Vanvit og målsak i helgja

Eg er overvettes sveitt og stirar mest utover, alt med hovudet — gryta som hjernen ligg i — kokar over og svir hjernematen. Går folkemillom og tygg liksom snus som jorten gjer med bjørkerisen. Eg segjer åt meg sjølv: «I minsto fem hundre russarar her!» — frå kampen Norig-Russland. «Og jaggu jamt like mange frå landsmøtet åt SV.» Eitt um eitt ser eg dei kjende fjesa, soleis dei kryp fram ikkje ulikt spøkjelsa i heimsøkte tjørn. Ho rinn fram og trekk meg inn. Det er eit kjent tryne frå Sunnmøre.

— «Kver hadde du tenkt deg?»

Det gjeld ikkje meg lell. Eg fer vidare inn og kampar mot svartekunstane åt kaffipusharane på kvart hyrna. Men no går vel historia feil veg. Lat oss ta til frå fyrstninga.

Det er sterke krefter attom når ein trønder gjev upp alkoholen og sum tid for ei hanga ei helg med det som jo er mest vestlendingar. Når han stend upp klokka 05:00 på ein fredagsmorgon for å fara med flyget. Når han legg burt dativen for å gjera seg forstandi åt sikkerheitsvaktom(!) på Gardermoen. Men det er som med dei kristne og Jesus åt deim. Alt for Aasen. Vi reiser åt framandt land for å spreie det gode ordet.

For resten mun venskapen vår med Aasen vera personleg. Personleg nynorsk, personleg Frelsar. Og som sume nynorskingar kom til å tala um: «Det gjaldt å få det fyrste skotet (rusen) med nynorsken» Vere det ei uppmoding åt dei med sans for lovlege rusmiddel. Nynorsken er vel ikkje reint forboden enno, utan i dei store riksavisene på www og prent.

Men d’er ikkje reint so usjølviskt som eg læst, må du endeleg vita. Trøndervêret er skræmande i umskifte og dét tidt. «Vi må nok smøre oss med tolmod, framfor solkrem, vi som ventar på våren» tala einkvan um. Det er gjævt å koma seg undan. Og mindre gjæv blir ikkje flygturen nedom. Eg blir å tala med ei frå Finnmark og ein masterstudent frå Kina um det meste som fell under ytringsfridomen. Endåtil eit godt stykke um straumkrisa, atomkreftene og den norsk fjøllheimen. Det blir ikkje likare enn slikt.

Framreisa Oslo. Utedassane åleine er større enn leilegheita mi — eit sjå i seg sjølv, utan at ein er nøgd med å tru det er for di Oslofolket er store rasshòl. For resten vart det ein gong atti helga prat og skrytord um kva for stad som hadde dei største kebabane. Bergen vann med to armslengder. Trønderen i meg ymta detta måtte vera av di bergensarane er so store i kjeften. Praten fall åt stillheit. Men nok med det! Skrivarstugu byd på den framifrå kaffien sin og kakeskive (brød) med smør. Sidan fer det åt landsmøte. Eller åt hundom, um du vil.

Kaffien gjer sitt og kveikjer trønderen frå sinnskvila mi.

Eg kjem i hug ei strofe frå Olav Nygard:

Du dreg meg gåtefullt til dine hallar
der himeldrykk i stråle-kvervlar skin,
med sfæresong og svaneånder kallar
mi jord-forkjøvde tru or dvale-lin.

Eg tek til nynning. Trøndern er vakjin, «n!. Med eitt slær Jamtlann-songen inn på øyreklokkone mine. Stunda blir læst til musikken og tida stoggar um litt upp, tykkjer eg. Det blir kaldsveitting, sidan slags froding med snysspyttet — det går til å lukte friskast» frau frå Inn-Trøndelag. So stend eg plutseleg med svenskegrensa. Fantasiane um eit fritt Jemtland er for kraftige, tek over. Eg kann kje stå, eg skjelv. Men til råd finst det no endå sitjeplassar på trikken mot Ljabru. Alltids på veg mot vestkanten på austkanten.

Og snøgt er eg der. Signe kollektivtrafikken.

Fyrste forretningsdagen. Forretningsordenen blir fylgd til kuttet. Vebjørn helser inn årsmeldinga og opnar ordskiftet. Enoksen pratar so sprækt det er råd um rekneskapen — dyktigt, må vita! Sidan kjem helsingstalone.

