Himmeldrottningi

Eg ser ho koma kvar nott — Det er elles so stillt i skinet frå månen og stjernom, litt som ei vond kjensle du ikkje vil tilstå. So skjer det: Himmeldrotningi — bryt av kveldsstilla. Ho susar gjenom lufti, kastar ljoden attom seg, lyn på menneske og bygningane. Dama syng liksom på ein song, eikor slags sirenevise som kastar folket i bakken eller ned på knei. Eg føler meg heime att, det var noko med desse tårni som stødt kallar inn alle til bøn.

Ni-stirrar med kikkerten frå gøymestaden min, eg. Unge skal ikkje vera her, sa mor — men kva fær vel ho ut av soleis. Nok med å lesa um det, høyre um det lengi sidan det hev skjedd. Eg vil det ikkje slik. Augo mine trillar rundt og glanar utyvi gråa i landskapet av betong og neon-dis. Tyste streter fer snik seg langsmed og regnet fell oppå reint som snyen på vetteren. Fan åt mor, ho må då skyna eg vil sjå spelet! Noko er i gange, meir enn elles i hòlet ein kallar heim. Og det skjer — nett no, fyre raske og uppglødde augo.

Du fær ho ikkje, eg skal alltid elske ho tvers gjenom svarte kroppen. Or inste knokkelen og ut til myrkret av ei spegelflate og — inn i månebilætet. Det var tider, når ho syna seg fram på dagtid — men ho vart vel veik for det, og berre um nættene dansar ho dansen no. Og mor græt, ho må no vera sjalu. Ein dans av ljon og tore og — å Gud, skriki og daud, skaping or jordgnisten! Men eg er avhengig, kann liksom ikkje gje slepp på ho. Korleis gjekk detta til?

Eg mun — nei, er nøydd til å stirre på ho eit bel. Ei god stund går med til dét, og tankekofferten min spring opin. Jau, korleis gjekk detta til, at ho vart til? Far min fortalde at menneski synda, men det gjorde vel dei fyrr au? Demonane flaksar upp og freistar slå ned på luftspelet. Fan ta deim! Far gav ein fot, eit blodsoffer for flygarmonarken våres. Med himmelfart krinsar ho grendi no. Gud, det er vakraste eldmanøveren, og demonane bukkar under for englane. Detta er likso greidt, tykkjer eg. Ljodane renn, dei tappar mesta som regn på bylgjut jarntak.

Morgonsoli våge koma no! Ho er mi — ho himmildrottningi.

Advertisements

2 thoughts on “Himmeldrottningi

  1. Du er flink med dei små-sogone :)

    Svar:
    KLART DET ER NORDNORSK – EG SEIER DET! Og eg er nordnorsk. Elles kan eg gjerne innrømme at det er ein skrivefeil når det kjem til nynorsk – eg seier jo også at eg ikkje er ein ekspert på dette målet.

    Eg har vel ikkje nekta for at dialektane forandrar seg gjennom tidene eller at dialektene blir meir lik bokmål, det har eg ikkje nemnt eingong.

    Såvidt eg veit kan ein skrive «fikk»? Om ikkje har eg berre enno ein skrivefeil, noko som ikkje er ulovleg.

    Jovisst meinte han at nordnorsk var kaotisk.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s