Sodom

Pipor på pipor! Du ser dei liksom glid ned her, stablar og kvelvar seg liksom ei stund — og fell so mot ein uendeleg botn. Detta er ein djup by, han veks innover, oppover, sidelangs med. Her grodde byen kring meg, med eg eigentleg skulle endre han. Gjera byen til noko anna. Men han vilde liksom ikkje det, vilde gå sin eigen veg. Gakk din veg du, sa Gud, og lat mine sauir forlata staden. Og dei fleste gjorde so, men ikkje med meg på lasset. Eg trudde framleis. Vona det skulde skje noko fantastisk, at regnet skulde springe over her og regne kjærleik på byfolkje. Eg ser framleis på en sky.

Tidt kann ein ikkje berre stå og kike på det kring seg. Snøgt, ein må vidare og ganga med folkjet. Eg bur i ein stad med galne folk, tenkjer eg. Vel, tidlegare budde eg jo i kolletivet, og folkjet der var nok ikkje heilt rett. Men du kann framleis vera god om du endå er so urett som ein vindskeiv kvist. Du kann vera rettferdug med du er feil, twisted, vridi og koka av samfunnet du liver i. Men, men . . . tankane mine, dei slær meg som hildringar. Eg stirrar framleis på ein sky. Eg må gå vidare, trur eg.

Kikar audmy på kopparskjermen føre meg. Kretsane glensar liksom, avslørar ei dybde attom pikslane som berre eg ser. «Johnson hev kalla inn til ekstraordinært folkemøte» les eg — men ser det heilt annleis. Det er ikkje dét.

(Orsak for at det hev vorti liti skriving i det siste. So’nnt skjer, du.)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s