Junkyens merkjelege stund

Vi sit på ei liti flis — jordi heiter ho — med eit likande glis. Og stutt — ser vi ut, ser vi ut? I verdsromi der stjernane heng — deim fell millom einannan og lyser oss heim. Og heimen er flisi vi kalla i stad, og nett herne gåta — ho gjer meg glad.

Eksosen svid liksom litt bak i halsen.

Det er ein junkys svivande og æventyrlege draum, mot det som elles er marerittet han flyktar frå. Den regnboga av fargor som let ljoset bryte gjenom det hóle skjelletet hans. Ein fell til ordspel i ein herleg rus. «Babylon? Eg fer held» åt Badelond.» Hovudet veks hundrade gonger sin eigentlege storleik — vaks kann hende meir enn det au —, opnar seg, smell upp! — vert ei krypt du kann utforske. Og frå grottetakjet heng veldige dryppesteinar, stalagmittar tå eit ego som smeltar og sidan stivnar til. Det glinsar med krafti åt eit heilt univers — eller nøyaktig éin junky. Han stendt midt i det, er ein nøgd med å tru, men vi kann berre gjeta sovori. Og med eitt er rusen forsvunnin, men junkyen stend fast i augneblinken. Blikket hans surfar dei ævelege tidom (tidene), ned tidsbylgjone med pyramidane og flygande romskip og apokalypsen og forvonleg frelsa.

Smerta finst ikkje. Nei, likeso gleda — inkje finst. Alt er berre alt ein vil ha, det gode og det vonde med. Mennesket veit ikkje kva dei vil ha og dei kann heller ikkje vilje det dei vil. Soleis er til å gruna langt og herdugt um.

Himmelkvelvingi lukkar seg. Sprøyta vinn ikkje å bli kald eingong. Det fær verta eit skot å nyo.

Or vegji, jævlar!

D’er såleis det er. Du veit korleis ein kastar seg ut i tidi og rid på ungdomsbylgja og vonar alt fer godt? Ein surfar gjenom detta med eit milebreidt dritsekk-glis og let gamlingane gå under for tsunamien. Rått er dét, å sjå når livet spring åt liv og veks over seg sjølv. Sidan fell bylgja til ro og trekk seg attende. Og du er nøgd med å tenkje yvi kva i alle dagar du hev vori med på no.

Såleis blir det eksistensialisme tå. Alle snakkar om at Jeppe drikk, men ikkje om kvifor Jeppe drikk. Eg drikk, derfor er eg til – eller drikk eg fordi eg er til? Moshpits, festar åt ni på morgonen og lange vandrartrekk åt eit eller anna nachspiel. Ungdomen vandrar visst ikkje mot der dei nye løysingane ligg, men kvar det finst alkohol. Men av alkohol blir det spel, og av spel blir det oftast ei eller onnor løysing lell.

Kann hende samfunnet berre er ein spøk som gjekk liti langt?

Det var no i minsto tid for å skrive brev åt honom far. Sjølingen likar å få brev, må vita. Det står til nokoleis, eg gjer på såleis — bla, bla! Pennen ligg fatt i handi og blekket kaukar på å få renne fritt — fritt som reinflokken, fritt som ei elv. «Hei, far, arbeidslivsnyltar! Eg ventar framleis på at du skal pensjonere deg, såleis at eg fær meg jobb.» Men jæja.

Det er noko eitkvart grått over det heile. Bakrusen heng att frå ei tid du knapt var der. Det vil seia, du var der, så vart du plutseleg endra — og gjort til noko nytt. Så stod eit nytt du der og maula på snus og banneord, slik ungdomar gjer.

Kvelpar er søte, men dei er ikkje like søte når dei stend utanføre døri di — attåt fem væpna politimenner. I hjarta alles ligg spira åt det gode. Og tek du ho bort, veks du til ein hól kjøttskrott — ein empati-bulldosar.

Eg sku ynskt eg kunne snakke i fargone — mange dei! Men menneski, vi er nøgde for svart på kvitt. To fargor berre og reint åleine, som to kvister der det skulle vori ein heil skog. Ein buddhist spurde meg: «Om eit tre fell i skogja, og ingen er der, lagar det då ein ljod?».

«Men, du — lagar ein revolusjon ein ljod om ingen høyrer han?»

Noko i likninga fell bort, må skje. Eg er ungdom. Høyr mitt nonsens.

Or vegji, jævlar!

Å leva med å eta (omkvæd for skulen)

Tidi då korsettet var mote er mesta gløymd – ei daud, støvlagd tid, liksom gøymt inst inni skapi åt Riksantikvaren. Kan hende vil vi ikkje hugse ho, sidan ho var stygg og full av brekte ribbein og rein liding for fagerdomen alle vil ha. No er det sikkert annleis. I dag er folki frigjorte – ordnar med pengane våre sjølve, utan innblanding frå overmakti. Alt er friviljug, og han som går mot fridomen, han går mot verdet åt individet.

