verkar no, eller kor ståkut det blir når monsteret hev vakna til og spyr eld og neon yvi heile vidda. Kaffisjappa flørtar med meg med det skirande ljoset. Eg vann visst nok opningstidi — heppi er lukka i dag. Pris Allah.

Ikkje noko er reint som sterk kaffi på eit vænt mosaikkbord. No dampar varm væske mot nottekalde flisen. Han er for resten ikkje det kaldaste som finst her, om du sku vera uheldig å sjå inn i augo på ein berbar. Sakte kløyver lukta opp nasen, vekkjer sansane og let hedonismen få driva litt. Ingen nyhende er oppe på veven enno — bordet er nytt nok til å ha skjerm. Avisene nemner litt om dei rike. «Korso du vart so rik, herre al-Boquet? — Det var som mor mi sa. Ein narr let pengane slepp pengane ut i finansvinden. Kloke menner læst som dei sit med mindre pengar enn dei eigentleg gjer, og liver med det frå hand til munn.» Det var ikkje so dumt, tenkte eg. Mor mi sa so’nt. Men ein lyt hausta før ein sit på dei tunge tankane, svara far.

Våpenmarknaden skal opp om ikkje for lengi. Snøgt, heller usubtilt kjem flaumen av gjengse våpen og elles dei av sorten «er ikkje detta ein paraply?» fram. Kursane skal setjast for kvartdagen. Eg er mest spent på utviklingi i Somalia-krinsen. Kveldskampane slokna anten til kuleregnet frå etiopierane — eller dei gjorde det ikkje og marknaden blir spræk for sanitærutstyr og sprengladningar. Ein gisselutveksling i herne krinsane er neppe høfleg. Happy «frigjorte» gissel fer yvi grensegangen, radiomerkte, går opp i lufta med ein feit pakke C4. NATO-soldatane rykkjer snøgt inn og lastar umiddelbart personane deira inn på disk. So fær dei nye kroppar sidan. Ein patriot for landet — og i millomtidi aukar pengane i banken på ei gunstig rente. Men hysj, detta er misstyrde strategiske bombetokt. Halda kjeften gjer du best.

BØST livnar til. Augo mine syd når dei fær sjå heile horisonten. Aktivitetsgrad 4. Ein god dag for seljarane, og eg vil ikkje stå til andsvar for herne lasta for lengi. Ikkje at eg hev mistillit til folki — hev’kje tillit i det heile, eg. Veit du at ogso Koranen vart endra ein gong i tidi? Fy fan, folk er ikkje til å stola på. Dei er svin, gjengen med sodomittar og berbarar med dei korte soparskjeggi sine.

Inn i sjappa. Kenneth pratar. Du veit koss det er i sonen. Du gjekk inn, kjøpte eit våpen. Gjekk undan, oppå taket, skaut nokre skot. Kom attende og selde til høg pris i panikken. Ingen spursmål om det. Soleis går ikkje i BØST. Du vil ikkje setja dynamikken her i full sving — du toler ikkje takti, om enn for nokre dollar. Kenneth held fram med å pratera. Ljoden frå trafikken legg seg yvi stemmen hans, gjer til at alt liksom læt like greidt. Eg nikkar berre.

Endeleg — so. Blir lurka fast i augneblinken, ein-stirar på skiltet ei stund. So freistar eg sjå på fartyet. So vidt, næst tilbake åt skiltet att. Eg kann ikkje tru det. Ti tusen hestekrefter! Frå Tzjude til Hallpark på timen. Du kjenner det liksom i røvi, det svid som piskeslagi på ein knarksmuglar i Singapore. Når kjøtet smell mot metallet — når du fer so fort at politiet anten veit kvar du er eller kor fort du køyrer. Fyrst då veit du at amfetaminet hev slegi inn og blodåri dine brusar med ti tusen sinte menner.

Inn mot Somalia.