Det fer med straumin

Eller kann hende mot. Det glapp eitkvart utor kjeften åt ein —. Draumane om eit fritt Jamtland fekk liksom fara fritt, og rommet stod til applaus. Ein gnist var tend. Fyrst kom låtten, og med han — så kom ropi sidan. Ei flamme breidde seg over frå eine hysteriske gliset åt det andre, brann ned i ryggbeinet og sette sjeli i kraftig loge. Og smellet brekte opp storkjeftane, så dei let laus veldige glosor om svenskeåket og EU. Og vasskrafti som var der! Hydroverki deira som flørta med kalde trønderarheimar over grensa, med vi sende straumen mest åt kontinentet. Det hang ikkje på grip i det heile, detta.

Eg såg meg i kring eit rom eg ikkje hadde kjent att tidlegare på kveldssætet. Det var som å sjå til nytt folk, men ein vart liksom vonbroti, for detta var eigentleg folk ein meinte å kjenne godt. Eg skjøna då at eg berre kjende ein haug med steinar — ikkje rettelege folk, såleis. Trykket i rommet tok til og sprengde vindauga sunder som når ei torebyge slær ned rett ved. Steinskrottane stivna til, heiv tå lag på lag med granitt og strøydde kringom med kvarts. Det vart litt som om helvete flytte seg eit steg opp og koka dei i hel. Vanvitet! Og utor dei sprukne kroppane steig det kjempar, liksom jotunen, spræke og høge som alle dei ambisjonane eg hev sett gå under for tidi og finanskrisa. Dei kauka, jau, mest brauta eitkvart slags kjempemål — som om ingen av dei andre eigentleg skjøna kva dei andre sa.

Det vart om eitt stillt. Men berre med det, og hoingi tok til att, likare enn før og kraftigare. Troll spelte opp med fela og heia opp Gamal-Sjur*. Noko bryggja, utan at det eigentleg var så lett å fatte det med det gjekk til. Golvet brast — ein jotun reiv det opp. Dei grov og grov, som arbeidsmenner med dei hyla og skreik som berre galningar gjer. Så tok dei til ro og kravla ned til avgrunnen. Invasjon av Jemtland med underjordisk tunnel vart det. Visst var det norskt. Jamtland ævi vera fri. Fuck Svearike.

* Djevelen, eldre trøndersk.