Tri småsogor i eitt

Omkvæd av tvo gømle, sidan det er høgtidir og det heile. Heppi jol og nyttår!


Karma? Det må vel ha noko med dørkarmar å gjera, vel? — Far min.


Vokkostad var plassen for meg. Inst inni ein fjord låg femtan småhus og kvilde, løynt frå skjebnane til dei andre på kloten. Og kann hende like rett — i motsett retning. Vêret i grenda var rettelig slemt for folk flest, om ikkje folka her var verre sjølv. Harde som mursteinen og omlag like fast stod dei der og slikka saltvatn. Skogjen femna seg livrædd til skrentom langs vegen dit, og som oss var han nok liti urolig for fallet. Tidt rann vegen ifrå, og ein vart nøgd med å ta til båts for å gjera føringane med mat og nyfolk.

Her budde eg, far, mor, litlesyster mi og fleire dertil. Millom dei femtan husa fantist det eit felleshus, sjølv om ideén vart sett på som liti rar i starten. «Vi går då berre inn åt kvarandre reint elles», meinte Peder — som forresten var fiskar. Men fellesstugu vart det til, for vi trong såleis for turistane og for nottverden. Altarvatn var kaffivatn, og omvendt — det heile avrenn frå fjellet som kverver krinsen. Med tida vart det også eit slags skulebygg og ein bygdekino. Ålmanshuset var godt for det meste ein gjorde i lag, endåtil bygdefestar — og formaningane om synd som kom etter.

Livet i grenda gjekk føre som dei fleste andre småstader. Allemann læst liksom som dei kjende einannan, og det gjorde vi vel på vis. Attom prateringa stod vi stundom og skula på dei hine. Ein gong fór eg langs fjøringa og såg etter eitkvart eg hadde mista. Der råma eg på honom Andersen, og brått kom kaffibodet: «Kom, så praterar vi og drikk liti kaffi, så du fær vita meir om» — eg kjem ikkje i hug kva — «hos Martinsens». Det var ikkje råd for at det vart liti kjekling imillom naboar frå ei tid til ei anna, om ikkje noko så ilt som svartsjuke.

Du veit kann hende ikkje korleis naturen er. Det er mest kaldt! Somme år derimot, men eg veit av undantak, slær somrane til. Då blir det livut, friskt vêr og breidt med folk og pengar langsmed heile krinsen. Søringane kjem for å sjå Iskongjen, isbreden som herskar over alt livande og døydt i Vokkostad. Det strødde ikkje mykji kronasje på oss for dét — di vi aldri tora oss opp åt honom. Men brækbyggine kom og stelte til med klatrarar, som tok til å trave dei gamle stigane opp til bredalteret. Vi kunne på hi sida by på mat — i grunn det meste under himmila (slik vi såg det), men i hovudsak flatbraud og det vi fekk ut av geitine våre.

Det heile var ei lukke for bygda. Vi kriga lengi etter fridomen, å bryte opp dei nedervte kåra for oss i Vokkostad. Ein såg åt byfolket og vart fort var dei hadde noko meir. «Det skal bli inderlig godt å koma or fjorden liti» tykte eg ho mor sa tidt. Det var vel noko i det, sjølv om eg aldri visste av anna. Eg gjekk heilt åt geografi i andreklasse og visste heller fatigt om kva det sku vera utanom Vokko». Derimot visste eg av mange løynde fjellstigar og kvar ein fann mest molt. Det gjekk sport på såleis.

Iskongjen var veldig, eit mektigt utsyn som lét til å batta søringane like fast som oss. Breden var sprækare enn kvantekreftine og kunne kvervle vatnet i fjorden som om det var eit liti glas vatn. Stundom vart ein og annan så tekin av utsikta at dei såg seg nøgd til å flytje hit. Alle — serlig grannane Martin og Marie — vart sjølvsagt glade for såleis. «No vart det då retteli» dugande folksliv her!» Men ikkje honom far — han vart aldri nøgd når detta skjedde, endå han var den med minst svartsinn i grenda. «Dæm må ikkje koma hit og tru . . . », sa han stødt, stirra mot Iskongjen og gav opp ordskiftet. Eg skjøna aldri heilt honom far — før seinare. Det gjorde ingen andre heller, og presten Olav kampest hardt med far om å få han til å tru på forandringa. «No kvædar vi ein ny livssong millom desse dalom» tykte Olav. «Då lyt de ikkj» syngj» ei så toskut ei vis’» fekk presten til svar.

