Er detta krig?

Alle dei store avisene hev skrivi om detta med studentkalasset. Dei talrike studentane klagar på auka studieavgift, blir sinte og kastar liksom hovudet inn i snutebatongane. Dei nyttar Google Maps for å sleppe å bli utflanka, som mesta er verdt ein bachelor i seg sjølv — om dei ikkje au dreg opp ein god kamp! Studieretten må dei ha, må vita. Jævlane vil ikkje bli industriarbeidarar. Vil bli sosialøkonomar og soleis Arbeiderparti-politikarar.

Soleis går det altso føre når du nektar studentane espresso og kaffihungeren slær inn som eit ran. Men — hev du sett bilæti?

London-Romaet

Det tek deg liksom att til romertidi. Og med eitt — i folkemengdi, du sit der og ventar mellom dei andre og ropi i stridsleiken. Her i gardi køyrer ein strict black bloc — svarte hettejakka og skimaske, vernepads på leggene og olbogane. Ingi går fram åleine, men vi går heller ikkje samla mot Hannibals krigssvin. Assymmetrisk krigføring hev vi lært av dei beste, frå al-Qaida . . . åt marknadsføringsavdelingi åt Dagbladet.

Eg er visst-so ein kriminell, og det fær vel vera so’nn. Eigentleg skulde eg vera politikar, men for å bli storskurk — må ein plent byrja på botnen. «Oh hoy der, folk i dress! Her er vi!» Du sparkar inn døri for å sidan nippe te med lislefingeren. Detta er krig, motherfuckar — med lansone, batongane, krigshundane og elefantar som spylar ned med tåregass.

Men i det verste kan endå det fantastiske skje. Eg hev sett folk som lir på gateplanet, idiotiske tenåringar som trur beinet i kroppen er hardare enn oss eldre som held seg undan politihestane. «Eg tær deg sund, kis!» forsikrar ungdomen åt snuten. «Fy fan.» Dei er oppslukt i stunda, blikki feste mot politibarrieren og augo liksom frosne med krystallisert hat. So er det liksom som om Jesus stig ned tå himmili, slær ned i alle og rydjer opp skammen. Gatemunkane og gatenonnone med hetteplagi står der plutseleg. Fær dei til ein trygg plass, snakkar til dei og steller til noko varmt attåt. Det blir stilt — roa.

So tek det seg opp att. Kva heiter denne krigen vår?

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s