Men så er vi der att. Værslet dirrar liksom, som om det er eksamen og svetta renn ned studentskolten. Ho tek seg varsamt over bringa. Skritt fram og så attende. Det kan ikkje vera så. Jenta slær ut eit gisp og stirar daudt inn i eit nervøst, stille rom. Ho har funni noko vondt — noko tyngjande som gror på ho. Det er verre enn ein kreftsvulst. Det er ein klump feitt.

Modernismen vår går god for silikonbryst, feittsuging og injeksjonar med Botox – like godt for menner som for kvinnor. Så langt har i alle fall likestillingi komi. No ber alle korsettet under huden, som Solveig Aareskjold skriv så sprækt i «Amalie Skrams tvangstrøye». Det finst ikkje råd for at ting går att. Fagerdomsidealet er ein gjengangar, eit slags spøkjelse som rid gjennom verdi og herjar for ungfolk like godt som for dei gamle.

I minsto er det no likestilling. Det er ikkje berre kvinnfolki som lir for idealet i dag. Unge menner skal bera sekspakning på magen og ha skuldrar breie som låvedører. Kreatintilskot er eit must om ein skal bli ripped, og ikkje heilt få treningsprogram lovar 200 % muskelauke og 80 % feitt-tap etter fire vekor. Sånn sett er det ikkje merkeleg at vi høyrer fleire og fleire rapportar i media om anoreksi mellom unge gutar. Det er eit teikn i tidi.

På hi sida skal kvinnfolki vera spinkle og tunne. I reklamebransjen er retusjering utbreidd, kvar dei tek bort det som det er for mykje av på modellen. Meir enn 3 % kroppsfeitt? Bort med det! Musklar på armane? Huff då, bort med det! Stundom går dei det litt for langt, eller gjer det reint klønut, slik at hovudet åt modellen ser urimeleg stort ut. Det er også eit teikn i tidi: Vi ser mindre og mindre ut som menneske, meir og meir ut som Bratz Dolls.

Endå går utviklingi i veg. Det skjer i ei rivande fart, og det er heller uklårt kvar målet eigentleg ligg. Lady GaGa steller seg i nyaste rekkja av merkelege framvokstrar. Motebiletet er absurd, oftast provoserande og alltid veldig, veldig naki (nakent). Ein er mesta nøydd til å kalla det for ein slags fetisjisme, med klår vekt på isme. Det er eit salspoeng. Ho vil vera så ser som mogleg for å selje meir, og med sit fansen hennar og tek til seg det heile. GaGa er vår Marilyn Monroe, og i likskap med Monroe, så fremjer ho eit kroppsideal som er umogleg å nå. Det er rett og slett for tunt. Berre at det no er litt meir absurd enn føre, litt som om moderniteten er rusa på noko – eller seg sjølv.

Det går sjølvsagt å gje somme skuldi for herne utviklingi. Somme meiner ho høyrer til dei homofile. Dei lagar visst nok mote for syltunne og lite feminine kvinnfolk, såleis at dei ser ut som unge mannfolk. Andre meiner det er reklamebransjen. Einkvan meiner nok au det kjem av pornografi, eller kan hende «den jødiske sodomiundervisingi» åt Arbeidarpartiet (Geirr Tveitt om seksualundervisingi, parafrasert). Lell er det vanskeleg å sjå kva godt som skal koma ut av ei slik heksejakt. Såleis er berre teikn i tidi, dei med.

For det var altså dette med teikni i tidi. Kva tyder dei? Står vi no ovanfor ein revolusjon imot feminismen? Då må vi fyrst lure: Vann eigentleg feminismen over samfunnet? Nett i Noreg er ein nøgd med å tru at kvinnerørsla fekk gjennom kravi sine. Dei stod med parolane og krav jamstelling, fridom for kvinnfolki og dekonstruksjon av patriarkatet. Det vart ein stor kamp som gjekk over mange tiår. Men sigra dei i strevet om samfunnet?

Det siste hundreåret har vori merkt av ei rivande teknologiutvikling. Ein kan faktisk hevde at det var vaskemaskinar, ikkje opprop, som fekk kvinnone or heimen. Meir effektiv transport gav oss daglegvarebutikkar, som att søkkte småbrukarsamfunnet. Det vart ei stor omvelting av samfunnet, og sidan fekk vi barnehagar og barne-TV. No sit dei – kvinnfolki – i arbeid, med borni er i barnehagen og mannen sit føre TV-skjermen. Det kan altså vera at feminismen ikkje vann lell, men marknadsøkonomien – i lag med ein feministisk retorikk.