Far kom i rein unåde for låg-gnålinga si. Men det fær vera til eit anna rit.

Med åra tyktest nok presten få rett. Det kom og gjekk med livet i grenda — likeså det gjer elles i verda. Men triårssomrane kom og rann bort, og folkeflaumen bringte med seg kronor åt ny TV i fellesstugu. Nyfolket kom, vart grannar med tida og tok til seg dialekten. Stundom såg Gud over krinsen og unna oss eit livsmirakel, og borna og andre livsvokstrar forma livsutsynet hos dei fleste. Det gjekk likare no enn det hadde gjort på fleire tiår, og vi smilte breidt åt Iskongjen. Han var feitare no, monaligare enn elles og fanga turistane som flugupapir. Far kunne framleis ikkje semjast med utviklinga som vart, men heldt fram med føringane sine over fjorden.

Så skjedde det noko. Mor bar fram litlebror min til verda, ein fødsel i grunn utan lyte. Ein dag vart ungen plutselig sjuk, rettelig klein og mesta tykt svikta tå livet. Stilt vart det i heimen, for alle for ikring og tenkte på det sama, og barnet laga ikkje til éin einaste lyd sjølv. Grannefolket gjekk i forbøn åt forfedrane — til stor fortviling åt presten, men sjølv der sprang protestantvitet bort. Heile stedslyden var reint desperate. Men brått ein dag kom det ein mann, ein nysgjerrig kar som heitte Eirik. Mannen var lækjar på fastlandet og fekk skipa medisinar åt Vokkostad. Med vikone vart barnet friskt att, sprudla liksom med liv og grein som ein frisk unge gjer. Far endra seg liksom, og såg plutselig meir og meir godt på omskiftet i grenda. Lækjaren vart forresten tilflytjar, og for fyrste gongjen sidan gamaltida fekk vi eigin lækjar.

Stødt vaks Iskongjen, og livet i grenda tok til å brøle meir enn før. I høgsesongen kom fleire og fleire frå grendom kring Vokkostad og søkte arbeid, millom dei brækbyggir og beindølir og breistadingar. Dei drakk og slost, og ein gong gjorde dei (i dugnad) frå seg på altaret åt presten. Presten vart likeså uroligare for kvar dag og krone som kom, og tok til å sette grannane opp mot kvarandre. No var det ikkje vokster lengir — det var kje noko livsdyktigt, men eitkvart i overvettes sjukt. Det gjald frelsa og helvetes-pina. Sjølv Martin tykte ikkje om utviklinga lengre, for Maria var nok for mykji med lækjardokteren. Eirik var ein kjekk kar, stadsmann og skipla om på ting i grenda meir godt var. Far meinte lell det var godt, «for her var det stilt vatn — det giftigaste som finst».

Det store ordskiftet kom aldri. Til mi overrasking slo grenda seg til ro, slik det oftast er der det er fåe folk. Vi gjekk reint med på vilkåra kravt av nytida. Far skula framleis på presten, og far fekk heller ikkje koma på nottverden. No var det rett ikkje mange kristne att på staden. Vi gjekk inn i ein livsens sommar, triårsomrane vart årlige og turistane mest brusa inn sjøvegen. Gode tidir var det au for far min, og han såg seg pent nøydd til å skaffe båtmotor. Søringane ville no sjå meir og meir tå Iskongjen. Dei fekk nyss om isaltarane på sørsida, der knapt eingong bræbyggir ferdest — og vart nyfikne som fy. Grannefolket bygde ein god og solid stige opp dit, rettelig pen om eg skal seia det sjølv. Vi var mesta heilt frie no. Det var ikkje det at vi vart rike, for turismen var framleis ei attåtnæring. Men vi vart modigare, og tora endelig klyve dei gamle stigane sjølv. Det var sannelig ei god tid.

Men det var ikkje nøgd med anna — enn at livet skrumpa inn sidan. Og med tida vaks Iskongjen seg større, la under seg veldige massar og kvelte beitet så geitine do (døydde) alle med ein. Vi høyrde han lo om notta, kasta ispilir mot vandrarstigane og breidde seg som ein Napoleon. «No tær han sund fjorden», skratta ho mor. Det var mykji ålvor i låtten hennar, og i ei kveldingsri fór ålmannshuset med flaumen. — «I minsto vart vi kvitt presten», tenkte far min for høgt. Grenda kom liksom under kuldegripet åt Iskongjen, dei fleste folka med.

