Å leva med å eta (omkvæd for skulen)

Tidi då korsettet var mote er mesta gløymd – ei daud, støvlagd tid, liksom gøymt inst inni skapi åt Riksantikvaren. Kan hende vil vi ikkje hugse ho, sidan ho var stygg og full av brekte ribbein og rein liding for fagerdomen alle vil ha. No er det sikkert annleis. I dag er folki frigjorte – ordnar med pengane våre sjølve, utan innblanding frå overmakti. Alt er friviljug, og han som går mot fridomen, han går mot verdet åt individet.

Men så er vi der att. Værslet dirrar liksom, som om det er eksamen og svetta renn ned studentskolten. Ho tek seg varsamt over bringa. Skritt fram og så attende. Det kan ikkje vera så. Jenta slær ut eit gisp og stirar daudt inn i eit nervøst, stille rom. Ho har funni noko vondt — noko tyngjande som gror på ho. Det er verre enn ein kreftsvulst. Det er ein klump feitt.

Modernismen vår går god for silikonbryst, feittsuging og injeksjonar med Botox – like godt for menner som for kvinnor. Så langt har i alle fall likestillingi komi. No ber alle korsettet under huden, som Solveig Aareskjold skriv så sprækt i «Amalie Skrams tvangstrøye». Det finst ikkje råd for at ting går att. Fagerdomsidealet er ein gjengangar, eit slags spøkjelse som rid gjennom verdi og herjar for ungfolk like godt som for dei gamle.

I minsto er det no likestilling. Det er ikkje berre kvinnfolki som lir for idealet i dag. Unge menner skal bera sekspakning på magen og ha skuldrar breie som låvedører. Kreatintilskot er eit must om ein skal bli ripped, og ikkje heilt få treningsprogram lovar 200 % muskelauke og 80 % feitt-tap etter fire vekor. Sånn sett er det ikkje merkeleg at vi høyrer fleire og fleire rapportar i media om anoreksi mellom unge gutar. Det er eit teikn i tidi.

På hi sida skal kvinnfolki vera spinkle og tunne. I reklamebransjen er retusjering utbreidd, kvar dei tek bort det som det er for mykje av på modellen. Meir enn 3 % kroppsfeitt? Bort med det! Musklar på armane? Huff då, bort med det! Stundom går dei det litt for langt, eller gjer det reint klønut, slik at hovudet åt modellen ser urimeleg stort ut. Det er også eit teikn i tidi: Vi ser mindre og mindre ut som menneske, meir og meir ut som Bratz Dolls.

Endå går utviklingi i veg. Det skjer i ei rivande fart, og det er heller uklårt kvar målet eigentleg ligg. Lady GaGa steller seg i nyaste rekkja av merkelege framvokstrar. Motebiletet er absurd, oftast provoserande og alltid veldig, veldig naki (nakent). Ein er mesta nøydd til å kalla det for ein slags fetisjisme, med klår vekt på isme. Det er eit salspoeng. Ho vil vera så ser som mogleg for å selje meir, og med sit fansen hennar og tek til seg det heile. GaGa er vår Marilyn Monroe, og i likskap med Monroe, så fremjer ho eit kroppsideal som er umogleg å nå. Det er rett og slett for tunt. Berre at det no er litt meir absurd enn føre, litt som om moderniteten er rusa på noko – eller seg sjølv.

Det går sjølvsagt å gje somme skuldi for herne utviklingi. Somme meiner ho høyrer til dei homofile. Dei lagar visst nok mote for syltunne og lite feminine kvinnfolk, såleis at dei ser ut som unge mannfolk. Andre meiner det er reklamebransjen. Einkvan meiner nok au det kjem av pornografi, eller kan hende «den jødiske sodomiundervisingi» åt Arbeidarpartiet (Geirr Tveitt om seksualundervisingi, parafrasert). Lell er det vanskeleg å sjå kva godt som skal koma ut av ei slik heksejakt. Såleis er berre teikn i tidi, dei med.

For det var altså dette med teikni i tidi. Kva tyder dei? Står vi no ovanfor ein revolusjon imot feminismen? Då må vi fyrst lure: Vann eigentleg feminismen over samfunnet? Nett i Noreg er ein nøgd med å tru at kvinnerørsla fekk gjennom kravi sine. Dei stod med parolane og krav jamstelling, fridom for kvinnfolki og dekonstruksjon av patriarkatet. Det vart ein stor kamp som gjekk over mange tiår. Men sigra dei i strevet om samfunnet?