Fyrst ut er Ungdom mot EU, dinæst Senterungdomen. Dei leider inn ein raud tråd som held fram ut landsmøtet: Målrørsla var — etter talande — meir engasjert mot EØS på 90-talet enn for reint målstrev. Det er ei metarørsle, um ein vil: Kampen mot sentralisering, vera seg språkleg eller kulturell eller politisk, og eit ynskje um å lyfte grasrota. Eller rettare: Snu verdskringla på hovudet og få ho til å taka næring frå det levande og folkelege. I dag er det vel stykkjom-til folket som hakkar på røtene åt verdstreet Yggdrasil, der rikmenner, byråkrater og riksmålsfolk sit i greinone og flirer ned på småkår.

Sidan kjem leidaren og praterar eitkvart um eitkvart, dertil um lærarutdanninga. Mange hev vel tenkt vi må møte folket der nynorsken blir ei pine, nemleg ungdomsskulen. Ein bodskap med positivt forteikn fylgjer langsmed heile vega. Jau, tala — ho er retteleg god, femfelt gonger god enn ordet mitt, men ho manglar krydder frå Telemarken. Det vantar ikkje på replikk for dét. Eg melder meg og fer upp te snakke: «Flott prat, men eg sakna Vinje i hena. So eg fær duge nok. Eit umkvæde, um eitt . . . »

«Nynorskhatarane! Det er tittelen, altso . . . » Eg les upp:

Med pennane sino dei ikring seg slær,
som einkvan, sint, gamall mann.
Og soleis dei si rose fær,
af deim, som likso litit kann.

Sidan talar andre, hjå dei leidaren for Noregs Mållag. Høvdingen snakkar åt småhøvdingane. For målrørsla er liksom ein samling høvdingar, som alle fer i kring med sitt og slær eit slag for krinsane sine. Han reiser seg, blir større enn furutoppar og kastar ut eit jotunbrøl. Og liksom jotnar talar han ikkje reint, men i likningar: Målungdomen, dei ero som den flytande stearinen i eit ljos. Dei er frie radikalar, ligg nærast flammen og gjev næring åt logen — før dei kjenner byrda på skuldrane og stivnar til med åra.

Seinare i kvelden kjem eg i vite at eg saknar sovepose og liggjeunderlag. Men det fær mone godt med frakken for ein nordtrønder, det er endåtil plussgradar utanfor. Vi et mat, driv spel og pratar um revolusjonen og trøndsk grammatikk til vi blir utasa og fører mot sænga. Eller golvet, som det gjeld ein og annan uheldig trønder.

Eg fær det vondt med å sova. Ikkje berre for di golvet kann vera litt mindre mjukt enn eg helst lika, men au for di eg er uroleg for godteriskåla på talarstolen. Sume tek meir av hena enn godt råd er. Sukkeravhengigheit er no ikkje eit gode, men til lyte.

Andre forretningsdagen. D’er frukost, d’er kaffi og d’er sidan handsaming av arbeidsprogrammet, i minsto ordskiftet føreåt. Budsjettet kjem upp att og fråsegnene blir dinæst melde åt forsamlinga. Det blir mykjen pause imillom og vi blir nøydd til å gjera upp tida med song og soleis. Jamvel trønderhøvdingen Hans Rotmo er å finne i tekstbolka, kor som varmar trønderhjarto, di vestlendingane faktisk greier å herme etter tonelægjet.

Det slær meg at noko må vera i gjerdom. Eg ser syn um litt, av store trønderherar stelte ratt uppmot Storli. Skjegga deira speglar seg i myrvatn og blir slags skjold mot augo åt einstirande svenskeramp. Men det er ikkje ekte, det veit eg. Trønderar slæst ikkje på helgardagar. Men bilætet er sterkt nok til at det held ved, og eg går stammande resten av landsmøtet. Kann hende var det søvnløysa eller kaffien som gjekk til å slå hena i hel.

Det kjem til endå nokre talor, dei au vituge og kloke. Hege Myklebust snakkar um ein nynorsk utan idealer: Kva kann nynorsken gje dei som snakkar likare og likare bokmål, um nynorsken berre var for talemålsnærleiken? Ho fær replikk mest frå austlendingane, som er samde og ausar kjensgjerningar utor alt dei hev røynt. Jaggu hev nynorsken noko for alle: Ein meir munnleg stil, utan substansjuka og perverse passivkonstruksjonar. Og trivelege dikt. Kaffien er ikkje heilt dårleg, han helder.

Det blir middag og minikonsert. Nemndsarbeid fylgjer og går likare til enn ein skulde tru. Eg slær um døgnet og sit uppe åt klokka fem med sælt folk. So kjem endeleg søvnsvivet i fire timar.

Tridje forretningsdagen.. Alt går so radt no, må eg segja. Her er det ingen ruskomsnusk eller usemje. Framlegg inn, fråsegn ut. Det blir rudd og vi fer inn mot Grønland att. Æventyret er ved ende for herne gongen.

Advertisements

2 thoughts on “Vanvit og målsak i helgja

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s