I så fall lyt vi spørje: Kva var då frigjeringi godt for, eigentleg? No er kvinnfolki mesta frie, så fort dei fær likeløni si, og mennene har alltid vori sjølvrådande. Og såleis vart alle frie – men i hovudsak frie forbrukarar, og framleis under krefter større enn oss sjølv. Og marknadsøkonomien krev nok eitkvart offer på altaret: Vi outsource-ar sjølvverdet åt næringslivet. Det er ikkje lenger støpte former vi kan gå beint inn i. Det er derimot eit veldig rimeleg tilbod om 50 % feitt-tap, og vi lyt ikkje seia nei til såleis.

Hittil har eg kan hende vori litt sleim og sikkert urettferdig mot somme. Vi mun aldri gløyme at ei samfunnsutvikling skjer med mange partar. Her finst det au polar som går tidi imot. Fleire motemagasin, til dømes Vogue, tek i bruk fagre (kraftige) kvinnfolk for å syne fram nye klede. Dei fyller kleda ut, er argumentet deira. Det ligg kan hende noko der. Raud Ungdom vil ha obligatorisk merking av retusjerte bilete, just som ein finn på tobakksprodukt. Eit dårleg sjølvbilete kan vera minst dårleg for helsa, meiner dei. Nokon kallar det eit inngrep frå det offentlige. Men på hi sida blir det eit heller eit lite inngrep i høve til reklamemengdi som elles skyller innover oss frå dag til dag. Slike ordskifte må nok til i vår tid.

Det er også slik at marknadssamfunnet har opna nye høve for mange. I Kina stig milliardar or fattigdomen, og i lisle Noreg skryt vi sprækt av klassemobiliteten. Ting går ikkje alltid mot det verre. Amalie Skram skreiv om dei usynlege kreftene som styrer oss. I det gamle bondesamfunnet var ein nøydd til å stå der ein vart plassert, i eit klassesamfunn likeså. Og nett klassemobiliteten har opna kan hende aller mest for kvinnfolki, som no ikkje lenger er bundne åt gardsstell, men kan gå karrierevegen. På herne måten er dei langt friare.

Den ævelege problemstillingi vi eigentleg stend ovanfor, er kven vi skal vera som einskildmenneske. Marknadsøkonomien har si løysing: individualismen og draumen om sjølvrealiseringi. Bondesamfunnet hadde ei anna, der ein var som støypt i stein. Båe løysingane verkar på måte uturvande (udugelege). Marknadsøkonomien er ikkje for dei fattige, og bondesamfunnet er ikkje for dei dynamiske. Er det mogleg å bli verkeleg fri?

Såleis finn vi det eigentlege spørsmålet: Blir ein – eller kan ein bli — fri som einskildmenneske? (enkeltmenneske) Vi er jo ikkje berre individ, men vi er no nettopp det au. Vi er fødd inn i fellesskapen, men fellesskapen kjem også frå oss. På ein måte vil vi leva i fred, men samstundes ikkje i korso som helst fred. Menneski er samansette som fy, dei.

Det ser nok heller ikkje ut til at vi fær svaret med det fyrste. Det er ikkje råd for anna, di det må skje ei utvikling før vi veit utfallet. Det er lettare å vera klok på ettertidi enn framtidi, for tankar om framtidi tykkjest oftast vera litt for gjæve. Vi vart lova fridom, men vann han ikkje likevel. Kan hende er det ikkje råd for å vita kven vi er, når vi aller mest er?

Jord og jarn — jol å jann

Nidaros 14/01/11 — Frå Trondheim renn vassdropone, tårone eller kva du skal kalla dei. Det er litt som å sjå til ein bekk, eller ei demning med kulehól i seg. Blir om stund til større flaumar, renn meir, vaskar landskapet fritt for skit og minni frå manneslekti. Så støyter vellingane inn i jarnporten — og blir der og rustar i lag.

Nett blodet og jarnet snakka ein sprækt om for somtid attende i Tyskland — den tidi dei hadde barske uniformar og det heile. Blodet fall sidan frå. Nasjonalstaten vart til borgarstaten og definera om til eit monopol på valdsbruk i eit avgrensa geografisk område. Og jordi og jarnet stend såleis att. No blir Maria Amalie kasta ut or landet. Vi, borgarfolket, finn oss ikkje i detta.