Såleis kom det til at eg fòr frå Vokkostad. Det vart ei ny tid for meg.

Utan ho mor

Lukke til, sa mor — og heiv meg ut i ei merkelig verd. På hybelen ligg det haugar med klæde, utsliti pornoblad, kondom, tomatsaus på boks og med det heile. Eg, klokka er tvo på ettermiddagen. Angsten for studentlivet er litt som ein vond draum, så du helst vil svevne gjenom og sleppa heilt. Han mobbar deg liksom liti, du er så helsikes nervøs. Når du sjekkar pensumlista til matematikk, sjekkar ho deg au.

Nei, det var ikkje von for å gjera vitskap av det her. Eg kunne stirra så mykji på folk eg ville, sjå åtsiktane deira. Men det gav meg ikkje noko. Kvi eg elskar Henriette? Veit kje, ingen sa eg sku gjera det. Eg vart kasta inn i verda her, ingen spurde meg. Korso ballast hev ein? Lange gåturar på fjellet, hau!, men samstundes hev eg det ikkje. Det var då, ei anna tid. Sit eg og femnar om synapsar i hjernen, kanskje? Kanskje eg er galin. Nei, du. Ja, eg.

Kva skulle eg med kondoma, for resten? Eg er skitskræmt, skvetten som ein vængskotin spurv millom jervar. Einaste måten du byde meg på litt kos var om du nytta vald, og då ville eg berre overgjeva meg for å få det undan. Dette var elendigt, altså, sjølv til meg å vera. Korfor er eg slik? Kann hende — ja, kann hende. Skal eg late meg valdta av universitetet og berre få det undan? Laga litt rutine på det, på rein læst. Høyrt om folk som liver fleire ti-år i fangenskap, eg. Dei hev vel råd, om ein spør pent.

Eg freista ganga liti på gatu. Berre spasere litt, typisk gentleman, rolig — passa inn. Detta var ikkje så lett, det. Så mykji folk står i vegen stødt om, var det jo. Godt høve for å råka på nokon og måtta mulle fram eit svakt «orsak». Kann allereie venje meg til å vera smålåtin. Haha, eller som ein gentleman: «Fin bluse du hev, unge dame.» Nei, eg kann ikkje seia det — då kjem det jo fram at eg såg på brysta hennar. Huff. Kanskje flytja åt Kongo. Der går kvinnfolka utan klæde på toppen. Då slapp eg einfelt å seia noko som helst. Dei kann jo ikkje norsk.

«Takk, og lukke til», sa kjerringa med blomstrut bluse. Takk, du. Og brått står eg midt i stilla — står vi. Høyrer ikkje støyen og folka kring oss no. Noko merkeligt skjer, og nye lekkjor blir smidde i bakgrunnen.

Ei ny tid kjem åt Vokkon

Fjorden grin med folka sine under den ævelige dagsnotta. Smogen sløkkjer ildsjelane i den gamle grendæ, rett og slett sev dei. Sjølv dugnaden er gåin, vegine og skulebygget med. Eg søker sola på himmelen, men finn ho aldri. Borti der er framleis Vokkostad, meir vond og nøgd enn elles — i vetterkongjens vald. Jøkleelva hans vaskar ned skiten frå omskapinga av sommarbeitet. Og eg blir liksom sitjande der, kikande på fjellveggjen. Han er for brå — dei som kjem opp fer sjeldant ned att. Dei hev freista sjå sola og — funni ho. Skrottane finn vi dyra tyggjande på i sommarsprengjinga.

Det fantastiske skjer.

Ljoden braut med telen. Eit heilt land – sette i rørsle. Det gjekk brått frå eit døkt isblodlandskap til flammute kvelvingar i jorda. Ned med honom, ned med kong Vetter! Eg såg skiret, sette bommane føre, men let meg rive med. Ned med honom, no – ned med Iskongjen! Trompetar, bogar av ljom – sirene av brann! Flammekastarane og det verre reiv gjenom isen og inn i den heilage stilla åt kuldeslottet. Helvete fraus visst over no. Jo, — det saug gjenom i lufta i takt med slagorda. Det var liksom så alt surstoffet forsvann når folkedjupet tok til seg pusten att og kauka: Ned med honom, ned med Iskongjen! Riddarane fór, greip lansone og punktera ismaska. Det var endelig over, brått som dagen vetterstid.

Advertisements

8 thoughts on “Tri småsogor i eitt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s