Det siste hundreåret har vori merkt av ei rivande teknologiutvikling. Ein kan faktisk hevde at det var vaskemaskinar, ikkje opprop, som fekk kvinnone or heimen. Meir effektiv transport gav oss daglegvarebutikkar, som att søkkte småbrukarsamfunnet. Det vart ei stor omvelting av samfunnet, og sidan fekk vi barnehagar og barne-TV. No sit dei – kvinnfolki – i arbeid, med borni er i barnehagen og mannen sit føre TV-skjermen. Det kan altså vera at feminismen ikkje vann lell, men marknadsøkonomien – i lag med ein feministisk retorikk.

I så fall lyt vi spørje: Kva var då frigjeringi godt for, eigentleg? No er kvinnfolki mesta frie, så fort dei fær likeløni si, og mennene har alltid vori sjølvrådande. Og såleis vart alle frie – men i hovudsak frie forbrukarar, og framleis under krefter større enn oss sjølv. Og marknadsøkonomien krev nok eitkvart offer på altaret: Vi outsource-ar sjølvverdet åt næringslivet. Det er ikkje lenger støpte former vi kan gå beint inn i. Det er derimot eit veldig rimeleg tilbod om 50 % feitt-tap, og vi lyt ikkje seia nei til såleis.

Hittil har eg kan hende vori litt sleim og sikkert urettferdig mot somme. Vi mun aldri gløyme at ei samfunnsutvikling skjer med mange partar. Her finst det au polar som går tidi imot. Fleire motemagasin, til dømes Vogue, tek i bruk fagre (kraftige) kvinnfolk for å syne fram nye klede. Dei fyller kleda ut, er argumentet deira. Det ligg kan hende noko der. Raud Ungdom vil ha obligatorisk merking av retusjerte bilete, just som ein finn på tobakksprodukt. Eit dårleg sjølvbilete kan vera minst dårleg for helsa, meiner dei. Nokon kallar det eit inngrep frå det offentlige. Men på hi sida blir det eit heller eit lite inngrep i høve til reklamemengdi som elles skyller innover oss frå dag til dag. Slike ordskifte må nok til i vår tid.

Det er også slik at marknadssamfunnet har opna nye høve for mange. I Kina stig milliardar or fattigdomen, og i lisle Noreg skryt vi sprækt av klassemobiliteten. Ting går ikkje alltid mot det verre. Amalie Skram skreiv om dei usynlege kreftene som styrer oss. I det gamle bondesamfunnet var ein nøydd til å stå der ein vart plassert, i eit klassesamfunn likeså. Og nett klassemobiliteten har opna kan hende aller mest for kvinnfolki, som no ikkje lenger er bundne åt gardsstell, men kan gå karrierevegen. På herne måten er dei langt friare.

Den ævelege problemstillingi vi eigentleg stend ovanfor, er kven vi skal vera som einskildmenneske. Marknadsøkonomien har si løysing: individualismen og draumen om sjølvrealiseringi. Bondesamfunnet hadde ei anna, der ein var som støypt i stein. Båe løysingane verkar på måte uturvande (udugelege). Marknadsøkonomien er ikkje for dei fattige, og bondesamfunnet er ikkje for dei dynamiske. Er det mogleg å bli verkeleg fri?

Såleis finn vi det eigentlege spørsmålet: Blir ein – eller kan ein bli — fri som einskildmenneske? (enkeltmenneske) Vi er jo ikkje berre individ, men vi er no nettopp det au. Vi er fødd inn i fellesskapen, men fellesskapen kjem også frå oss. På ein måte vil vi leva i fred, men samstundes ikkje i korso som helst fred. Menneski er samansette som fy, dei.

Det ser nok heller ikkje ut til at vi fær svaret med det fyrste. Det er ikkje råd for anna, di det må skje ei utvikling før vi veit utfallet. Det er lettare å vera klok på ettertidi enn framtidi, for tankar om framtidi tykkjest oftast vera litt for gjæve. Vi vart lova fridom, men vann han ikkje likevel. Kan hende er det ikkje råd for å vita kven vi er, når vi aller mest er?

Advertisements

4 thoughts on “Å leva med å eta (omkvæd for skulen)

  1. SV: Du hadde rett, jeg fant det interessant. Nok en gang har du beskrevet vonde problemstillinger med et vakkert språk -takk for at du deler det med meg og andre. Klem fra meg. Og du. Takk.

  2. det er godt, dette! godt innhald, og godt å sjå målet åt far min i skrift, for ei gongs skuld. det er berre hjå deg og Duun eg finn det :)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s