Det vart med vinen

Og eg kom til å tenkje yvi verdi på høg- og lågsida. Det var så mykji å sjå no til dags — alle desse syni som låg rett føre oss. Eg lista opp: utsyn for utgifter i staten, statleg innsyn, statleg fjernsyn, bjartsyn for økonomien, frisyn og kva det ikkje no sku vera! Og det var mesta så eg skjemta åt honom Martin om detta — eit teit ordspel, du veit, «fri—syre». Men det vart ikkje med meir enn tanken, for vinen stend i vegen for kjeftbruken lell.

Beini hans bar alkoholen nokså bra — Martin gjekk frametter og attetter, togg på eitkvart som sorts til filosof. Noko klokt skulle renne frå den kjeften der, tykte eg — vona eg i alle fall, for Martin var skræmande til stille kar for tidi. Han måtte i alle fall bli snakkande snart, elles vart eg det.

Ikkje noko prat . . . Klokskapen må berre våge koma no.

Men han kjem ikkje held.

Må vel opne kjeften då, og nemne eitkvart. Du veit, desse ideane du fær.

Dei vakre ideane some tek liv . . .

— eller dei stygge ideane som ikkje tek liv, held deg i livet og pinar deg ut som eit dyr. Det er dei som driv verdi no om dagjen. Såleis liver eg her i byen — dregi mot der, dregi mot detta og herne og langt bort. Var eg muslim, ville eg ynskt meg til paradis no; som kristen, åt himmela med honom Jesus. Det er bylgjor med sal og tal rennande nedyvi heile byplanet. Du ser dei griske augo, rusa på gryn og stirrande daudt som ein heroinist inn i deg. «Detta er ein tom skrott, eigaren hev forlati honom for lengi sidan», tenkjer du. Og Nietzsche kastar ut eit kvelande rop frå botn av bylgjeskvulpi til sjelslivi: «Når du stirar inn i tomromet, stirar tomromet au inn i deg!»

Kva du tykkjer om detta, Martin? Er eg heilt gælin, hæhaha?

I denna augneblinken slær det meg — Martin er daud. Det vil seia, han hev aldri vori levande. Han er ein kleshengar. Eg drikk åleine, eller om du vil — til lags med eit stykke kopartråd. Eg veit ikkje kven av oss som kjem mest til skams — han eller eg. Tenkje seg å lure meg heile tidi til å tru han var vandrande menneske i kjøtskrott og hadde nett dei sama interessene som meg.

Fy fan, eg er lettlurt.

Advertisements

4 thoughts on “Det vart med vinen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s