Eg, arbeidskaren du!

Bylgjone er roa no. So sit eg her på litle øyi mi, midt i sjøen og det heile. Fin, velrudd er ho — med den finaste fineren åt IKEA. PC-skjermen og dokumentmappar vernar skattane mine mot fremmende. For mange er dei, og eg ser Martin og flóta hans freistar seg gong på gong. Nei, du fær ikkje Bergmann-mappa, din hestpeis. Skulde vori skotin, karen der.

Det går gjætord på arbeidsplassen om derne mappa. For, medan kopimaskinen gjekk, hev eg ganga kring og tenkt på èin ting i det siste. Det må vera sant, fann eg ut. Eg las ut Bibelen att og såg noko var i ovlag gali. Fyrste Mosebok, kap. 5: 20 Og alle dagane hans Jared vart ni hundrad og tvo og seksti år. So døydde han. 21 Då Enok var fem og seksti år gamal, fekk han sonen Metusalah. 22 Og etter Enok hadde fenge Metusalah, gjekk han på Guds veg i tri hundrad år, og han fekk søner og døtter. 23 Og alle dagane hans Enok vart tri hundrad og fem og seksti år. 24 Enok gjekk på Guds veg, og brått vart han burte; for Gud tok han til seg. 25 Då Metusalah var hundrad og sju og åtti år gamal, fekk han sonen Lamek. 26 Og etter Metusalah hadde fenge Lamek, levde han endå sju hundrad og tvo og åtti år og fekk søner og døtter. 27 Og alle dagane hans Metusalah vart ni hundrad og ni og seksti år. So døydde han.

Det må vera noko dei puttar i vatnet for å riva sund skrottane våre. Eg trur Martin er statsagenten her innomhus. Sjølvsagt vil han ia Bergmann-mappa! Vi held ikkje lenger enn til hundre — noko er ilt ute her. Dei skal selja fleire kroppar åt oss — praktkurane, sminke og soyabønarterapien attåt. Æveleg liv skulde det vera, lova dei, selde dei med kvitteringi. Jaja. I tidsalderen åt kondomen er vel eg litt som ein sjels kondom — stengt for desse merkelege speli dei driv seg til.

Eigentleg . . . Ja, men eigentleg skal det vera portfolio, detta. Skal vera eit framlegg ni mappa, planen for asset-diversifikasjon gjenom strategiske oppkjøp i Singapore. Men eg gjekk tom for skrivepapir, og skrifti liksom spreidde seg og vann yvi saksarki gong på gong på gong. So eg veit ikkje kva dei fær tå ho mappa der. Eg hev gjevi opp — eg bryr meg ikkje om noko lenger. Vel, so er det alt utanom øya mi — ho ekspanderer mot Vest no. Maria står for fall, austflanken hennar er svak fordi mappane er stabla heilt feil. Og alt eg kann tenkje på er dét — og eit rasande folkedjup når dei finn ut at dei fortener minst fire hundrad år til.

Advertisements

2 thoughts on “Eg, arbeidskaren du!

  1. Ja, det må sanneleg vera noko gale med kroppane våre! Dei skulle jo ha vorte så mykje meir hardbarka.. Men det må vera noko i vatnet, slik du seier;)

    Og, Ja, du har rett, denne bjørnen må eta litt julesnop før dvalen sin:D

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s