Det er overvettes kaldt, barsk vêr liksom ein vind av menthol. Eg reiser kollektivt og faldar tankane mine med eg sit. Einaste varmen du fær er frå bussen, femtan minutt forsinka — men lell med godsyn når han endeleg kjem. Eg hev levt berre sånn halvvegs den siste tidi. Tjuvsøvni tek opp dagane mine og slepp meg ikkje før nottetimane kryp på. Eg blir rett og slett rana for dagstimar.

Have you seen pastures groovy? Green Pastures was just a Technicolor movie.

Eg kjem åt Torgålmenningen 17:01. Her er det mykji folk — her er det minst tri-hundre, eit retteleg godt tal for Trondheim å vera. Eg tenkjer kor rart det er å kaste ut ein person som snakkar trøndersk. D’er mange som elles skulle fori — hovudstups — ut porten åt Ladejarlane. Og så byrjar dei å kaste ut ord på ord frå tribunen. Ei slags stump klapping tek til, rik på bass frå vottone som slær mot einannan. Ungdomen frå Amnesty gjev eit godt og rungande ord, likeså ho frå Norsk Folkehjølp og Guri Melby frå partiet Vinstre. Og så . . .

Pang.

Skjer det reint store! SOS Rasisme fer opp den lange tribunen og talar. Den reine stilla herskar ei stund, men så smell det ei djup, sosialt medviti folkerøyst. — Stat-leg ras-is-me, stat-leg ras-is-me! Trampingi frå publikum tek til — detta blir vilt! — Meld deg inn i SOS Rasisme. Vi med gode holdninger skal ta makta nå! Så vart det til støveldans, og bodi opp med lut og til fans. Ein kar frå Studenterforbundet åt Høgre freistar tale, men fånyttes. Vilja er borte; egoet mitt var tapt i klimaks og eg smeltar liksom inn i fakkeltoget. Folkepakken renn ned frå Torget, langsmed Vår Frue Kjirke og vidare åt Studentersamfundet via Bakklandet. Der tenner vi eit stort bål! Galskapen veks meir, dansande som hekser kring bålet, dansande kring frifondmidli åt SOS Rasisme. Vi ordskiftest høgt, pratar om det nye mennesket og kva som skal koma med vår nye tid.

Hylande som nokre stammefolk utan asylhøve.

Såleis gjekk det til at Marie Amalia fór ut or landet vårt. Vi vart alle galne.

Det vart med vinen

Og eg kom til å tenkje yvi verdi på høg- og lågsida. Det var så mykji å sjå no til dags — alle desse syni som låg rett føre oss. Eg lista opp: utsyn for utgifter i staten, statleg innsyn, statleg fjernsyn, bjartsyn for økonomien, frisyn og kva det ikkje no sku vera! Og det var mesta så eg skjemta åt honom Martin om detta — eit teit ordspel, du veit, «fri—syre». Men det vart ikkje med meir enn tanken, for vinen stend i vegen for kjeftbruken lell.

Beini hans bar alkoholen nokså bra — Martin gjekk frametter og attetter, togg på eitkvart som sorts til filosof. Noko klokt skulle renne frå den kjeften der, tykte eg — vona eg i alle fall, for Martin var skræmande til stille kar for tidi. Han måtte i alle fall bli snakkande snart, elles vart eg det.

Ikkje noko prat . . . Klokskapen må berre våge koma no.

Men han kjem ikkje held.

Må vel opne kjeften då, og nemne eitkvart. Du veit, desse ideane du fær.

Dei vakre ideane some tek liv . . .

— eller dei stygge ideane som ikkje tek liv, held deg i livet og pinar deg ut som eit dyr. Det er dei som driv verdi no om dagjen. Såleis liver eg her i byen — dregi mot der, dregi mot detta og herne og langt bort. Var eg muslim, ville eg ynskt meg til paradis no; som kristen, åt himmela med honom Jesus. Det er bylgjor med sal og tal rennande nedyvi heile byplanet. Du ser dei griske augo, rusa på gryn og stirrande daudt som ein heroinist inn i deg. «Detta er ein tom skrott, eigaren hev forlati honom for lengi sidan», tenkjer du. Og Nietzsche kastar ut eit kvelande rop frå botn av bylgjeskvulpi til sjelslivi: «Når du stirar inn i tomromet, stirar tomromet au inn i deg!»

Kva du tykkjer om detta, Martin? Er eg heilt gælin, hæhaha?

I denna augneblinken slær det meg — Martin er daud. Det vil seia, han hev aldri vori levande. Han er ein kleshengar. Eg drikk åleine, eller om du vil — til lags med eit stykke kopartråd. Eg veit ikkje kven av oss som kjem mest til skams — han eller eg. Tenkje seg å lure meg heile tidi til å tru han var vandrande menneske i kjøtskrott og hadde nett dei sama interessene som meg.

Fy fan, eg er lettlurt.